Det er tusen måtar å klippe ein TV-serie på, det synest eg er spennande, seier Gaute Springgard.
Det er tusen måtar å klippe ein TV-serie på, det synest eg er spennande, seier Gaute Springgard.

Klipparen i Paradis

Gjennom 10 år har realityserien Paradise Hotel glidd inn på norske tv-skjermar. Gaute Springgard frå Ål har vore med heile vegen.

TUNGE GRÅ SKYER HENG lågt over eit kontorbygg i Oslo. Frå ein kvit vegg tittar halvnakne menneske ut i lufta med forførande blikk. På tre PC-skjermar flakkar dei same menneska forbi med kvite smil og solbrune kroppar. Dei ler og dei dansar, dei gret og dei kranglar. Dei er seg sjølv «110 prosent».

– Det er tusen måtar ein kan klippe ein episode på, det synest eg er spennande, smiler Springgard (34).

Artikkelen held fram under annonsen.

Med stødige rørsler puslar han saman timevis med råmateriale frå Mexico. Det er ikkje utan grunn at han har vore med og laga alle dei ti sesongane.

– Det er så mykje å spele på. Humor, drama og litt fiksjon – med ekte menneske i hovudrollene. Eg nyttar musikk og lydeffektar for å lyfte fram stemningar og poeng.

DU SKAL HA vore nedsnødd bra lenge om du ikkje har høyrt om Paradise Hotel. Den første norske sesongen starta i mars 2009. Det er ein TV-serie som mange har ei meining om, og som dei fleste ikkje vil innrømme at dei ser på. Tabloidane meskar seg i freistande titlar, gjengangarane er «Trekantdrama», «Sex-sjokk» på «Skandalehotellet».

– Me får deltakarane til å sjå bra ut på TV, meiner Gaute. Slik ser arbeidskvardagen ut på kontoret i Oslo.
– Me får deltakarane til å sjå bra ut på TV, meiner Gaute. Slik ser arbeidskvardagen ut på kontoret i Oslo.
– Me får deltakarane til å sjå bra ut på TV, meiner Gaute. Slik ser arbeidskvardagen ut på kontoret i Oslo.
– Me får deltakarane til å sjå bra ut på TV, meiner Gaute. Slik ser arbeidskvardagen ut på kontoret i Oslo.
– Paradise Hotel blir først artig når ein begynner å heie på nokon av deltakarane, meiner Gaute Springgard.
– Paradise Hotel blir først artig når ein begynner å heie på nokon av deltakarane, meiner Gaute Springgard.
Deltakarane i sesong 10 av Paradise Hotel dekorerer veggen på kontoret.
Deltakarane i sesong 10 av Paradise Hotel dekorerer veggen på kontoret.
Kontorlokala er pynta for å kome i den rette stemninga.
Kontorlokala er pynta for å kome i den rette stemninga.
Deltakarane i sesong 10 av Paradise Hotel dekorerer veggen i kontorlokala.
Deltakarane i sesong 10 av Paradise Hotel dekorerer veggen i kontorlokala.
Gaute Springgard frå Ål klipper TV-serien Paradise Hotel for tiande året på rad.
Gaute Springgard frå Ål klipper TV-serien Paradise Hotel for tiande året på rad.
– Disketto går med kule solbriller inne. Sjølv liker eg meg best bak kamera, seier Gaute om sitt alter ego. Under er han omringa av damer under Hot Dog Session.
– Disketto går med kule solbriller inne. Sjølv liker eg meg best bak kamera, seier Gaute om sitt alter ego. Under er han omringa av damer under Hot Dog Session.
– Disketto går med kule solbriller inne. Sjølv liker eg meg best bak kamera, seier Gaute om sitt alter ego. På biletet under er han omringa av damer under Hot Dog Session.
– Disketto går med kule solbriller inne. Sjølv liker eg meg best bak kamera, seier Gaute om sitt alter ego. På biletet under er han omringa av damer under Hot Dog Session.
Pressefoto for den 10. sesongen av Paradise Hotel.
Pressefoto for den 10. sesongen av Paradise Hotel.
Eit av høgdepunkta for Gaute Springgard var finalen der Aurora Gude og Nikolai Bennis sleppte glaskula på likt.
Eit av høgdepunkta for Gaute Springgard var finalen der Aurora Gude og Nikolai Bennis sleppte glaskula på likt.
– Livet er et lære, man må alltid lære, sa deltakar Mayoo Indiran då han skulle lære seg å stupe. Sitatet er noko som alle Paradise-fans hugsar.
– Livet er et lære, man må alltid lære, sa deltakar Mayoo Indiran då han skulle lære seg å stupe. Sitatet er noko som alle Paradise-fans hugsar.

– Ein blir fort van med sexen. Den er eigentleg ikkje så viktig. Me tek med nokre sekund med rørsler under lakenet, berre for å fortelje sjåarane kva som skjedde, forklarar Gaute.

Det er først og fremst dei personlege relasjonane som er spennande.

– Det at sex mellom to av deltakarane kan føre til drama og sjalusi, er viktigare for historieforteljinga, fortel han.

For på Paradise Hotel handlar alt om å finne seg ein partnar, og bli godt likt av dei andre.

NÅR EIN GJENG UNGE menneske samlast til fest, moro, maktkamp og intrigar er det mykje som kan skje. Gaute meiner TV3 er flinke til å vise omsyn til deltakarane, det er ikkje alt som vert synt fram på TV.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er òg mange som ikkje får delta i serien fordi dei må beskyttast mot seg sjølv, fortel Gaute.

I etterkant kan nokon deltakarar kjenne seg feil framstilt, men Gaute meiner dei aller fleste ikkje har noko å klage på.

– Me hjelper dei og får dei til å sjå bra ut på TV, hevdar han.

Av alle timane med råmateriale er det berre ein brøkdel som kjem med.

– Me må spisse og forenkle. Ein episode er på 45 minutt og når me startar klippinga er det 6–7 timar med materiale på tidslina. I tillegg kjem lange intervju, fortel han.

Klipparane lagar rundt to-tre minutt med ferdig TV kvar dag.

– Skal det blir bra, må ein bruke såpass med tid. Me legg til masse effektar og bruker mykje tid til å finne musikk som passar.

GAUTE FEKK TIDLEG sansen for filming og klipping. Familien Springgard frå Leveld i Ål kjøpte seg eit digitalt videokamera før dei skulle på ferie til Frankrike.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig flott og kosta vel 14.000 kroner hjå Brye foto den gongen, mimrar han.

Seinare vart kameraet med i skisenteret i Svarteberg då han og kompisane laga skifilmar. Vidare gjekk ferda til folkehøgskule i Skjeberg før han studerte Medier og kommunikasjon ved Høgskulen i Oslo.

– Eg fekk praksisplass i produksjonsselskapet Mastiff og fekk klippe litt for «TV2 hjelper deg», fortel han.

Etter studiane søkte han sin første jobb.

– Under intervjuet trudde eg det dreia seg om ein jobb som klippeassistent. Men då eg skulle skrive under kontrakten, stod det klippar. Eg tenkte «Oh, shit!» og vart kasta rett inn i det, smiler Gaute.

Jobbane er alltid i ein avgrensa tidsperiode. Kontraktane varar nokre månader av gongen.

– Eg har berre søkt ein TV-jobb i mitt liv, sidan har alltid eit nytt prosjekt avløyst eit anna. Eg har så mykje jobb eg vil ha, fortel han.

TRE MÅNADER I ÅRET er det intrigar og forviklingar i Mexico for alle pengane. For å komme i den rette stemninga, har dei tilsette pynta opp med fargerike blomekransar, sombreroar og falske tropiske plantar. Elles er det lite eksotisk over kontorlokala på Voldsløkka. Bak glasveggene sit klipparane og jobbar konsentrert. Dei har full teieplikt og den faglege diskusjonen stilnar fort med ein nysgjerrig journalist innanfor dørene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ligg nokre veker framfor sendingane på TV. Difor er det viktig å ikkje røpe handlinga, forklarer Gaute.

Paradise Hotel er ikkje den einaste serien han har jobba med i lang tid. I sju sesongar har han vore klippar for «Jakten på kjærligheten».

– Det er jo litt ironisk at eg som er evig singel jobbar med slike kjærleiksprogram. Eg har nok klipt fleire dater enn eg har vore på sjølv, humrar han.

MEN DET MANGLAR ikkje på eit sosialt liv i hovudstaden. I sju år har Gaute eigd leilegheit på Grünerløkka, og på den tida har alle dei fire syskena hans vore innom som leigebuarar.

– Akkurat no bur eg saman med yngste syster mi, Helga. Det er veldig hyggeleg.

Vener fortel om legendariske temafestar hjå «the Springgards» i Oslo. Også heime i Ål vert det tid for ein fest når heile venegjengen er heime på same tid. Der hender det at «Disketto» dukkar opp, Gaute sitt alter ego. Har du vore på Hillbilly Huckfest eller Hot Dog Session i Svarteberg, er det stor sjanse for at du har møtt han. Det går også rykte om at Disketto fekk unge og gamle til å bryte ut i spontan dans under eit arrangement på Leveld Kunstnartun.

– Å laga elektronisk musikk er noko eg har drive med som ein hobby i fleire år. Då får eg også klippe feite musikkvideoar til, det er vel kanskje det eg er aller best på, seier han.

Låten Ferrarri frå 2011 er nok den største hiten. Han syng sjølv på alle låtane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Disketto er mykje kulare enn meg. Han går med tøffe solbriller inne. Eg er ein meir beskjeden type og trivst betre bak kamera, ler han.

DISKETTO HAR TIL OG MED blitt booka av Daniel Kvammen til å spele på Fetenfest på Geilo. Der fekk han føle korleis det er å ha fans.

– Eg møtte eit par gutar som skrytte av meg, og meinte Disketto var betre enn DJ Broiler. Like etterpå slo Broiler gjennom internasjonalt, humrar Gaute.

Han har også klart å lure inn nokon Disketto-låtar i Paradise Hotel.

– Eg nytta eit par av låtane i ein episode. Redaktøren kom og spurte kva dette var for musikk. Eg svarte at det var noko eg hadde laga sjølv. Han nikka og likte det, fortel Gaute.

Det er det nærmaste han har vore det mykje omtala hotellet i Mexico.

– Å stille som deltakar i Paradise Hotel, ville vore heilt uaktuelt. Og skulle eg vore med i Jakten på kjærligheten, måtte eg ha klipt scenene med meg sjølv, smiler han.

...

Artikkelen held fram under annonsen.

To høgdepunkt

Ein dramatisk finale og eit litt spesielt sitat står att som høgdepunkta.

På spørsmål om kva han hugsar best frå ti år med Paradise Hotel, må Gaute Springgard tenke nøye etter. Det er mykje å trekke fram, men han landar likevel på to hendingar.

1 «Livet er et lære, man må alltid lære» – Denne berømte setninga kom frå deltakar Mayoo Indiran i sesong åtte. Indiran skulle lære seg å stupe i bassenget på hotellet, men det enda med mageplask gong på gong.

– Det var eg som løfta fram dette sitatet i klippen. Det er jo noko alle Paradise-fans hugsar godt, ler Gaute.

2 Eit anna høgdepunkt var då deltakarane Andrea Gude og Nikolai Bennis hadde vunne finalen og skulle gjennom truskapstesten saman. I Paradise Hotel er det nemleg slik at vinnarane deler premien på 300.000 kroner likt viss dei ikkje knuser ei glaskule i golvet. Då vil den som knuser kula dele pengane med ein annan deltakar. I sesong seks vart det dramatisk då Andrea og Nikolai, med ryggen til kvarandre, sleppte glaskula i golvet nøyaktig på same tid. Det var målfoto og få centimeter som avgjorde kven som gjekk av med sigeren.

– Den finalen var det eg som klipte, og det er noko eg hugsar godt. Det er mykje regi i Paradise Hotel, men ei slik hending går det ikkje an å planlegge, fortel Gaute.

Elles har han ikkje nokon favorittdeltakar. Men han likar å sjå korleis personane utviklar seg i løpet av ein sesong.

– Ein blir kjent med deltakarane. Dei er stereotypar, til dømes «dum blondine», men etter kvart begynner ein å like dei.

Sjåarane får ofte eit elsk-hat forhold til dei som er med.

– Serien vert ekstra moro når ein begynner å heie på nokon, meiner Springgard.