Kvannkjønn

EG REGISTRERER at sterke krefter i Arbeidarpartiet vil at me skal innføre eit tredje kjønn. Ikkje han eller ho. Men eit hen. Eller inkjekjønn, som det heitte på skulen for 50 år sidan.

Arbeidarpartiet er sosialdemokratiets mor og me har mykje å takke dei for. Så la oss også takke dei for dette. Me veit at alt som kjem derifrå, er til vårt beste. Sjølv om me ikkje alltid skjønar det sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje fritt for at eg kjem i hug humoristen Stabels berømte aforisme:

– Mann og kvinne har en ting felles – motsatt kjønn.

SÅ VIDT EG SKJØNAR er dette med mann og kvinne forankra i Bibelen. No er eg ikkje særleg bibellærd. Men eg har lest litt om Adam og Eva. Og ein del om Noah. Noah interesserer meg. Han bygde ein Ark på Guds befaling. Og der tok han med seg to eksemplar – ein hann og ei ho – av alle verdas skapningar. Inkludert kona si. Ikkje eitt ord om nokon hen. Hadde han skulle hatt med seg tre av alt – ville det garantert blitt overlast, og heile skuta hadde gått under. Og me med den.

Inndelinga i to kjønn har og ei sterk forankring i folkediktinga. Tenk berre på kva denne valdrisen trallar om:

«Stundo æ mi kjering so go / stundo æ ho so å so so / stundo får e lite te mat / stundo får e alder dæ slag / stundo får e graut o brim / stundo får e gå so eit svin / tra la lala la, lala!»

Og i folkeeventyra finn me heller ikkje peikepinnar om noko meir. Der dreiar det seg om ulvar, bestemødrer, troll, fagre prinsesser og guten som ville prøve lukka si. Enkelt og greitt.

MEN STOPP no! I det gamle Hellas hadde dei omgrepet androgyn. Det betydde halvt mann, halv kvinne, altså noko tvikjønna. Kanskje var dei gamle grekarane inne på noko? Kanskje såg dei noko som me har oversett seinare?

Androgyni finst i fleire religionar og mytologiar, heiter det. Frå naturfag hugsar eg dessutan at enkelte planter og sjødyr, m.a. reker, er tvikjønna. Dei blir fødde som hannar og endar som ho’er. Eg er veldig glad i reker! Marlene Dietrich var dessutan kjend for å dyrke ein androgyn utsjånad ved å kle seg i mannsklede. Frå norrøn mytologi veit me også at urjotnen Yme befrukta seg sjølv. Det skulle eg jaggu likt å sjå! Og her i Norge blir det kvart år født 15 born der ein ikkje automatisk kan fastslå sikkert kjønn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje er det noko her, likevel.

EG SKJØNAR at eit tredje kjønn må vere ein slags mellomting, ein såkalla transperson. Eg har vondt for å sjå kva dei seier i passkontrollen i Iran, Saudi-Arabia, Kina eller andre land med eit konservativt grunnsyn. Ikkje er det kryssa av for mann, ikkje for kvinne. Men altså for noko tredje, men for kva? Og kva vil Trump seie til ei slik nyordning? Blir det fleire med innreiseforbod?

For eit slikt tredje kjønn må vel ha eit namn. Ikkje kvinne. Ikkje mann.

Kva med kvann?