Barsjef Henning Dolve gav råd om julebordsdrinkar utan alkohol.
Barsjef Henning Dolve gav råd om julebordsdrinkar utan alkohol.

Køyr promillefritt

Highland, Geilo; 13. desember 1988

Ein trafikkontroll i Hallingdal like før jul 1988 resulterte i to promillekøyrarar. Men heile 19 bilførarar hadde «lovleg» promille, mellom 0,0 og 0,5. Dette var før 0,2-grensa vart innført.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Dette er skremmande, seier politiførstebetjent Torbjørm Julusmoen ved Ringerike politikammer». (Hallingdølen 13. desember 1988)

Dette var på ei årstid med stort fokus på julebord, øl, dram og drinkar. Men må det vere alkohol? Ved Highland Hotel på Geilo kunne barsjef Henning Dolve by på eit rikt utval alkoholfrie drinkar.

«Henning Dolve serverer gjerne alkoholfritt til gjestane sine: Det finst ei lang rekke alkoholfrie drinkar. Berre fantasien set grenser for korleis ein kan mikse ein spennande drink utan alkohol i, og ein god bartender tek gjerne den utfordringa, sa han. Tilbodet er langt meir omfattande enn farris, cola og juice».

«Ingen blir mobba for å drikke alkoholfritt. Dei alkoholfrie drinkane skal stikke seg ut så lite som råd. Dei blir servert i same type glas og med same type garnityr som vanlege drinkar.»

Henning Dolve gav oss også oppskrift på to gode, lokale alkoholfrie drinkar. Den eine var ein drink med namn «Cooler».

«Den andre er hans sjølvkomponerte «Driver» med saft av appelsin, ananas eller jordbær, ein liten skvett grenadine, servert med is og garnityr. Denne har vunne den lokale blandekonkurransen for alkoholfrie drinkar som blir halde på Tunet på Geilo kvart år. Og om eg skal seie det sjølv, så er det ein frisk og spennande alkoholfri drink, seier barsjef Henning Dolve». (Hallingdølen 13. desember 1988)

Og i så måte er hans råd like gyldig i dag. Henning Dolve var nesten ti år på Highland og ti år i Vinmonopolet. No bur han i Trondheim der han er vinimportør.