Livet på Storefjell

Natt eller dag. Det er alltid ein Nibstad som har vakt på Storefjell. Andreas har alltid vore B-menneske. Men førebels veit han ikkje om han blir ein dag- eller nattarbeidar.

KVART ÅR REISER ungdom ut for å ta utdanning. Mange flyttar aldri heim. Dei finn meir spennande jobbar andre stader. Slik var det ikkje for Andreas Nibstad. Han har jobba på Storefjell sidan han var småfant. Den fyrste jobben var å dra skittentøysekkane for stuepikene. Seinare avanserte han til skrubben.

– Me gjorde grovjobben på kjøkkenet med poteter, kålrot og lauk. Eg har også rydda koppar og glas som barvakt. Etter kvart fekk eg vere med i uteavdelinga. Ein del av jobben var toradarspeling og historieforteljing i lavvoen. Det likte eg godt, seier han. Dei siste åra har han vore student. Først hadde han eit halvhjarta år på BI i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ikkje noko for meg. Eg likte ikkje bylivet og reiste heim så ofte eg kunne. Etterpå jobba eg eit halvår for å tene opp pengar til å reise jorda rundt. I løpet av denne perioden bestemte eg meg. Det er hotell eg vil drive med. Det er det som gir brus i blodet.

I vår gjorde han seg ferdig med bachelorgraden på Reiselivshøyskolen i Stavanger. Tre år i vestlandsbyen gav fagkompetanse om ein reiselivsindustri i endring. Studietida fall saman med oljekrisa. Han fekk vere vitne til korleis konjunkturane endra seg for hotellnæringa i oljehovudstaden. Straks siste eksamen var levert, lengta han til fjells. I Stavanger brukte han tida godt. Med på flyttelasset hadde han ikkje berre akademiske vekttal, men også ein kjærast frå reiselivshøgskulen. I dag er dei sambuarar i Gol. Mens Andreas pendlar opp svingane mot Golsfjellet, køyrer Stine Sofie mot Bardøla på Geilo.

Han vil gjere ein innsats for høgfjellshotellet familien har bygd opp gjennom fire generasjonar. Den heimvende sonen fekk ansvar for å vere Storefjells stemme i sosiale media. Han skal fornye nettsidene til hotellet, og jobbar også med sal av messer og konferansar.

Andreas Nibstad
Andreas Nibstad

– Elles er det å steppe inn der det trengst. Eg diltar etter far min og onklane. Eg må lære å sjå samanhengen i huset. Det har vore nokre tøffe år på Storefjell, men no opplever eg at vinden har snudd. Hotellet har vind i segla. Kundar som ikkje har vore her på ti år, tek kontakt og lurer på om det framleis er aktivitet oppe på fjellet. Då er det moro å drive høgfjellshotell, seier han. På studiet møtte han folk med den same interessa. Nokre hadde også tilsvarande bakgrunn frå familiehotell.

– Me vart ein samansveisa gjeng. I dag har eg kontaktar i reiselivsbransjen over heile landet. Me fekk studere bransjen i England og på kontinentet. Der er det tøffare vilkår. Dei har lange dagar og seksdagars arbeidsveke. Hotella er stivare og meir konservative. Norske gjester er ikkje opptekne av å bli tatt imot av ein uniformert portier. Dei vil oppleve gjestfridom. Som vertskap må ein bli kjent med gjestene og by på seg sjølv. Det trur eg er nøkkelen.

Hotellet er eit cruiseskip som har kasta anker 1001 meter over havet.

– Før var det bra nok å ha pianobar og diskotek for å trekkje folk i julebordssesongen. No må me ha heftige band på plakaten, seier han. Slik var det ikkje då oldeforeldra starta opp. Dei første åra var standarden enkel. Tidleg på 1900-talet tok dei i bruk stølsbua på Einarset til å innkvartere turistar. Kring 1930 sette dei opp Storefjell Sæterhotell, det som skulle bli grunnsteinen i bedrifta.

– Det blir litt som ein familiegard. Hotellet er ein stor del av oppveksten min. Historia gir ei spesiell tilknyting, seier han. Sæterhotellet frå 1930 var utan straum og innlagt vatn, men samanlikna med stølsbua på Einarset, var 30 senger ein veldig kapasitetsauke. Etter den tids forhold var det bra standard, meiner Andreas. Gjestene vart henta med hest og kjerre på Gol stasjon. Turen ned i bygda og opp att var nesten ei dagsreise. På 50-talet tok neste generasjon over. Dei utvida hotelldrifta og gjennomførte ei modig investering på -70-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Oldefar var skeptisk, mens goffa var ivrig på å utvide, seier Andreas. Stein på stein utvikla besteforeldra hotellet fram til dei fire sønene tok over på slutten av -80-talet, onkel Knut, onkel Arne og onkel Lars, saman med pappa Hans. I dag styrer dei ei turistbedrift med 300 rom og meir enn hundre tilsette. Det er skitrekk, symjebasseng, messehall og konferanseavdeling. Brødrekvartetten har flat struktur.

– Det er mange som spør meg om det er mykje bråk og krangling når fire brør skal styre eit hotell i lag. Men det er ikkje det. Dei har kvar sine ansvarsområde og er flinke til ikkje å trakke i kvarandre sine bed. Nokre har fast ansvar for kveld og natt. Andre er på plass frå tidleg morgon. Det er alltid ein Nibstad på vakt ved hotellet. Viss det er store tiltak, diskuterer dei det på kammerset i ro og fred, seier Andreas.

– Blir det du som skal ta over?

– Me har ikkje diskutert kva som skal skje ved neste generasjonsskifte. Eg har tre søsken og to søskenbarn. Det er ingen som har odel på hotellet. Her må me berre brette opp ermane og vise at me duger. Pappa og onklane mine er dessutan i full drift og me er uansett for unge til at dette er aktuelt på ei god stund. Men dei er flinke til å involvere oss. Viss dei har planar som vil påverke hotelldrifta i framtida, tek dei oss med på råd, seier han.

Trekkspel og gamaldansmusikk har alltid vore ein del av Storefjell.

– Goffa sa at trekkspelet var ein av byggeklossane på hotellet. Slik er det framleis. Mange høyrer lyden av torader og trekkspel når hotellet blir nemnt, seier Andreas. Bestefaren var ein trollmann på trekkspelet. Andres Nibstad laga også eigne komposisjonar, mellom anna den kjende reinlendaren «Livet på Storefjell». Mange av komposisjonane vart spelt inn på plate, og på 1950, -60- og -70-talet vart det gjort fleire radioopptak av spelmannen på Storefjell. Det finst til og med eit TV-opptak der han spelar med Kringkastingsorkesteret.

– Han var ein av dei som meistra laus- og springarspel på trekkspel, seier barnebarnet. Etterkomaren har erstatta trekkspel med torader, men musikken er den same. Onkel Lars spelar mykje. Knut er meir ein skåpspelmann som sjeldan spelar for andre, men det hender Andreas tek han på fersken med ein torader på fanget.

– Det er artig at me er ein heil gjeng som spelar. Eg har spelt torader sidan før eg kunne gå. Frå eg var 14 høyrde eg mykje på dei gamle innspelingane av goffa. Eg er stolt over det han fekk til med spelet sitt. Han laga mykje fin musikk. Både eg og brørne mine hadde lyst til å ta opp arven, seier Andreas. Etterkomarane held tradisjonen i hevd når hotellet blir fylt opp av gamaldansentusiastar under det store, årlege Storefjelltreffet. Men også elles i året vil gjestene gjerne ha lytteprøvar av levande spelmenn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når det er gamaldanstreffa er det toradarspel 24 timar i døgeret. Elles i året er det viktig å stoppe medan stemninga er på topp. Men om sommaren er det for eksempel mange italienske gjester. Dei har eit forhold til trekkspelmusikk og synest det er artig når me tek opp toradarane og spelar. Eg trur det bidrar til å gi særpreg til plassen, seier han.

Han er tredjegenerasjons spelmann og fjerdegenerasjons hotellarbeidar i Nibstad-dynastiet på Storefjell.

FEM KJAPPE

Sist lesne bok?

Ei fagbok om viral marknads-føring, «Contagious» av professor Jonah Berger.

Favorittprogram på TV?

Eg ser ikkje så mykje på TV, berre litt nyheiter. Men det hender eg skrur på TV-en for å sjå tekst-TV.

favorittmusikk?

Det er heilt avhengig av stemninga. I dag var det fin soloppgang. Då høyrde eg «Fatølvær» av Hellbillies.

Favorittmat?

Mørbrad av reinsdyr med grønsaker og god saus.

Perle i Hallingdal?

Storefjelltoppen i full storm eller Tisleifjorden når det er godt ørretbett.