Hallingdolen

Reportasje

Kald krig

Kald krig

Ei rekke militære treningsfly på isen. Luftforsvaret sine vinterøvingar på Tisleifjorden kunne sjå ut som ein idyll. Men dette var alvor. Det var kald krig. Alle ressursar, inkludert islagde vatn, vart tekne i bruk for å trygge landet.

– Offiserane som dreiv desse øvingane lurte ikkje på om det kom til å bli krig att. Spørsmålet var når. Det fortel Hallvard Sand på Torpo. Han er interessert i lokal krigs- og flyhistorie og har opp gjennom åra snakka med fleire av dei som var med på Tisleifjorden.

Asle Hesla - Flyskule Cornell treningsfly på Tisleifjorden 1950. Anleggsbrakkene til Åbjøra-anlegget var leigd av Luftforsvaret. Brakkene var ikkje isolerte og det måtte fyrast heile natta.

Flyskule: Cornell treningsfly på Tisleifjorden 1950. Anleggsbrakkene til Åbjøra-anlegget var leigd av Luftforsvaret. Brakkene var ikkje isolerte og det måtte fyrast heile natta.Foto: Asle Hesla

Åra etter krigen vart ikkje den fredsrusen mange hadde håpa på. Trass i den felles kampen mot Tysland, var forholdet mellom aust og vest alt under krigen prega av mistanke. Vegen til ny opprusting var difor kort på begge sider av det som etter kvart utvikla seg til jernteppet. Når den kommunistiske dominansen i Aust-Europa vart sementert i åra 1947-48, så vart det klart at Norge geografisk låg langt mot aust i den vestlege verda.

Øvingane på Tisleifjorden fann stad før den amerikanske våpenhjelpa til allierte land i Europa vart sett inn. Avtalen som vart signert i 1949 verka elles heilt fram til 1996. Då avtalen var klar, auka tilførsla av materiell og pengar drastisk, og det vart satsa på permanente anlegg. Øvingane på Tisleifjorden starta i 1948 og vart avslutta i 1950, men flystripa vart brøytt opp som beredskap også i 1951.

Asle Hesla - Kald krigar ute i kulda Vampire jagarfly på Tisleifjorden under Luftforsvaret si øving der i 1950.

Kald krigar ute i kulda: Vampire jagarfly på Tisleifjorden under Luftforsvaret si øving der i 1950.Foto: Asle Hesla

Slutten av førtitalet var prega av auka trusselbilete, kombinert med skakkøyrd krigsøkonomi. Improvisasjon og kreativitet måtte difor nyttast i forsvaret av landet. Flyplassen på Tisleifjorden var eit utslag av dette. Den låg i eit område relativt langt frå andre militære flyplassar. I tillegg hadde det vore vinterøvingar med fly på fjorden også i åra før krigen.

Øvingane på Tisleifjorden handla om skule- og treningsflyging under vintertilhøve. Flygarane skulle lære seg kunsten å flyge i fjellområde vinterstid. Stikkorda var vanskelege vind- og siktforhold. På ein gråvêrsdag er alt kvitt i høgfjellet. Det er lite vegetasjon og berre ein og annan stein eller berghamar som stikk opp kan gje visuelle referansar. Det gjeld å nytte dei få referansane som er, og for all del unngå at alt blir kvitt.

Asle Hesla - Preparering Forsvaret trakkar bane med weasel på Tisleifjorden før vinterleiren i mars/april i 1950.

Preparering: Forsvaret trakkar bane med weasel på Tisleifjorden før vinterleiren i mars/april i 1950.Foto: Asle Hesla

Flya som vart nytta var i hovudsak treningsfly. Lette Farichild Cornell skulefly på størrelse med eit sportsfly i dag. Desse flya vart ofte nytta med skiunderstell. Ved minst eitt høve vart dei flogne attende til Rygge, framleis med skia på. I eit vårbert Østfold vart det landing på fuktig gras.

Den tyngre Harvard treningsjagaren hadde eit vesentleg meir militært preg. Den måtte ha brøyta rullebane. Flya var tunge og trong skikkelege vegar og oppstillingsplassar ute på isen. Mekanikarane måtte også lære seg å få start på dei store stempelmotorane i vinterkulda. Eit knep var å tappe av smørolja og halde den varm innandørs for så å fylle opp att om morgonen. Eit anna var bruk av ulike varmeapparat.

Normann – frå postkort - På besøk Ein Norseman frå Luftforsvaret er på besøk ved Luftforsvaret sin feriestad, Vesle Skaugum. Biletet er teke på slutten på femtitalet, etter at vinterøvingane på Tisleifjorden var avslutta.

På besøk: Ein Norseman frå Luftforsvaret er på besøk ved Luftforsvaret sin feriestad, Vesle Skaugum. Biletet er teke på slutten på femtitalet, etter at vinterøvingane på Tisleifjorden var avslutta.Foto: Normann – frå postkort

Krigen som mange frykta var naturleg nok venta å gå ut over dei faste flyplassane. Det var difor essensielt å kunne evakuere til feltflyplassar, til dømes den på Tisleifjorden.

– Det var spente tider. Norge hadde ikkje så mange flyplassar. Bruk av islagde vatn var difor naturleg. Nokre stader fekk me tamrein til å trakke landingsbane. Det fortel ein av offiserane som var med på aktiviteten.

Bjørn Stensrud - Nødlanding på Storevatn Dette Harvard treningsflyet la seg på buken på Storevatn i Lykkja. Landinga var perfekt, men både eleven og instruktøren gløymde å ta ut hjula. Flyet vart reparert på staden og floge heim til Gardermoen.

Nødlanding på Storevatn: Dette Harvard treningsflyet la seg på buken på Storevatn i Lykkja. Landinga var perfekt, men både eleven og instruktøren gløymde å ta ut hjula. Flyet vart reparert på staden og floge heim til Gardermoen.Foto: Bjørn Stensrud

Under åra på Tisleifjorden kom også tanken om flyplass på Golsfjellet fram. Flyplassen på Klanten vart bygd av Forsvaret på femtitalet. Då som nødlandingplass. Bakgrunnen var, mellom anna, at fjellområda mot vest både den gongen, og i dag, er treningsområde for militære fly.

E. Aamundseth, via Oddvar Rygg - Krigshelt Spitfire XI på Tisleifjorden 1950. Dette er ei utgåve som var rigga for fotografering frå lufta.

Krigshelt: Spitfire XI på Tisleifjorden 1950. Dette er ei utgåve som var rigga for fotografering frå lufta.Foto: E. Aamundseth, via Oddvar Rygg

Ein militærflyplass på ein islagt fjord er ein mildt sagt lite varig konstruksjon. At våren kjem er so si sak. At ein lågt plassert jetmotor som spyr ut 800 varmegrader er ei annan sak. Etter det me forstår var ikkje dei jetdrivne jagarflya hovudinnslaget på fjorden, men som bileta syner var dei innom.

- Flya måtte flyttast eit hakk framover på parkeringa etter kvart som varmen frå motoren smelta isen bak seg, fortel Halvard Sand.

Øvingane på Tisleifjorden fann stad i ei flyteknisk pionertid. Jetjagaren som vart nytta var engelskbygde De Havilland DH 100 Vampire F3. Norge hadde 56 eksemplar av desse flya i åra 1948–1953. Flyet var nummer to i rekka av jetdrivne engelske jagarfly, og representerte eit langt steg teknologisk. Toppfarten på 880 kilometer i timen var langt over det dei stempelmotordrivne jagarflya frå krigsåra kunne prestere. Det same var makshøgda på meir enn 13.000 meter (43.000 fot) over havet. Loggane frå Luftforsvaret syner at seks-sju av desse attraktive maskinene var på isen på Tisleifjorden fleire gonger i perioden 7. februar til 4. mars 1950.

Det var dermed to av Luftforsvaret sine stoltheiter som vitja Tisleifjorden i desse åra. Også krigsstoltheita Spitfire var på plass saman med dei meir vanlege treningsflya Cornell og Harvard. Biletet av Spitfire på fjorden i 1950 syner den såkalla «fotospiten» Spitfire XI. Denne utgåva var rigga med fleire avanserte kamera for militær flyfotografering (fotorekognosering).

I mars 1949 vart øvingane råka av ei tragisk hending. To flyoffiserar, Halfdan Lislegård og Sverre Damgård omkom då dei i skodde kolliderte med Liastølfjellet aust for Ølsjøen. Dei to hadde berre att fire kilometer av flyturen opp frå Gardermoen. Ein kar i Bagn såg flyet passere og høyrde etter kort tid smellet frå samanstøyten.

Året etter, i februar, totalhavarerte eit Fairchild Cornell treningsfly to kilometer nordvest for det Forsvaret kalla Oset feltflyplass på Tisleifjorden. Dei to om bord vart skadde, men berga livet. Årsaka til havariet var feilbedømming av høgda over bakken under dårlege vêrtilhøve. Ei av dei tidlegare nemnde klassiske utfordringane under fjellflyging vinterstid.

Tisleifjorden vart elles regulert i løpet av åra øvingane gjekk føre seg. Bygginga av dammen vart gjort om sommaren og Forsvaret leigde anleggsbrakkene til å huse mannskap på vinterøving. Sidan desse bygga var meint for innkvartering sommarstid, vart det i dobbelt forstand ein kald krig for karane.

– Brakkene var veldig kalde. Når me la oss om kvelden la me saueskinnspelsen under oss og knepte igjen over magen. Oppå der la me ulleppe. Me nytta badstue og rulla oss på snøen når me skulle vaske oss skikkeleg. Det fortalde flysoldat Erik Amundsen i Moss til Halvard Sand i 2006. 

(Kjelder: Halvard Sands arkiv, Bjørn Olsen: «Telemark i Norsk Luftfartshistorie». Olve Dybvig: «Fly Brukt av Det Norske Luftforsvaret – hefte 8». Wikipedia.)

Arkiv - Flyhistorikar Halvard Sand.

Flyhistorikar: Halvard Sand.Foto: Arkiv