- In Norway the rat is on the other side.
- In Norway the rat is on the other side.

King Kong

Engelsk er verdas tredje største språk, etter kinesisk og indisk, og blir snakka av om lag 400 millionar menneske.

Men som framandspråk er engelsk aller størst. Eit ukjent antal menneske verda over har lært seg engelsk på skulen. Som til dømes her i landet, der engelskundervisninga startar ganske tidleg. Og me likar å tru at me er gode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja, kor gode er me eigentleg på å snakke engelsk? Ikkje så gode som me trur, torer eg seie. Når t.d. Jens Stoltenberg snakkar engelsk på store NATO-møte, imponerer han ingen. Og det finst sikkert mange andre eksempel også.

Det blir ofte komisk når me blandar inn norske ord i engelsk samanheng. Som då nordmannen skulle sette eg inn i ein bil i London. Han opna av vane høgre døra. Men der sat sjåføren. Og mannen forklarte: «Oh sorry, in Norway the rat is on the other side.»

Eller nordmannen som skulle ta drosje i London: «Do you take Visa? You see, I’m black ...»

Sigve.
Sigve.

Ein annan nordmann gjekk inn på ein pub: «I want an easybeer, please ...» Kva skulle han no forresten der?

Denne replikken vart overhøyrt på ein sightseeingbuss: «Stop the bus, please! I must spy!»

Stewart Clark er ein engelsk språkforskar som jobbar her i Norge. Han har gjennom åra samla på utilsikta språkblemmer som me nordmenn gjer oss skuldige i når me er ute og reiser. Dette har han gitt ut fleire bøker om. Og i boka «Perfect broken English» gir han mange lattermilde og underhaldande eksempel.

Ikkje uventa spelar Petter Solberg, rallykøyraren frå Spydeberg, ei viktig rolle i denne boka. Han er tilgodesett med eit eige avsnitt. Solberg sin engelsk er legendarisk. Det var han som rota seg bort på eit vinterrally fordi «I had bad pigs in my decks». Eit anna dårleg resultat forklarte han med «it was so much dog on the windows».

Eg har lese ein stad at Petter Solberg sine friske engelskinnslag på direkte-TV frå alle verdas kantar, førte til at det vart danna ein folkeaksjon heime i Spydeberg. Formål: Å få Petter Solberg til å snakke meir engelsk på TV.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Petter Solberg som har gjort seg udødeleg med denne replikken, der han fortel om rallylivets farer: «It isn’t the fart that kills you, it’s the smell!»

Vonde tunger vil rett nok ha det til at desse språkblomane er laga av andre på pur f. og lagt i Petter Solberg sin munn. Men all den tid dei no er inntekne i ei bok, skrive av ein språkforskar, må me kunne tru dei er ekte. Og dessutan finst det ei eiga facebookside med Petter sine engelske gullkorn. Og på Youtube ligg dei høyrbare bevisa.

Men heller ikkje broren Henning er borte: Frå hans munn er denne registrert: «But,but. It isn’t only, only».

No er det ikkje berre nordmenn som tabbar seg ut på engelsk. Dei engelsktalande klarar det, dei også.

Under eit statsbesøk i USA på 60-talet vart Kong Olav introdusert slik: «Ladies and gentlemen, our royal guest today is King Kong Olav of Norway!»

God sommar!