Hotelleigar Pål G. Gundersen (t.v.) og adm. direktør Roger Espeli ser med spenning fram mot nye opningar og utbyggingar på Vestlia Resort. Til jul opnar ein ny restaurant og til vinterferien opnar 70 nye rom.
Hotelleigar Pål G. Gundersen (t.v.) og adm. direktør Roger Espeli ser med spenning fram mot nye opningar og utbyggingar på Vestlia Resort. Til jul opnar ein ny restaurant og til vinterferien opnar 70 nye rom.

Ny start på Geilo – Dette er ikkje noko «tomannsshow»

Med hand om 1300 varme senger styrer hotelleigar Pål G. Gundersen og adm. direktør Roger Espeli den fremste reiselivsaktøren på Geilo.

I oktober fekk dei to Næringsprisen i Hallingdal for måten dei har knytt saman dei tre reiselivsverksemdene Bardøla Høyfjellshotell, Highland Lodge og Vestlia Resort.

– Me er glade for å få ein slik pris. Det betyr at me blir lagt merke til. Det er hyggeleg, seier Espeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

ESPELI ER ADM. DIREKTØR for dei tre hotella som til saman har 250 tilsette og 1300 senger.

Omsetnaden i år er på 177 millionar. Neste år siktar dei mot 200. Hotelleigar Gundersen er raus i rosen av sin direktør. Han seier innsatsen han gjer er avgjerande for utviklinga som har skjedd i løpet av dei snart fire åra han har vore tilsett.

– Me hadde ikkje hatt denne farta utan han. Eg har mi hovudverksemd i Oslo, og då er du avhengig av flinke leiarar her på Geilo. Eg skal ikkje ha æra sjølv om eg har skapt grunnlaget for veksten. Utan energi og stå på-vilje går det ikkje. Me er entusiastiske. Utan entusiasme får du kanskje til noko, men ikkje mykje. Entusiasme er eit for lite påakta ord, seier Gundersen.

I tett samarbeid har Roger Espeli (t.v.) og Pål G. Gundersen bygd opp det som no er kalla Geilo-gruppen til å bli den store reiselivsaktøren på Geilo. Geilo-gruppen har hand om tre hotell med til saman 1300 senger.
I tett samarbeid har Roger Espeli (t.v.) og Pål G. Gundersen bygd opp det som no er kalla Geilo-gruppen til å bli den store reiselivsaktøren på Geilo. Geilo-gruppen har hand om tre hotell med til saman 1300 senger.
Det blir investert 250 millionar for å heve Vestlia til nye høgder. Her er adm.dir. Roger Espeli i det som skal bli den nye bowlinghallen saman med hotelleigar og investor Pål G. Gundersen (t.h.)
Det blir investert 250 millionar for å heve Vestlia til nye høgder. Her er adm.dir. Roger Espeli i det som skal bli den nye bowlinghallen saman med hotelleigar og investor Pål G. Gundersen (t.h.)
Hotellet bygger stadig ut. Nye rom, leilegheiter og ny spisesal.
Hotellet bygger stadig ut. Nye rom, leilegheiter og ny spisesal.
Investor og hotelleigar Pål G. Gundersen bygger ut Vestlia Resort igjen. Her saman med adm.dir. Roger Espeli.
Investor og hotelleigar Pål G. Gundersen bygger ut Vestlia Resort igjen. Her saman med adm.dir. Roger Espeli.

{{imageLeft}}

Espeli er glad for moglegheita han har fått til å vere med på utviklinga. Men dette er ikkje noko «tomannsshow», understrekar han.

– Mange fleire enn oss er involvert her. Me har driftige tilsette som tek vare på gjestene, og me er godt besett på alle frontar. Me har bygd opp eit lag i full breidde.

OG DET LAGET skal ta Geilo-gruppen vidare.

For utbyggingstakten er framleis høg, først og fremst på Vestlia Resort. Til jul opnar den nye restauranten i det nye bygget på seks etasjar. Til vinterferien opnar 70 nye hotellrom. Over gardsplassen kjem 22 nye leilegheiter og det ligg føre ytterlegare utbyggingsplanar ved Highland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil utvikle Geilo vidare, seier Gundersen, som har bygd stein på stein sidan han slo seg inn på Geilo ved tusenårsskiftet.

Utan hotellerfaring kjøpte han Vestlia Hotell i 2000. I 2006 kjøpte han Highland, før han kjøpte Bardøla Høyfjellshotell i september 2016. Det tok 16 år å bygge opp posisjonen som den fremste reiselivsaktøren i bygda. Hovudinntektskjelda er likevel kjøp og sal av eigedommar gjennom eigedomsselskapet Merkantilbygg Holding. Her blir grunnlaget for drifta på Geilo lagt.

MEN DET VIKTIGASTE er at hotella har gjester.

Og det har dei no langt fleire av enn berre for få år sidan. Men gjestene treng gode aktivitetstilbod. Derfor bygger dei stadig ut, også på denne fronten.

– Me må gi folk ein grunn til å reise til Geilo. Derfor kan me ikkje berre auke kapasiteten. Me må også auke attraktiviteten. Dette må skje parallelt, seier Espeli, og nemner ny restaurant, vinkjellar, ungdomsrom med liten kinosal og toalettanlegg som kjem i det nye bygget som blir ferdig om få månader.

Utanfor hotellet har det vorte bygd sykkelstiar med fleire på gang. I 2016 opna Vestlia den store konferansesalen. Det gav nye moglegheiter for store kurs- og konferansar og såkalla temahelger. I oktober fylte dei til dømes hotellet med ei yogahelg. Og med Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsens oppkjøp av naboen Geilo Skisenter, gir det fornya tru på fleire alpingjester enn dei seinare åra.

– Det er ein ønskedraum for Geilo som har vorte oppfylt, seier Gundersen.

GUNDERSEN OG ESPELI merkar ikkje berre veksten for hotella på talet hotellgjester.

Artikkelen held fram under annonsen.

No vil fleire til Geilo for å jobbe.

– Når me driv så stort, har me moglegheiter til trekkje til oss kompetanse. Vestlia er attraktive i Oslo, og me er på veg til å ta over hotelltrona Dr. Holms har hatt, seier ein offensiv Gundersen.

For han veit at Geilo i mange kretsar har vore synonymt med Dr. Holms. No er det eit skifte på gang, meiner hotelleigaren.

– I Oslo og Bergen har Dr. Holms hatt legendestatus. Me er iallfall på høgde med Holms no, seier Gundersen.

– Held de fram utbyggingstakten?

– Fleire seier at det kanskje held no. Men skulle dette bli ein suksess ... Me får sjå. •