annonse

Kodeord: Sanoj

Fremre rad frå venstre
Fremre rad frå venstre: Farhad Zaman Kiani, Eirik Skrindo Danielsen, Kacper Damian Zukowski, Khalid Validovich Gajsumov, Knut Storøygard, Wadik Hidri Ugube, Åsne Skrindo Danielsen. Midtre rad frå venstre: Vegard Turlid, Sevat Tysse Gudbrandsgard, Torleif Alexander Sorteberglien, Tarald Kaslegard Nordal, Vetle Hvitsand, Christopher Diamantopoulos, Olea Frantzen Brandlie. Bakre rad frå venstre: Tuva Jorde, Victoria Hauglie, Ida Marie Breie, Julie Nyhus Økland, Sandra Søla Evjen, Elin Jahn-Skaug, Lina Sofie Kilde, Richard Fuglset.

Andre kapittel, skrive av 7-trinn, Nedre-Ål skule.

«Kva skal det bety?» Jonas løfter opp telefonen utan ein lyd. Han tastar inn nummeret til Samira. RING! Jonas kjenner handa vibrere, det er Samira som ringer. Jonas tek telefonen. Alt han høyrer er ein tung pust. Så blir det stille. Jonas kjenner hjarte dunke og slå, han er redd. Etter dei lange sekunda seier Samira: «Eg har funne ein lapp.» Samira og Jonas seier i kor: KODEORD: SANOJ! Den same stillheiten kjem att. No slår hjarta til Jonas enda fortare. Så fort som ingen kan tenke seg, fortare enn lynet ...

På skulen dagen etter kjem Jonas springande til Samira. Jonas ser på Samira slik han aldri har sett henne før. Auga hennar er vakre og skin i sola. Jonas drøymer seg bort medan Samira prøver å få kontakt med han.

«LAPPEN», seier Samira. «Korleis visste du kva som stod på den?»

«Spørsmålet er korleis visste du kva som stod på den?»

«EG? Eg fann han på soverommet, og det dunka og slo i heile huset i går kveld.»

«Rart», seier Jonas, «Det verste er at det same skjedde hjå meg også.»

Det ringer inn til timen. Samira spring inn. «Sjåast i kveld», seier ho med ei låg stemme. Så låg at Jonas nesten ikkje skjønar kva ho seier ...



Seinare på kvelden bankar det på døra til Jonas. Jonas går forsiktig ned trappa. Jonas trur det er Samira. Han spring opp trappa igjen og inn på badet. Han rotar i baderomsskapet. Inst inne bak sminkepungen og alle tannkremtubene som ligg og flyt finn han ein hårgele. Jonas greier den gjennom håret og spring ned trappa. På veggen nede i gangen heng det ein digert spegel med knæsj rosa ramme. Han ser seg i spegelen og tenker: «OMG, I`m so hot.» Jonas riv opp døra og ropar: «HEI!»

Han stivnar og blir klam i hendene. Den sterke lukta har eg kjent før. Jonas smeller igjen døra og spring opp på rommet så fort beina hans klarar. Han hiv seg i senga og tek til å gråte.

Seinare på kvelden kjem foreldra heim att. Jonas spring dei i møte og lurar på kvar dei har vore.

«No må me prate litt business, gå opp på rommet ditt, du», seier mor.

«Nei, no er det nok business! Kva er det som eigentleg skjer?»

Foreldra blir stille og kikkar på kvarandre. Dei prøver å seie noko, men ingen av dei får fram eit einaste ord.

«Eg vil ha eit svar. NO.» Jonas skrik.

«Business er for vaksne, Jonas! Det er ikkje meininga at du skal høyre alt me pratar om!»

«ALT? Eg høyrer jo ikkje ein dritt! Me har ikkje vore saman som ein familie på fleire månader og år. Berre business, business, business. Er det det einaste de driv med?»

Plutseleg bankar det på døra, igjen. Mor opnar. Det er Samira. Jonas spring bort til døra og gir ho ein stor klem.

«Eg er så glad for at du er her», seier Jonas. «No begynnar det å bli litt seint, så kanskje Samira kan gå heim att?» Det kjem frå far.

«Ja, Jonas no må du også legge deg. Vi vaksne må prate litt business.»

Jonas trampar med store steg opp trappa, og inn på badet. Han smeller att døra så det brakar i heile huset.



«Me må klare å halde det hemmeleg. Dei må ikkje få vite om «KODEORD SANOJ», seier mor.

Jonas er på veg ned trappa og han høyrer alt dei seier. No slår hjartas enda fortare. «SANOJ» - korleis visste dei om det? Er det det som er business? Han listar seg opp igjen på rommet. Han grabbar telefonen. DUNK! Kvar kjem alle desse dunka frå? Han fortsett og taste inn nummeret til Samira. Etter eit par sekund høyrer han ei fortvila stemme i telefonen.

«Far, kvar er far», seier Samira.

«Far», spør Jonas.

«Ja, han har vore borte i heile dag», seier Samira.

BANK! BANK! «Kva var det for noko?»

«Det var nokon som banka på døra», seier Jonas. «Eg kjem att etterpå, skal berre sjå kven det er», seier Jonas. Han kikkar ned i gangen, der står mannen med den svarte kappa. Han kjenner igjen den same lukta som i stad. Kva gjer han her?

Jonas ringer til Samira igjen. «Korleis ser far din ut», spør Jonas.

«Han har på seg ein slags svart kåpe og luktar kanskje litt stramt.»

Pulsen til Jonas stig. «HAN ER HER ...»