Harald Lystad med Norges første automatiske mobiltelefon.
Harald Lystad med Norges første automatiske mobiltelefon.

Lystad før kongen

Hemsedal: 3. desember 1980.

Denne dagen tok eg bilete av Harald Lystad, alt den gong ein kjent og profilert distriktslege i Hemsedal med alpinskadar som spesialitet. Han var nemleg førstemann i Norge med den nye, automatiske mobiltelefonen. NMT-450 var eit eineståande teknologisk vidunder og Lystad kunne skilte med det oppsiktsvekkjande nummeret 094–15000.

– Ja det hugsar eg godt, seier Harald Lystad i dag. Det var ein norskprodusert Simonsen mobiltelefon. Den kunne monterast i bil, men også takast ut og berast i ryggsekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis vart du førstemann?

– Det er to versjonar av dette. Det eg har høyrt sjølv er at då tildelinga av telefonnummer skjedde i november 1980, var min søknad den siste som var komen inn, og dermed låg den

øvst i bunken.

Mobilteknologi anno 1980 og vår eiga tid; biletet viser ei viss utvikling. I sekken vart det antenne og batteri.
Mobilteknologi anno 1980 og vår eiga tid; biletet viser ei viss utvikling. I sekken vart det antenne og batteri.

– Den andre versjonen er at det blei gjort ei loddtrekning mellom alle innkomne søknader og eg vart trekt ut.

Ingen ringare enn kong Olav skal ha hatt nummeret etter, altså 094–15001.

No står begge telefonane på Norsk Telemuseum.

NMT fekk ei rivande utbreiing, og etter fem år var det selt 200.000 slike telefonar i Norge. Dette vart feira på eit europeisk teleseminar i Oslo.

– Der var eg – og han som hadde nr. 200.000, ein trailersjåfør frå Sørlandet – æresgjester. Og då fekk me begge ny telefon og gratis abonnement i fem år mot at Televerket fekk dei gamle telefonane og gav dei til Norsk Telemuseum, fortel Harald Lystad.