På jakt i kjøtdisken. Her gjeld det å ikkje oversjå den beste prisen.
På jakt i kjøtdisken. Her gjeld det å ikkje oversjå den beste prisen.

Kjøt- og flesketur til Frederikshavn

Frederikshavn: 6. november 1999.

Det gjekk handleturar til utlandet lenge før begrepet «Harrytur» var oppfunne. Særleg populære var Hallingdal Billag sine førjulsturar til Frederikshavn. Då vart det handla billeg julemat og drikke i store mengder. I tillegg vanka det båttur med Peter Wessel både opp og ned. Det var stas, sjølv om det kunne vere litt sjøgang. I november 1981 rapporterte me frå ein slik tur.

«Hallingdal Billag A/S arrangerte i førre veka tur til Danmark for tillitsfolk frå ei rekkje foreningar og lag. Det vart full buss, med kvinner i absolutt fleirtal. Det vart ein igjennom hyggeleg tur, også takka vere fint vêr, stille og til dels sol i grannelandet. Turleiaren sytte vel for selskapet og gav orienteringar om det me fekk sjå undervegs og i Danmark.» (Hallingdølen 26. november 1981)

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre år seinare, i 1999, skreiv me:

«25 hallingar er komne til Damsgaard i Frederikshavn med Fossgård Bilruter. Dei er ikkje åleine. På ferja frå Larvik var det sju bussar i same ærend. No skal juleribba førast heim. Dansk ribbe, EU-ribbe. Her tel ikkje politikk, berre pris. Bak kjøtdisken er dei godt budde. Tralle på tralle med ribbe står og ventar på sine norske kundar. Heile ribbesider er delt opp, beina blir knekt, svoren rissa». (Hallingdølen 11. november 1999)

«Damsgård har mykje å by på. Store plakatar over fryse- og ferskdiskar lokkar med «stegestykker, svinekød, mørbrad, kødedeig, lammerullepølse, kalkunbryst, kalvestege, tyndstegsfilet, luxus oksefilet, peberbøf, bankekød, engelsk bøf, postej». Og mangt finn vegen ned i handlevognene frå Hallingdal.» (Hallingdølen 11. november 1999)

Shoppingtur til Frederikshavn. Det bugna av fristelsar i danske butikkar.
Shoppingtur til Frederikshavn. Det bugna av fristelsar i danske butikkar.
Shoppingtur til Frederikshavn. Det var tett framfor disken når norske bussar leverte kundar i mengder.
Shoppingtur til Frederikshavn. Det var tett framfor disken når norske bussar leverte kundar i mengder.
Shoppingtur til Frederikshavn. Det fanst masse godsaker i danske butikkar.
Shoppingtur til Frederikshavn. Det fanst masse godsaker i danske butikkar.
Shoppingtur til Frederikshavn. Ribbe og pølser i mengdevis.
Shoppingtur til Frederikshavn. Ribbe og pølser i mengdevis.
Shoppingtur til Frederikshavn. Ribbe og pølse i mengdevis.
Shoppingtur til Frederikshavn. Ribbe og pølse i mengdevis.
Shoppingtur til Frederikshavn. Ribbe og pølser i mengdevis.
Shoppingtur til Frederikshavn. Ribbe og pølser i mengdevis.
Shoppingtur til Frederikshavn. To slaktarar hadde full jobb med å dele opp kjøt til handlelystne nordmenn.
Shoppingtur til Frederikshavn. To slaktarar hadde full jobb med å dele opp kjøt til handlelystne nordmenn.
Shoppingtur til Frederikshavn. Masse folk framom disken, og travelt på baksida.
Shoppingtur til Frederikshavn. Masse folk framom disken, og travelt på baksida.
Shoppingtur til Frederikshavn. Kasser med dansk flesk og kjøt blir trilla til bussen.
Shoppingtur til Frederikshavn. Kasser med dansk flesk og kjøt blir trilla til bussen.

Handlekassene var tunge, og fann sin trygge plass nede i lasterommet på bussen. Det året vart det nok dansk juleribbe i mange hallingheimar.

Men alt har sin ende. I dag er det slutt på handleturar til Frederikshavn. Den livlege byen er i dag mykje stillare. Fleire av ferjerutene er lagt ned. Og Damsgaard er heller ikkje lenger kva det ein gong var ...