John og Marit Wøllo er nytt vertskap på Geiterygghytta. 3. mars 2017 opna dei dørene for sesongen.
John og Marit Wøllo er nytt vertskap på Geiterygghytta. 3. mars 2017 opna dei dørene for sesongen.

Klare for påskegjestene

Laurdag 3. mars starta ein ny vintersesong på Geiterygghytta. Denne gong med nytt vertskap. John og Marit Wøllo frå Hemsedal fekk jobben i konkurranse med over 30 andre søkjarar.

Sola står høgt over det kvite landskapet, lengst vest i Hol kommune. Det gnistrar i snøkrystallane. Ein draumedag i fjellet. Gjestene som kom kvelden før har reist og nye gjester er garantert undervegs langs kvista løyper. No nyttar det nye vertskapet tida godt til å bake brød, vaske og gjere alt klart. Det er ein ny kvardag.

– Fleire og fleire bestiller på førehand, men det er aldri godt å vite kor mange som faktisk kjem til middag, seier John Wøllo der han svingar vaskekosten mellom stolbein og bord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ikkje gitt at det skulle bli Marit og John Wøllo som skulle bli det nye vertskapet på Geiterygghytta. Då dei såg stillingsannonsen første gong, bladde dei berre rett forbi. Men samstundes vart det sådd eit lite tankefrø, og det voks sakte, men sikkert i bakhovudet. Marit har fleire ungdomsår bak seg med arbeid på DNT-hytter.

– Tanken på å søke modna litt etter litt. Eg har alltid hatt ein draum om å få jobbe som vertskap på ei turisthytte. Til slutt sa eg til John: «Me skal ikkje søke, då?», fortel Marit.

Søknadsfristen var laurdag 25. juni 2016. Dagen før arrangerte DNT Oslo og Omegn open dag for dei som var interesserte. Ekteparet tok seg fri frå jobb, køyrde frå Hemsedal og sykla dei siste kilometrane inn til hytta.

Marit og John Wøllo serverer kaffi og sel solkrem til Sigurd Dahl (t.v.) og Per Einar Thorkildsen. Dei er på veg frå Finse til Hemsedal.
Marit og John Wøllo serverer kaffi og sel solkrem til Sigurd Dahl (t.v.) og Per Einar Thorkildsen. Dei er på veg frå Finse til Hemsedal.
Geiterygghytta ligg flott til mellom aust og vest.
Geiterygghytta ligg flott til mellom aust og vest.
Ein må gjere det meste sjølv på ein turisthytte. John Wøllo svingar vaskekosten.
Ein må gjere det meste sjølv på ein turisthytte. John Wøllo svingar vaskekosten.
Geiterygghytta ligg høgt til fjells, med barskt klima og vêrforhold.
Geiterygghytta ligg høgt til fjells, med barskt klima og vêrforhold.
Marit Wøllo gjer unna brødbaksten. Svein Lemke lagar middag.
Marit Wøllo gjer unna brødbaksten. Svein Lemke lagar middag.
Brød til fjellfolket.
Brød til fjellfolket.
«Me skal ikkje søke?», fortel Marit. Her saman med katten Milli.
«Me skal ikkje søke?», fortel Marit. Her saman med katten Milli.
Utsikten frå det nye «kontoret» er ikkje så aller verst, meiner John Wøllo.
Utsikten frå det nye «kontoret» er ikkje så aller verst, meiner John Wøllo.
Turar for ein kvar smak.
Turar for ein kvar smak.

– Det enda med at eg vart ståande på kjøkkenet og steikte vaflar. Eg er den typen som likar å ha noko å drive med, smiler Marit.

Attende i Hemsedal hadde dei ei god kjensle, og sende inn søknaden. Etter det første intervjuet i Oslo fann dei ut at dei måtte gjere litt research i tilfelle dei skulle få høve til å kome på andregongsintervju. Planen var å gå frå Bjøberg til Finse, men turen vart kortare enn planlagt då dei faktisk vart innkalla til intervju nummer to.

– Derfor starta me i staden turen i Toviken, med stopp på mellom anna Geiteryggen, fortel John.

Som gjester på hytta vart dei endå meir overbeviste om at dette var noko å satse på.

Jobben vart deira. Av 32 søkjarar valde DNT Oslo og Omegn dei to. Sidan har dei vore inne på hytta fleire gonger for å førebu seg. Avtroppande hyttevert, Jan Eira, har vore til stor hjelp i oppstarten. Han har fungert som oppsynsmann og ei utømmeleg kjelde til informasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jan har framleis stolen sin på kjøkkenet. Han kan koma innom når han vil. Det har me avtalt, fortel Marit.

Dei kjenner det som ei ære å overta etter ein familie som har drive hytta gjennom tre generasjonar, heilt sidan 50-talet.

– Du kan vel seie at det er med ei viss ærefrykt me overtar her, smiler den nye hyttevertinna.

Det er ei utfordring med eit hus som er stengt i lengre periodar. Vatnet kan fryse og det er mange tekniske utfordringar. Varer må fraktast inn og avfall ut. Ein hyttevert må vere allsidig.

– Du er snikkar, røyrleggar, servitør, kokk og vaskehjelp. Det passar meg bra, for eg er litt potet, ler John.

Ekteparet er ikkje ukjende med å skifte beite. Marit er opphavleg frå Sogn og kom til Hemsedal som avløysar. Etter kvart vart ho førskulelærar og lærar, deretter jobba ho i kommunen med informasjonsarbeid. I 2013 starta ho på ein mastergrad i naturbasert reiseliv på Ås. Det siste året har ho hatt jobb på Gol i helsesektoren, som leiar for tenester for utviklingshemma.

John voks opp i Hemsedal. Rett etter russetida kjøpte han seg gard, og produserte mjølk og kjøt. Dei slutta med kyr i 2011, og han begynte som rekneskapsmedarbeidar. I 2012 vart selskapet kjøpt opp av Sparebank 1 og han fekk tilbod om jobb der. Han har også jobba i skisenteret i Hemsedal i 28 vintrar. Dei driv også hytteutleige på si.

– Så me er ikkje framande med å jobbe med turisme, smiler John.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom vindauget kan dei sjå to karar som kjem gåande med kvar sin pulk. Nokre minutt seinare dumpar dei ned i kvar sin stol i peisestugu. Dagens første gjester.

– Kor kjem de frå, spør Marit.

– Me går frå Finse og er på veg til Hemsedal, fortel Per Einar Thorkildsen.

– Kor skal de? spør han høfleg tilbake.

– Me bur her, strålar Marit.

– Dei er dei som driv hytta, kviskrar kompisen Sigurd Dahl over bordet.

Når rollene er avklarte, går praten vidare. Som den gjerne gjer på ei turisthytte høgt til fjells. Om vêr og vind. Over ein kaffi og eit par kanelbollar.

Marit og John Wøllo håpar å bli eit hyggeleg vertskap som serverer gjestene god mat og fin atmosfære.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har alt fått skryt for maten. Kokken er frå Oppdal. Han er kjempeflink. Og så har me to jenter her som hjelper oss med alt det praktiske. Kva skulle me gjort utan dei?

Marit fortel at mange unge ynskjer å jobbe på turisthytte.

– Det er veldig populært. Dagleg får me e-postar frå folk som kunne tenkje seg å jobbe her. Det er jo eit luksusproblem, innrømmer John.

– Kva seier borna dykkar om den nye jobben og livsstilen?

– Det seier «så tøft» og gir oss tommel opp. Alle dei tre døtrene våre har sjølv hatt sommarjobbar på turisthytter i fjellet. Dei veit kva me går til, smiler Marit.

Geiterygghytta ligg godt til som eit utgangspunkt for fine turar både sommar og vinter. Aurlandsdalen er trekkplasteret sommarstid. Dei naturgitte føresetnadene er viktige. Naturopplevingane gjer at folk kjem på besøk år etter år.

– Her har me litt av dei vestlandske fjella, samstundes som hytta også er ein inngangsport til viddelandskapet. Det er eit møte mellom aust og vest. Akkurat som oss.