Rovdyransvarleg Andre Soma og direktør Kees Oscar Ekeli er stolte av ulvehegna.
Rovdyransvarleg Andre Soma og direktør Kees Oscar Ekeli er stolte av ulvehegna.

No kjem ulven

Rugg og kompani har fått nye «kollegaer». Tre firbeinte og spreke ungkarar frå Sverige kan bli dei tøffaste gutane i Bjørneparken.

BAK 1100 METER med gjerde i det som Bjørnepark-direktør Kees Oscar Ekeli stolt kallar som den flottaste ulvehegna i verda, skal dei boltre seg på eit 27 dekar stort område – med utsikt. Øvst i parken, og med setra og gaupene som nærmaste naboar.

– Dette er draumen, seier Andre Soma. Han er rovdyransvarleg i Bjørneparken i Flå og har vore i nærkontakt med ulv i 20 år. Han kjenner vanane og uvanane. Tolkar rørsler og oppførsel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her vil ulvane få det bra, seier han og stig inn i ulvehegna.

DET ER JOBBA PÅ SPRENG i parken i vinter og vår for å få alt klart til ulvane frå dyrparken i Orsa gjorde nordmenn av seg. Spenninga har vore stor, og den har bygd seg opp fram mot sesongen. Det forpliktar å vere den største trekkplasteret i Hallingdal sommarstid. I fjor besøkte omkring 80.000 menneske parken. Direktør Ekeli trur på endå fleire i år. Ulvane er den store nyheita.

– Me har fire store rovdyr i Norge. Dei må me vise fram. For oss handlar dette om seriøsitet, kompetanse og formidling, seier Ekeli.

– Det er ikkje noko å seie på utsikta til ulvane, konstaterer direktør Kees Oscar Ekeli, nærmast, og rovdyransvarleg Andre Soma.
– Det er ikkje noko å seie på utsikta til ulvane, konstaterer direktør Kees Oscar Ekeli, nærmast, og rovdyransvarleg Andre Soma.
Direktør Kees Oscar Ekeli og rovdyransvarleg Andre Soma er stolte over å kunne vise fram ulvane. – Dei er viktige for parken, seier Ekeli.
Direktør Kees Oscar Ekeli og rovdyransvarleg Andre Soma er stolte over å kunne vise fram ulvane. – Dei er viktige for parken, seier Ekeli.

– Kva betyr ulven?

– Den er eit lyft for oss. Rett og slett. Ulv er eit dyr som er mykje omtala, men som nesten ingen har sett. Å vise den fram og formidle rolla som den har i naturen er viktig for oss. Me meiner at ulven høyrer til den norske faunaen.

BJØRNEPARKEN HAR HATT ULV FØR. Fire svenske tisper. Det gjekk ikkje, for dei likte seg ikkje og ville ut. I 2012 vart ulvehegna tømt.

– Kvifor går det betre no?

– Forskjellen er enorm. Ulvehegna var liten, berre ca. tre dekar. No er den på 27 dekar i eit fantastisk landskap. Den gongen var det berre damer, det er ikkje heldig for ulv. Folk kunne også gå rundt hegna. Dei fekk ikkje vere i fred. Dei som kjem no er tre brør, to år gamle. Det er ei ungkarsgruppe, og utan damer i hegna er den største grunnen til å krangle fjerna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vil folk kunne sjå ulvane i ei så stor hegn?

– Folk vil sjå når dei blir fora. Spørsmålet er kor lang tid det tek før dei er trygge og dukkar fram.

ETTER Å HA VORE GRANSKA og vurdert frå topp til botnen er Bjørneparken teken opp som medlem i den svenske dyreparkforeininga. Ifølgje Ekeli er det eit kvalitetsstempel.

Dei største dyreparkane i Skandinavia er med. Det betyr at alle overskotsdyr og dyr som skal omplasserast i dei svenske dyreparkane er tilgjengelege for Bjørneparken. Frå Norge er Kristiansand dyrepark med saman med Bjørneparken. Desse dyreparkane handlar ikkje med dyr. Det gjer ikkje seriøse dyreparkar. Dei gir ifrå seg dyr om ein park treng det. Derfor er prislappen på dei tre ulvebrørne frå Orsa null. Investeringa på tre millionar er knytt til bygginga av ulvehegna.

– Ei viktig rolle for dyreparkar er å ha merksemd på dyr i naturen som er sterkt truga på grunn av menneskeleg åtferd og økonomisk gevinst. Me har også fått tilbod om å delta i eit bevaringsprosjekt på dyr som er truga, seier Ekeli.

– Bjørneparken har leika med tanken om ein isbjørn?

– Isbjørn er veldig fjernt. Det er eit veldig krevjande dyr.

HAN TRUR IKKJE FOLK vil gå mann av huse for å sjå ulvebrørne. Attraksjonskrafta er han usikker på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me rundar ikkje 200.000 besøkjande i år på grunn av ulvane. Men med ulvane på plass har me fått ein enda betre park.

Det er berre jerven som manglar før alle dei fire store er å sjå i Bjørneparken.

– Jerven kjem, lovar Ekeli. Men saman med noko anna.

– Kva då?

Han smiler lurt.

...

Parken som vart eit reisemål

Då milliardæren og eigedomskongen Olav Thon for over ti år sidan begynte å spytte pengar inn i Flå, hadde han eit mål: Å gjere Bjørneparken til eit reisemål.

Han lykkast. I dag seier adm. direktør Kees Oscar Ekeli i Bjørneparken: – Me er meir og meir vortne ein destinasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav Thon har brukt ein halv milliard i Flå. Det begynte med Bjørneparken, eit bygdetiltak som den gongen heitte Vassfaret Bjørnepark. Thon kjøpte aksjar og overtok etter kvart heile parken. Store millionbeløp vart sendt inn for å bygge den ut. Thons personlege engasjement for parken vart redninga.

– Eg snudde vel ei utvikling, sa han ein gong.

Han dekte underskota i drifta også. Etter kvart gav han bort Bjørneparken til eit stifting, og trekte seg ut av. No er det eit aksjeselskap med lokale eigarar som driv parken – og som driv med overskot. I fjor var driftsoverskotet omkring 800.000.

– Alt me tener går tilbake til parken, seier Ekeli.

Bjørneparken er den største attraksjonen i Hallingdal sommarstid med omkring 80.000 gjester i fjor. Den er vorte eit omgrep på linje med andre store turistmagnetar her i landet.

– Undersøkingar viser at den gjennomsnittlege opphaldstida i parken er fire timar. Det er kjempelenge, seier Ekeli.

– Kven kjem?

– Hovudtyngda er norske barnefamiliar. Frå august endrar det seg noko. Då kjem besteforeldra, dei som har hytte i Hallingdal, med barnebarna. Me har stort gjenbesøk. Det tyder på at folk som har vore her er fornøgde, seier Ekeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er først og fremst i juli det kokar i parken. Då er alle menn og kvinner «ved pumpene», som det heiter. I sesongen er det omkring 50 personar som jobbar med likt og ulikt i Bjørneparken.

* Fem bjørnar

* To gauper

* Tre ulvar

* Seks rødrev

* Sju elgar

* Fem hjortar

* To rådyr

* 18 gammalnorske sauer

* Åtte geiter

* Seks pinnsvin

* To minigrisar

* To store ullgrisar

* 28 krokodiller

* Tre slangar

* Tolv snokar og pyton

* Tolv skilpadder