Butikksjef Karolina Lundh-Alman t.h. og designar Gyri Wahl gler seg til vintersesongen.
Butikksjef Karolina Lundh-Alman t.h. og designar Gyri Wahl gler seg til vintersesongen.

Laga for fjelluft

Det skjer spennande ting i den nye motebutikken i Hemsedal, først og fremst fordi den satsar på lokalskapt design for kjølige dagar.

Atmosfæren er lun. I eit organisert kaos fylt med ull, lakris og skinande ting har Gyri Wahl vore sentral i opninga av den nye butikken til Maggy, designmerket ho var med på å starte opp i 2013.

Hemsedal: Me er i den triste midtsesongen der gatene er litt gråare enn elles medan trykket bygger seg opp før turistane kjem. Då er den vesle butikken eit innbydande avbrot i sentrum. Og slik skal det også vera, akkurat sånn er Maggy bygd opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me egnar oss godt til stader som dette. Å opne nye butikkar i storbyane er ikkje førsteprioritet, seier Gyri Wahl, og smiler breitt.

Og ho kan godt smile. Maggy har sidan starten i 2013 opparbeidd seg til å ha forhandlarar i over 70 butikkar Norge rundt. Dei er dessutan godt representerte i hovudstaden.

Å KREERE MOTEKLEDE til kvardagsbruk var ikkje Gyris hovudfelt. Gjennom 30 års fartstid innan designbransjen har i all hovudsak sportsklede prega skisseblokkene.

Butikksjef Karolina Lundh-Alman t.h. og designar Gyri Wahllegg siste hand på utstillingane.
Butikksjef Karolina Lundh-Alman t.h. og designar Gyri Wahllegg siste hand på utstillingane.
Butikksjef Karolina Lundh-Alman t.h. og designar Gyri Wahl har ein klar plan for butikkdrifta.
Butikksjef Karolina Lundh-Alman t.h. og designar Gyri Wahl har ein klar plan for butikkdrifta.
Gyri Wahl har 30 års erfar- ing med utforming av sportsklede.
Gyri Wahl har 30 års erfar- ing med utforming av sportsklede.
Karolina Lundh-Alman.
Karolina Lundh-Alman.
Damene bak Maggy er ute etter å få fram den koselege kjensla hjå kundane.
Damene bak Maggy er ute etter å få fram den koselege kjensla hjå kundane.
I eit organisert kaos av ull, lakris og skinande ting har Gyri Wahl opna flaggskipet til Maggy, klesmerket ho var med og starta i 2013.
I eit organisert kaos av ull, lakris og skinande ting har Gyri Wahl opna flaggskipet til Maggy, klesmerket ho var med og starta i 2013.

Men Marianne Kollerøs og Martine Romøren trong ein designar, og ynskte å ha med Gyri på laget. Namnet er, som den kvikke hjernen kanskje har skjønt no, samansett av initialane til flokken.

Når Gyri teiknar og planlegg kolleksjonar fram i tid, har ho Hemsedal godt ankra i bakhovudet.

– Store delar av året er det er kjølig på stader som Hemsedal, så eg er på jakt etter den koselege kjensla.

Ein kombinasjon som ikkje får ein hytteeigar til å snu i døra, vil ein tru.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

INSPIRASJONEN BLIR som nemnt henta frå fjell og nordleg natur, men Gyri Wahl har planar om å involvere meir av Austen i designen. Ho er akkurat komen heim etter ein tur til India. No gjeld det å tenke framover.

– Me har starta produksjonen av sommar 2019, faktisk, smiler ho imens ho brettar eit par skjerf.

Å vere aktør i motebransjen betyr å tenke framover. Forbrukarane oppdaterer seg på sesongens trendar når dei går inn i ein butikk. Aktørane må lese rapportar og statistikkar og spådommar for år fram i tid. Nokon gonger lukkast dei. Andre gonger floppar det.

– Fordelen med Maggy er at me ikkje fokuserer på plagg som berre overlever i ein-, maks to sesongar. Me har ein tidlaus og klassisk design, og fokuserer på plagg som kan nyttast til ti forskjellige antrekk, utan at heilskapen blir øydelagd.

{{imageLeft}}

DÅ MAGGY OPNA DØRENE 28. september, stod gratulantane i kø.

– Disken her var fylt opp med blomar og gåver. Heile butikken var fylt til randa med folk, jublar butikksjef Karolina Lundh-Alman.

– Korleis overlever de?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den største utfordringa for oss små er heilt klart kjedebutikkane. Dei kjøper store kvantum og kan presse ned prisane, noko me ikkje kan på same måte.

No er det ingen etablerte kjedebutikkar i Hemsedal som trugar Maggy, og samarbeidet mellom næringane er upåklageleg.

– Den store tilflyttinga har gjort noko svært positivt med Hemsedal. Folk kjem frå all verdas krikar og krokar. Dei som saknar eit tilbod, startar opp sjølve. Resultatet er at me lenger ikkje treng å reise bort for å få tak i det me treng, for me har det her!

Butikksjefen slår fast at tida då dei reiste til nabobygda for å shoppe og nyte softis, er over.

Ho seier at hemsedøler er gründarar heile gjengen, og at alle heiar på kvarandre.

– Tilboda utfyller kvarandre, og folk er einige i at dei vil ha ein sentrumskjerne. •