Kodeord: Sanoj
3. kapittel skrive av 7. klasse ved Gol skule
«Kva meiner du?»
Samira og høyrest fortvila ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Far din er her! Han gjekk berre rett inn, han står og ser seg rundt. Det ser ut som at han leiter etter noko eller nokon».
Samira er veldig frustrert, ho lurer på kva som har skjedd. «Eg kjem med ein gong», svarar ho overvelda og legg på.
Ho spring bort til Jonas sitt hus. Samira og Jonas er naboar, det tek eit par minutt å springe til kvarandre. Hjartet til Samira dunkar. Dunkar fortare enn lynet. Ho pustar og pesar, ho har aldri sprunge så fort som ho gjer no. Samira kjem til Jonas. Døra er heilt open, ho ser Jonas springe ned trappa. «Far, kva gjer du her?»
«Hald deg unna dette her Samira», seier far hennar sint. Samira føler seg svikta. Ho har aldri sett far sin så sint i heile sitt liv. Han skyv henne bort og går rett mot Jonas med tunge skritt. Han heldt Jonas hardt i t-skjorta opp etter veggen. Jonas blir kvalm. Kvalm av den stramme lukta, den blir berre verre og verre. Det luktar som om ein katt har døydd inni han. Han trur han kjem til å svime av. Hjartet hans dunkar fort, det følest ut som tusen hestar galopperer inni hjartet hans. Så ser han Jonas djupt inn i auga: «Kvar er foreldra dine»?
«Hæ, mine foreldre?» Kva vil denne illeluktande mannen, som er far til Samira, med mamma og pappa, tenker Jonas.
«Far, slepp han». Samira ropar. – Er min far i stand til å gjera dette? Eg trudde han aldri ville skade eit barn i heile verda, tenkjer Samira.
Foreldra til Jonas kjem springande.
«Niklas, kva gjer du her! Bad ikkje me deg om å halde deg unna Jonas?»
Artikkelen held fram under annonsen.
Samira og Jonas ser forskrekka på kvarandre. «Ta med deg Samira og gå opp på rommet ditt no, Jonas. Me vaksne skal snakke litt business». Mor til Jonas snakkar med alvorleg stemme. «NEI, NÅ ER ME LEI AV DEN DRITTBUSINESSEN!» skrik Jonas og Samira i kor.
«No, høyrer du på meg», ropar mor til Jonas. «Greitt», mumlar Jonas.
Dei går opp trappa stille og roleg. Dei vil høyre kva dei vaksne seier.
«Dette var ikkje ein del av planen …» Pappaen til Jonas kviskrar høgt.
«Høyrde du det?» seier Jonas.
«Ja, kva kan det bety?»
Dei går inn på rommet. «Men du, kan eg få sjå den lappen?»
«Ja, sjølvsagt».
Artikkelen held fram under annonsen.
«Ååå, men det må då bety noko», mumlar Samira. «Få sjå», seier Jonas.
Jonas tek ein titt på lappen. «Kva kan Sanoj bety?»
«Vent no litt. Sanoj er jo sjølvsagt Jonas baklengs!»
«Åå, du er så smart, Samira!»
Samira rødmar og får blanda følelsar. Han kan ikkje noko for det, plutseleg kjenner han leppene sine mot dei varme, raudlege leppene hennar. I det dei kyssar høyrer dei eit DUNK! Dei går ut i gangen for og sjekke denne lyden litt nærmare, DUNK! Det dunkar ein gong til.
«Dei same dunka kan eg høyre heime hos meg også», seier Samira. Dei går nærmare og nærmare lyden. Dei går mot ei stor bokhylle, nesten like stor som ein fengselsdør, innunder den kjem det ein kald trekk.
«Kanskje det er noko bak den?» seier Samira. Jonas prøver og skyve bort bokhylla, men han er ikkje sterk nok.
«Treng du hjelp?» Ho trur ho skal få latterkrampe, for at han som er gut ikkje klarer det aleine, men ho føler seg slem så ho let vere. Bak bokhylla er det ei dør, ei dør Jonas aldri har sett før. Samira lenar seg inntil døra og Jonas dreg ned dørhandtaket med eit uhell.
Artikkelen held fram under annonsen.
PANG! Døra opnar seg, og begge dett ned nokre trappetrinn. Samira reiser seg opp med ei kraftig hovudpine. Det er ei lang, gamal og mørk trapp, det luktar kloakk, det følest som om nokon har døydd nede i kjellaren. Dei har med telefonane sine. Det er så mørkt, at dei slår på mobillysa. Samira brukar telefonen for å finne ein lysbrytar. Endeleg! Dei finn brytaren, og i det dei skal til å slå på lyset høyrer dei politisirener. «Kven er det?» galoppereronas forsiktig. «Eg anar ikkje,» galoppereramira tilbake. «Trur du det er onkel Ivar?» ...