Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år. «Halve» Hallingdal har gått til henne, med vonde kroppar, sug etter barn eller til og med å læra å lesa.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år. «Halve» Hallingdal har gått til henne, med vonde kroppar, sug etter barn eller til og med å læra å lesa.

Korleis har du det - eigentleg?

Ho har ikkje tal på kor mange føter ho har hatt framfor seg på benken. Det er mange. Og dei held fram med å kome.

PÅ EIT ISKALDT BADEROMSGOLV sat 14-åringen framfor toalettet. Ei og ei pille vart kasta oppi toalettskåla. Kjenslene var sterke. Tankane klåre. Dei mange pilleglasa til mora hadde dødningeskalle på seg. Ei åtvaring. Den unge jenta bestemte seg der og då. Det måtte finnast ein annan måte å gjere det på?

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mor mi døydde av medisinforgifting. Eg sat der på baderomsgolvet og bad til Gud om han kunne hjelpe meg å hjelpe menneske. Utan medisinar, fortel Ingrid Heiberg-Ottesen heime på Geilo.

På kjøkkenet heng store måleri av natur. Av ville dyr. Av vatn. Ho treng desse kring seg. Dei har ei historie. Ei historie har også kvar og ein som oppsøker klinikken hennar.

– Eg har tulla med føter i 30 år, smiler Ingrid og tek ein kaffirast imellom alle føtene. Legg lattermild til at det kanskje nærare er 50 år, basert på timetalet ho har jobba. Og det har vore fullt frå dag éin. Ingen i Norge har drive ein slik klinikk like lenge som Ingrid.

Ingrid er født med evner ikkje alle har. Ho har ei eigen evne til å lytte. Lækje. Ause av gode råd.
Ingrid er født med evner ikkje alle har. Ho har ei eigen evne til å lytte. Lækje. Ause av gode råd.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Heks? På folkemunne kallar dei meg nok heks, smiler Ingrid Heiberg-Ottesen.
Heks? På folkemunne kallar dei meg nok heks, smiler Ingrid Heiberg-Ottesen.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.
Ingrid Heiberg-Ottesen har hatt klinikk på Geilo i 30 år.

GJENNOM EIN KVINNEALDER har ho drive klinikken Ingrids Naturterapi. Ho held til i barndomsheimen. Huset brann i 1982, men Ingrid bygde det opp att. Klinikken opna i 1987. Fyrst oppe i hovudetasjen. Så nede i kjellaretasjen. I 30 år har Ingrid trykt på beina til folk. Men ho har óg teke vekk trykk. Trykkande opplevingar folk ber med seg i kroppen. Ingrid er født med evner ikkje alle har. Ho har ei eigen evne til å lytte. Lækje. Ause av gode råd. Både helsemessige og personlege. Ei eigen evne til å setje fingeren på korleis folk har det. Korleis dei eigentleg har det. Nokon kallar henne unik.

– Men på folkemunne er eg vel ei heks. Eg er nok født med nokre evner eg ikkje kan styre, smiler ho. Ho fortel at ho «såg» at mora døydde. Stod ute og snakka med ein gut, og så berre kom det.

– No trur eg mor mi døydde, sa eg.

Seinare den dagen kom naboen som hadde telefon, med beskjed frå sjukehuset, fortel ho.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

«Halve» Hallingdal har kome for å få hjelp av Ingrid Heiberg-Ottesen. Samt mange, mange andre frå alle landets kantar. Nokre kallar henne framleis Ingrid Haga. Ho vart gift Haga og budde i Tunhovd i fleire år. Dreiv både bensinstasjon og køyrde drosje. Det var før ho trefte fleire danske soneterapeutar. Då såg ho framtida si. Kanskje bokstaveleg tala. I alle fall tok ho til å sysle med tankar om utdanning innan soneterapi. Det fanst i Danmark, ein skule i naturterapi med fleire tusen år gamle metodar for å halde kroppens naturlege funksjonar i gang.

– Eg skjøna at dette var rett for meg. Men fekk vite at eg måtte vente eit år. For då skulle dei starte opp utdanning i Norge.

INGRID PÅPEIKER AT det er soneterapeut ho er. Folk seier at ho er så mykje rart. Dei ringer og vil ha ho til å finne ting eller fjern-heale. Ja, heilt frå Amerika ringer dei.

– Eg er ikkje alt det folk trur. Eg er soneterapeut. Ein kan ikkje lage lapskaus heile tida, seier ho og blunkar. Soneterapeuten er rask med å sende folk til lege, om ho mistenker at noko er gale. Folk frå helsevesenet er elles største kundegruppa hennar. Så kjem lærarane.

– Eg har sett ein auke dei siste 15 åra. Dei har ein knalltøff jobb i helsevesenet, seier ho.

{{imageLeft}}

Sjølv er ho som eit kraftverk som strålar ut energi. Nærast i overflod. Så mykje at ho kan dele med oss andre.

– Eg elskar jobben og lærer noko nytt kvar dag. Til og med i dag har eg lært noko nytt. Ikkje eitt menneske er likt. Eg er glad i folk og audmjuk over alt dei deler med meg. Dei må få lov til å snakke. Fortelje korleis dei har det. Langt der inne, seier ho. Det handlar mykje om omsorg, tillit og kjensla som Ingrid sit med i fingrane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Foten er ein spegel av kroppen. Når eg masserer, kjenner eg plagene folk har. Og ofte kan eg få akkurat det same. Ein må vere klar for denne jobben her, fortel 67-åringen som har tenkt å halde på lenge.

– Eg kjem til å bli 102 år, smiler ho og legg til at når ho jobbar med ein klient. Så skjer det noko.

– Det berre skjer, seier ho og ser oss rett i augo.

{{imageLeft}}

– EG ER INGEN GUD. Det er ikkje eg som gjer folk friske. Eg opnar opp energibanene, seier Heiberg-Ottesen. Ho meiner soneterapi hjelper mot svært mykje.

– Ikkje cancer og slikt ein treng kirurgi til sjølvsagt, påpeiker ho. Fortel at ho til og med har høyrd på bygda at ho er høgrehanda til djevelen.

– Åh, me har ledd så mykje av det, humrar ho. Men at ho har «laga» babyar, det er det fleire som kan skrive under på. Og det kan vel ikkje kallast djevelens verk. Det er jo eit Guds under.

– He-he-he. Det er eigentleg ei enkel og grei sak. Eg jobbar litt med hormonsystemet. Og det kan ikkje berre vere paring, veit du. Då stivnar ein jo totalt. Ein må hugse på at ein må kose seg litt for å lage barn, humrar ho. Venterommet er nærmast tapetsert med medie-historier frå folk som endeleg har vorte foreldre etter å ha vitja klinikken på Geilo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men korleis det skjer? Det forstår eg ikkje den dag i dag, smiler ho og snakkar litt om rust, og om kosting og rydding. Klappar Sara på hovudet. Den vesle kvite kongepuddelen.

– Soneterapi. Det er den eldste medisinen som finst, seier eigaren. Den gongen ho reiste til Oslo for å studere soneterapi, var det fleire som lurte.

{{imageLeft}}

– Svigermor tykte det var litt skummelt. At eg skulle studere ting med slike vanskeleg ord som patologi og psykologi. Og at det handla om musklar og blodårer. Det rare var at då eg jobba på sjukestugu som ung, var det å vaske føter det verste eg visste. Eg kunne kaste opp på skyllerommet. Eg tolte ikkje nakne føter. Klarte ikkje ta på dei. Men, til slutt gjekk det over. Og så vart det føter eg skulle jobbe med!

OM SOMMAREN møter du Ingrid ute på landevegen. I den digre bubilen. Då er ho ikkje soneterapeut.

– Då er eg spekepølseseljar, ler ho. Men det har sjølvsagt hendt at ho har fiksa ein og annan på vegen også. Då har ho måtta innrømme at ho slett ikkje er nokon pølseseljar.

– Ein blir teken litt på senga då. Og så møtte eg meg sjølv i døra då eg møtte nokre samar i Nord-Norge i fjor sommar. Det var utruleg artig, smiler ho og skildrar både fiskesuppa og opplevingane på Vidda. Ho fekk med seg både ein joik og fleire sanningar på vegen. Mellom anna bursdagsgåve då dei tok farvel.

– Og eg hadde straks bursdag, nikkar ho. Song fekk ho forresten av musikaren Per O. Noss. Låten «Kjeringi» handlar om Ingrid Heiberg-Ottesen, om dei varme hendene, og om å spå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg spår ikkje i hendene altså, smiler ho.

Utanfor huset til Ingrid er det ein diger haug med naturstein. 36 tonn sjølvplukka sorgterapi. Mange tankar og timar med steinplukking. Rein meditasjon for sterke kjensler. Her er skulpturar og til og med eit par løver. Alt betyr noko heilt spesielt. Tapet av sonen er tydeleg forankra kring henne. Han døydde i ei bilulykke 18. februar i 1994.

To dagar før hadde ho kjent noko. Trudde at mor hennar skulle bli sjuk, eller at ho sjølv skulle døy. Hadde snakka med sonen om korleis ho då ville ha si eiga gravferd.

– Då sa han at om han døyr, ville han ha det akkurat på same måten. Han var nok litt av det same som meg.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

STERKE ARMAR TEK TAK i føtene framfor henne. Ho gløttar opp og ser på andletet til klienten. Synnøve Grøgård (22) frå Hovet har vore her fire-fem gonger.

– Etter å ha halde til på sofaen i to år, seier ho. Grøgård fortel om utmatting. Om all energien som berre forsvann. At ho til slutt måtte gi opp idrettsstudiane på Lillehammer. Ho starta på andre året i haust, men etter to dagar måtte ho berre reise heim. Legane trudde ikkje på henne. Så fekk ho tips om Ingrid.

– Eg var så sliten at eg ikkje klarte gjere noko som helst. Etter at eg kom til Ingrid, har eg berre blitt betre og betre. Eg har også slutta å ete sukker. No ligg eg nesten ikkje på sofaen lenger. Eg hadde aldri trudd at dette ville fungere så bra. Og så enkelt. Ikkje medisinar eller noko. Ingrid har redda meg. Ho har betydd alt. Dette var siste utveg. No går eg rundt og smiler og kan vere sosial igjen. Det er heilt utruleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Har du ikkje ete i dag?»

Ingrid jobbar med føtene.

«Jau då. Men det er lenge sidan no.»

Ingrid jobbar med energibanene. Trykker på punkta på føtene. Ho fortel at «no er eg på venstre skulder og arm».

«Det kjenner eg.»

«Oj oj. Har du sove lite også? Kva har vore på gang? No er ryggen din verre enn sist.»

«Ja, eg veit. Eg har drive og flytta. Fått ny seng og vondt i ryggen. Lagt meg på golvet.»

«Du treng meir kvile, altså. Eg kjenner det enormt godt her. No går eg tilbake til nakken og ut i begge skuldrene og inn imot bringa di.»

Ingrid flytter fingrane langs bestemte punkt på føtene

«No er det så vidt eg tøtsjar deg.»

«Og så kjenner eg det så godt!»

Grøgard undrar seg. Ingrid jobbar vidare.

«Eg har opna opp. Men du var såpass sliten, så eg skal gi litt ekstra energi.»

Ingrid legg handflatene langs fotsolane. Ho blundar med auga.

– No er eg litt hekseaktig. No igjen. 

---

Soneterapi

Soneterapi bygger på teorien om at føtene har soner som speglar resten av kroppen. Ved å stimulere ulike soner, skal ein kunne avdekke og behandle ulike helseproblem.

Trykk og anna fysisk påverknad kan utløyse mekanismar i kroppen som er smertelindrande.

Soneterapi skal vere utan biverknader og er rekna for å vere heilt trygt for folk flest. Den moderne soneterapien stammar frå 1800-talets Amerika.

Metoden skal vere kjend frå enkelte nordamerikanske indianar-tradisjonar. På starten av 1900-talet vart soneterapien vidareutvikla av den amerikanske øyre-nase-hals-legen William H. Fitzgerald. Nordmannen Charles Ersdal har lagt ned eit stort arbeid når det gjeld å lage kart over soner i føter og hender. 

(Kjelde: www.alternativ.no)