Hallingdolen

Reportasje

Med blikk for bilar

Med blikk for bilar

Glinsande krom, reine liner og gromme motorlydar. Med kamera jaktar Håkon Lyngås Sataøen frå Geilo på dei unike bilane. På dei neste sidene kan du sjå automotiva til Håkon Lyngås Sataøen.

Se dette bildet i full størrelse
Sindre Thoresen Lønnes - Fotograf Håkon Lyngås Sataøen frå Geilo.

Fotograf: Håkon Lyngås Sataøen frå Geilo.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

– Du veit. Når ein veks opp på Geilo, er det ikkje fritt for at ein ser mange kule sportsbilar.

Håkon Lyngås Sataøen smiler lurt. Interessa for stilige bilar starta så smått som tiåring. Sidan kom også fotointeressa. I dag kombinerer han begge lidenskapane.

Automotiv

For tre år sidan skreiv Hallingdølen om tenåringen som alt då var ein ivrig fotograf. Han har framleis ikkje lagt kameraet på hylla. Tvert om.

– Raske bilar er det råaste å ta bilete av, fortel han.

Automotiv kallast gjerne sjangeren. Dei siste åra har han vore aktiv i bilmiljøet. Stilt opp på ulike arrangement og møtt folk.

– Det nyttar ikkje å sitje stille, ein må ta initiativ sjølv, forklarar Sataøen.

Håkon L. Sataøen - På Tisleia Range Rover på glatta då Team Galag arrangerte «Snowtour».

På Tisleia: Range Rover på glatta då Team Galag arrangerte «Snowtour».Foto: Håkon L. Sataøen

Tek oppdrag

Aktiviteten har resultert i fleire fotooppdrag, både i Oslo og i Hallingdal.

– Det er ofte privatpersonar som ønskjer bilete. Mange byter bil ofte, og då vil dei gjerne ha minne å sjå tilbake på.

Ved sida av bilfotograferinga tek han også mykje naturbilete. Når motiva er lagra på minnebrikka, er berre halve jobben gjort.

– Eg jobbar mykje i Photoshop og Lightroom slik at resultatet skal bli best mogeleg, forklarar han.

Se dette bildet i full størrelse
Sindre Thoresen Lønnes - Fotograf Håkon Lyngås Sataøen frå Geilo.

Fotograf: Håkon Lyngås Sataøen frå Geilo.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Se dette bildet i full størrelse
Håkon L. Sataøen - Ta plass I ein BMW X5M

Ta plass: I ein BMW X5MFoto: Håkon L. Sataøen

Eit levebrød?

Til dagleg er han elev i andre klasse på Medier og kommunikasjon på Gol vgs. Sataøen innrømmer at det freistar med ein fotokarriere.

Se dette bildet i full størrelse
Håkon L. Sataøen - På Aker Brygge Mercedes-AMG GT S.

På Aker Brygge: Mercedes-AMG GT S.Foto: Håkon L. Sataøen

Se dette bildet i full størrelse
Håkon L. Sataøen - Kolonne Bilar for mange millionar rullar frå Sørkedalen til Aker Brygge.

Kolonne: Bilar for mange millionar rullar frå Sørkedalen til Aker Brygge.Foto: Håkon L. Sataøen

– Ein har jo lyst til å satse. Kjekt om dette kunne vore eit levebrød, smiler han.

Håkon L. Sataøen - Cars & Coffee Frå arrangement på Aker Brygge.

Cars & Coffee: Frå arrangement på Aker Brygge.Foto: Håkon L. Sataøen

Håkon L. Sataøen - Oversikt Gromme bilar på rekkje og rad.

Oversikt: Gromme bilar på rekkje og rad.Foto: Håkon L. Sataøen