Ei familiebedrift med over hundre års historie.
Ei familiebedrift med over hundre års historie.

Nye krefter på Tuva

Midt i det kvite landskapet på Hardangervidda ligg Tuva Turisthytte. Ho badar i solskinnet etter fleire dagar med kraftig vind.

– Me hadde ikkje prøvd oss som vertskap om me ikkje ville, fortel Mailiza Flataaker Schindewolf (30).

Artikkelen held fram under annonsen.

Me hadde ikkje prøvd oss som vertskap om me ikkje ville

Det er tidleg føremiddag og dei første skiløparane har enno ikkje kome fram. I kroken på bakrommet kan dei følgje med.

– Ser me ein skugge er det berre å plugge i vaffeljernet, ler Mailiza.

Tuva er kjent for gode vaflar.
Tuva er kjent for gode vaflar.
Mailiza Flataaker Schindewolf serverer kaffi og vaflar til turfolket. F.v. Christian Erlandsen, Isak Bjelland Vormeland (11), Arne Bjelland og Bente Aaen Erlandsen.
Mailiza Flataaker Schindewolf serverer kaffi og vaflar til turfolket. F.v. Christian Erlandsen, Isak Bjelland Vormeland (11), Arne Bjelland og Bente Aaen Erlandsen.
Utval for turfolket. Dersom du treng skismørning, eit nytt kart eller annan kjapp oppdatering på fjellutrustninga, har Tuva det mest nødvendige.
Utval for turfolket. Dersom du treng skismørning, eit nytt kart eller annan kjapp oppdatering på fjellutrustninga, har Tuva det mest nødvendige.
Internett og ny betalingsløysing står høgt på lista for det nye vertskapet.
Internett og ny betalingsløysing står høgt på lista for det nye vertskapet.
Peter Schindewolf gjer Mailiza Flataaker Schindewolf ein god klem. I hjørnet sit løypekøyrar Jan Holden som køyrer trakkemaskin for Ustaoset Vel.
Peter Schindewolf gjer Mailiza Flataaker Schindewolf ein god klem. I hjørnet sit løypekøyrar Jan Holden som køyrer trakkemaskin for Ustaoset Vel.
Arne Bjelland og nevøen Isak Bjelland Vormeland (11) har familiehytte på Verpestølen og tek ofte turen inn til Tuva Turisthytte.
Arne Bjelland og nevøen Isak Bjelland Vormeland (11) har familiehytte på Verpestølen og tek ofte turen inn til Tuva Turisthytte.
Mailiza Flataaker Schindewolf voks opp på Tuva.
Mailiza Flataaker Schindewolf voks opp på Tuva.
Ein klassikar med hemmeleg oppskrift.
Ein klassikar med hemmeleg oppskrift.
Det er gode snøforhold inn til Tuva og det set skifolket pris på.
Det er gode snøforhold inn til Tuva og det set skifolket pris på.
Mailiza Flataaker Schindewolf og Sigbjørn Leirflåt er nytt vertskap på Tuva Turisthytte.
Mailiza Flataaker Schindewolf og Sigbjørn Leirflåt er nytt vertskap på Tuva Turisthytte.
Sigbjørn Leirflåt har gått i land etter 11 år på båt.
Sigbjørn Leirflåt har gått i land etter 11 år på båt.
Kiting er ein hobby som kan kombinerast med livet som hyttevertskap.
Kiting er ein hobby som kan kombinerast med livet som hyttevertskap.
Sigbjørn Leirflåt leikar med elghundtispa Snurre.
Sigbjørn Leirflåt leikar med elghundtispa Snurre.
Varer må fraktast til hytta med snøskuter. Sigbjørn lastar opp med proviant.
Varer må fraktast til hytta med snøskuter. Sigbjørn lastar opp med proviant.
Vinden har leika utanfor glasa.
Vinden har leika utanfor glasa.
Kjøp drikka di på Tuva.
Kjøp drikka di på Tuva.
Axel og Simone Klemm frå Tyskland måtte søke ly for uvêret hjå Tuva Turisthytte.
Axel og Simone Klemm frå Tyskland måtte søke ly for uvêret hjå Tuva Turisthytte.
Sigbjørn set varene på plass i kjellaren.
Sigbjørn set varene på plass i kjellaren.
Peter Schindewolf og løypekøyrar Jan Holden ryddar snø framfor hytta.
Peter Schindewolf og løypekøyrar Jan Holden ryddar snø framfor hytta.

Voks opp på vidda

Arne Bjelland og nevøen Isak Bjelland Vormeland (11) har familiehytte på Verpestølen og tek ofte turen inn til Tuva Turisthytte.
Arne Bjelland og nevøen Isak Bjelland Vormeland (11) har familiehytte på Verpestølen og tek ofte turen inn til Tuva Turisthytte.

Det kan vera ei utfordring å drive turisthytte langt inne på vidda. Spesielt det lunefulle vêret kan by på problem.

– I natt målte me over 22 sekundmeter med vind. Det var ein merkeleg vindretning og det rista i veggene. Eg måtte ned ein tur for å sjå at alt stod bra til, seier Sigbjørn Leirflåt (28).

Hardt vêr er vel og merke ikkje noko nytt for Sigbjørn. Etter 11 år på sjøen, mellom anna på supplybåt i Nordsjøen, har han no gått i land mellom snøkledde toppar. Han voks opp på ein gard i Tau i Ryfylke, ikkje langt unna Preikestolen.

– Det var lurt å finne seg ein sjømann og gardsgut, dei er vane med å løyse mange problem og er praktisk anlagt, smiler Mailiza.

Sjølv voks ho opp på Tuva. Foreldra, Aileen Flataaker og Peter Schindewolf, dreiv hytta i 40 år. Tuva har vore ei familiebedrift i over 100 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk seier ofte «så eksotisk», men eg veit ikkje om noko anna. Viss me får born ein gong, så ønskjer eg at dei skal få dei same opplevingane som eg hadde. Det er god sosial trening å bu på ei turisthytte, og ein lærer mykje om naturen, seier ho.

Prøveår

Sjølv om hytta berre er open for servering denne vinterferien, har dei alt hatt sine første overnattingsgjester.

– Det kom fire tyskarar og søkte ly for vêret. Dei skulle eigentleg bu i telt, men både klede og soveposar var søkkvåte. Sjølvsagt lét me dei kome inn. Nødgjester har ein alltid plass til, seier Sigbjørn.

Vår revolusjon får vera å legge inn internett og lage eit bookingsystem.

Lyden frå ein trakkemaskin smyg seg inn gjennom glasa. Det dunkar i gangen når tunge støvlar kvittar seg med snø. Eit stort smil kjem til syne i døropninga. Peter Schindewolf gir dottera ein god klem.

– Pappa har starta konsulentverksemd. Han hjelper oss veldig mykje, seier Mailiza.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

– Det er viktig at den første sesongen blir bra. At dei får ei god oppleving, forklarar Peter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er eit prøveår for det nye vertskapet. Viss livet på vidda fell i smak, så blir det full overdraging.

– Det ville vera å løfte ein tung stein frå mine skuldrer. Det vil bli ein overgangsperiode, men dei er kompetente folk, seier faren.

Hektisk kvardag

Det er mykje som må organiserast for det nye vertskapet. Nokon rutinar vert vidareført, men dei vil også gjere endringar.

– Då foreldra mine overtok for 40 år sidan, fekk dei lagt inn vatn og straumaggregat. Det var ein stor revolusjon her. Vår revolusjon får vera å legge inn internett og lage eit bookingsystem. Og gjera betalinga enklare, forklarar Mailiza.

Anorakk-kledde skituristar har etter kvart fylt opp borda inne i hytta. Med eitt blir det hektisk. Fire vaflar her, to solo og ein cola der. Suppe til paret i hjørnet. Sigbjørn og Mailiza fyk fram og attende mellom kjøkkenet og gjestene. Ved eit bord sit Christian Erlandsen og Bente Aaen Erlandsen frå Oslo. Dei har hytte på Verpestølen og tek ofte turen inn til Tuva.

– Det er luksus med løypene som blir køyrt opp, seier Bente.

Dei har vore på hels med den gamle generasjonen på Tuva og ser fram til å bli betre kjent med den nye.

– Det er flott at ungdommen trør til og tek over, seier Christian.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vindfull hobby

Tuva-vaflane er velkjende. Laga på mormors oppskrift. Den er hemmeleg og ligg gøymt i ein bankboks.

– Mange kjem hit berre for vaflane. Det er sjølvsagt ein tradisjon me vil vidareføre, smiler Mailiza, i det alle gjestene har fått sitt.

Livet som hyttevert kan vere travelt til tider.

– Eg er spent på korleis det blir å laga mat til 60–70 personar i påska. Tidlegare har eg berre laga mat til 30. Men mamma har lova å koma og hjelpe til, seier ho.

Paret er vane med ein aktiv kvardag. På fritida er dei spesielt glade i å kite. Det er ein hobby som godt kan la seg kombinere med livet som hyttevertskap.

– Dei dagane det er surt og vindfullt vêr så er det ikkje så mange skituristar som kjem. Då blir det høve til å lufte seg litt. Det er ein vanvittig fin plass og me er heldige som får lov til å bu her, gliser Sigbjørn.

Mailiza Flataaker Schindewolf voks opp på Tuva.
Mailiza Flataaker Schindewolf voks opp på Tuva.