Jobbing på tapperilina. Roar Sandbekk, nærmast, Adnan Helja, Knut Svenkerud og Bård Haraldset.
Jobbing på tapperilina. Roar Sandbekk, nærmast, Adnan Helja, Knut Svenkerud og Bård Haraldset.

Lyst på noko Gøtt?

Ei flaske nytappa øl blir plassert på loket av det som ein gong var ein mjølketank. «Hugtikjin» står det på etiketten som er pryda med hallingroser.

{{imageLeft}}

BRYGGERMEISTER Adnan Helja er stolt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne fekk ein seksar i ein VG-test, seier han, og plasserer seks andre flasker ved sida av.

Sju slag med øl på elegante slanke flasker. Det er heile utvalet. Øl som er produsert i eit tidlegare bakeri midt i Nesbyen. «Makalaus» er namnet på pilsen, «35,6» heiter sommarølet, det må sjølvsagt brygget heite når det blir laga på Norges varmaste stad. 35,6 er norgesrekorden. Barnelærdom.

Bård Haraldset set ei snerten liten trekasse med seks ølflasker på toppen av tanken. Handlaga av ein pensjonist, far til ein av dei fem eigarane av Gøtt-Øl AS.

Bryggjarane tek ein pust i bakken sitjande på 20 liters fat som skal fyllast med gøtt øl. Frå venstre bryggerimeister Adnan Helja, Bjørn Vissebråten, Roar Sandbekk, Bård Haraldset og Knut Svenkerud.
Bryggjarane tek ein pust i bakken sitjande på 20 liters fat som skal fyllast med gøtt øl. Frå venstre bryggerimeister Adnan Helja, Bjørn Vissebråten, Roar Sandbekk, Bård Haraldset og Knut Svenkerud.
Å brygge øl betyr også mykje sjauing for Bård Haraldset og resten av gjengen.
Å brygge øl betyr også mykje sjauing for Bård Haraldset og resten av gjengen.
Det var ein milepæl å få innpass i butikkhyllene, som her i Spar-butikken i Nesbyen der butikksjef Roy Hansen har fylt opp hyllene med ølet som Adnan Helja og kompisane har brygga.
Det var ein milepæl å få innpass i butikkhyllene, som her i Spar-butikken i Nesbyen der butikksjef Roy Hansen har fylt opp hyllene med ølet som Adnan Helja og kompisane har brygga.
Bjørn Vissebråten, til venstre, og Knut Svenkerud tappar øl over på fat.
Bjørn Vissebråten, til venstre, og Knut Svenkerud tappar øl over på fat.
Bak denne veggen er det plassert to tankar for langtidslagring.
Bak denne veggen er det plassert to tankar for langtidslagring.
Flasker skal fyllast med øl. Bård Haraldset, nærmast, Knut Svenkerud og Roar Sandbekk står på.
Flasker skal fyllast med øl. Bård Haraldset, nærmast, Knut Svenkerud og Roar Sandbekk står på.
Ei flaske med «Hugtikjin».
Ei flaske med «Hugtikjin».
Bryggjarane og eigarane. Frå venstre Bjørn Vissebråten, Knut Svenkerud, Bård Haraldset, Adnan Helja og Roar Sandbekk.
Bryggjarane og eigarane. Frå venstre Bjørn Vissebråten, Knut Svenkerud, Bård Haraldset, Adnan Helja og Roar Sandbekk.
Bjørn Vissebråten tek ein prøvesmak. Spente medbryggjarar er Knut Svenkerud, Bård Haraldset, Adnan Helja og Roar Sandbekk.
Bjørn Vissebråten tek ein prøvesmak. Spente medbryggjarar er Knut Svenkerud, Bård Haraldset, Adnan Helja og Roar Sandbekk.
«35,6» er namnet på flaska. Ingen tvil om kor det namnet er henta ifrå.
«35,6» er namnet på flaska. Ingen tvil om kor det namnet er henta ifrå.
Ølbryggjarane fekk det til. Frå venstre Bård Haraldset, Adnan Helja, Knut Svenkerud, Bjørn Vissebråten og Roar Sandbekk.
Ølbryggjarane fekk det til. Frå venstre Bård Haraldset, Adnan Helja, Knut Svenkerud, Bjørn Vissebråten og Roar Sandbekk.
Ølbryggjarane i det ombygde bakeriet i Nesbyen. Frå venstre Bård Haraldset, Adnan Helja, Knut Svenkerud, Bjørn Vissebråten og Roar Sandbekk.
Ølbryggjarane i det ombygde bakeriet i Nesbyen. Frå venstre Bård Haraldset, Adnan Helja, Knut Svenkerud, Bjørn Vissebråten og Roar Sandbekk.
Det gjeld å vere kreativ. Det er denne gåve- pakninga eit godt eksempel på.
Det gjeld å vere kreativ. Det er denne gåve- pakninga eit godt eksempel på.
Flasker står klare til påfyll på den heilautomatiske tappemaskina.
Flasker står klare til påfyll på den heilautomatiske tappemaskina.
Det er ikkje noko prangande inngangsparti til mikrobryggeriet i det tidlegare bakeriet.
Det er ikkje noko prangande inngangsparti til mikrobryggeriet i det tidlegare bakeriet.

– Gåvepakning, humrar Haraldset fornøgd.

Det gjeld å vere kreativ.

{{imageLeft}}

Om ikkje ølet er handlaga, så er det ikkje mykje om. Men det kan iallfall ikkje bli meir halling – med hallingnamn og eit øl produsert av fem ølinteresserte nesningar.

GØTT-ØL AS ER historia om fem kompisar som fekk ein ide. Dei hadde vore på foredrag med TV-kjendisen og mat- og ølkjennaren Torkjell Berulfsen. Det begynte i ein garasje, held fram i det tidlegare meieriet og hamna til slutt i ein gammal klassikar i Lakkergata i Nesbyen, tidlegare Olsens bakeri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Adnan Helja sette i gang saman med svigerfaren, Bård Haraldset. Dei andre tre makkerane er Knut Svenkerud, Roar Sandbekk og Bjørn Vissebråten. Dei ville produsere øl – og bygde eit mikrobryggeri. Det aller første i Hallingdal. Etter å ha brygga og smakt om att og om att og brukt vener og kjente som testpilotar, sette dei i gang.

I november 2016 var det opning, og sidan mars /april i fjor har det vore full produksjon. Det går så det kvin i svingane, sjølv om dei er samde om at «viss du drøymer om å bli rik, så er det ikkje ølbrygging som er tingen».

– Dette er ikkje beinhard «kommers», smiler dei.

– Me trudde det var mykje pengar i det, men det er det altså ikkje.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Så veit dei det alle som har gått og leika med tanken. Men det går likevel så bra at Adnan Helja har full jobb som bryggerimeister, i tillegg er det hyra inn ein person i 30 prosent stilling. For Gøtt-Øl AS vart ingen døgnflugu. Etter å ha investert ein million kroner og enormt med timar i dugnadsinnsats, kan karane stolt konstatere at dei fekk det til.

Helja klaskar nevane i stålet.

– Desse to tankane er modifiserte mjølketankar, og mykje er sjølvlaga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei heilautomatisk tappeline og to gjæringstankar røska godt i byggebudsjettet. Elles har det vore mykje hjelp å få av henduge nesningar.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

PÅ EIN STOL ved dei store tankane sit Bjørn Vissebråten i kvite støvlar og kvitt forkle. Han tappar øl over i eit 20 liters fat. To dagar i veka møtest dei til dugnadsjobbing. Då tappar dei brygget over på fat og flasker. Tapping på fat fortel at Gøtt-Øl har teke nokre steg. Fat går til større leverandørar, som turistbedrifter og arrangement. Flaskene hamnar i butikkhyllene. Elleve butikkar i Hallingdal sel Gøtt-Øl. Det kan også kjøpast i ølutsal i Oslo.

– Norefjell Spa, for eksempel, er ein god kunde. Dei har også eigen logo på flaskene. Me lager også eigen logo til bryllaup, seier bryggerimeisteren.

Dei produserte 20.000 liter i fjor.

– Målet er å doble produksjonen, proklamerer han.

SKINANDE BLANKE KAR OG TANKAR. Sekkar med malt og humle, og vatn av beste Nes-kvalitet. Slikt blir det øl av. Bård Haraldset kjem inn døra med ein sekk med malt over skuldra.

– Å brygge øl betyr mykje sjauing, vasking og rydding. Det er ikkje berre moro, men det er moro å få det til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei brygger både lyst og mørkt øl. Oppskriftene er deira eigne. Ølet er sjølvlaga.

– Kva handlar det om?

– Gode råvarer, godt vatn og ei god oppskrift. Og så må ein vera nøyaktig, og halde tinga reine, seier karane.

Utanom Helja er dei andre dugnadsarbeidarar. I det daglege er dei å finne i heilt andre jobbar.

– Hadde me teke vekk all dugnaden som blir lagt ned, ville me ha kome dårleg ut, meiner Helja.

– Det var ein hobby, no er det ulønt arbeid, seier Bjørn Vissebråten, som trufast sit og tappar øl frå den store tanken.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

DEI HAR LIKEVEL fått blod på tann. I mai dreg dei på studietur til Belgia, og dei skal bestille meir utstyr for å utvide produksjonen i det gamle bakeriet. – No skal me også kome med eit nytt ølslag, varslar Helja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Visjonen vår er å lage godt øl primært for hallingar og hyttefolk. Me trudde det var mykje pengar i dette, men det er det ikkje.

Men Gøtt-Øl AS gir iallfall arbeid.

– Tanken var å etablere to arbeidsplassar. I dag er det altså 130 prosent stilling her, seier Helja.

Dei er med andre ord langt på veg mot målet.

Ei flaske av kvart ølslag blir sett på toppen av ein tank. «Det mørke», «35,6», «Baus», «Hugtikjin», «Makalaus» og «Høve støtt». Det sjuande er «Det mørke», som skal fasast ut til det nærmar seg jul att.

– Eg føler at me har etablert oss som eit hallingbryggeri, seier Helja, og trekker opp ei flaske.

Bjørn Vissebråten tek ein prøvesmak og nikkar fornøgd.

– Den sat! 

Artikkelen held fram under annonsen.

{{facts}}

Elleve daglegvarebutikkar i Hallingdal sel det lokale brygget «Gøtt-Øl».

I konkurranse med dei store bryggeria er Gøtt eit friskt innslag. I Spar-butikken i Nesbyen har ølflaskene frå mikrobryggeriet i Lakkergata også fått den beste plassen.

– I starten prøvde me oss fram, men det viste seg at Gøtt-Øl fortener plassen, seier butikksjef Roy Hansen.

Bryggerimeister Adnan Helja er fornøgd og stolt over at produkta deira har funne vegen til daglegvarehyllene.

– Hyttefolket set pris på det lokale ølet. Det blir nok sett på som litt eksklusivt, men lokale kundar spør også etter ølet, seier Hansen.

Han tek altså ikkje inn det lokale ølet for å vere grei med Adnan.

– Dette ølet går unna, og det er sjølvsagt viktig for butikken. Samtidig er det moro med eit lokalt øl i hyllene, seier Roy Hansen.