– Eg fotograferer mest om morgonen og kvelden. Då er lyset best, seier, Øivind Mathisen.
– Eg fotograferer mest om morgonen og kvelden. Då er lyset best, seier, Øivind Mathisen.

Jaktar blinkskot

Du har kanskje lagt merke til leserbileta til Øivind Mathisen? Det siste halvtanna året har han hatt 22 bilete på trykk i Hallingdølen.

– Ein gong tok eg bilete av fem elg nedpå jordet her.

Øivind Mathisen (72) peiker mot eit område nedanfor seg, samstundes som han strør grus på den blankpolerte oppkøyringa framfor hytta på Kråkehovda på Torpoåsen. Det er som om vinteren ikkje heilt klarar å bestemme seg for om han skal bli eller forsvinne heilt. Med piggsko på beina manøvrerer Mathisen seg heilt fram mot hyttedøra. Her brukar han mykje av tida si. Det er enkelt med innlagt straum og vatn. Og med brøyting heilt inn til døra er hytta mogeleg å nytte året rundt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så tek det berre ein halvtime heimefrå. Då er det inga unnskulding for å la vera å ta ein tur.

Utsikt til Hallingskarvet

Frå hytta har han utsikt til fleire toppar. Dyna og Sangenuten, ja til og med ein flik av Hallingskarvet kan han sjå frå verandaen. Og går han opp på toppen bak hytta kan han sjå inn til ålingsfjella og mot Hemsedal.

– Der har eg 360 graders panoramautsikt, seier han nøgd.

Desembermorgon på Torpoåsen.
Desembermorgon på Torpoåsen.
Utsikt mot Reineskarvet, Lauvdalsbrea og Blåbergi frå Torpoåsen.
Utsikt mot Reineskarvet, Lauvdalsbrea og Blåbergi frå Torpoåsen.
Haustdag ved Oppsjø.
Haustdag ved Oppsjø.
En regnvêrsdag har også sin sjarm.
En regnvêrsdag har også sin sjarm.
Musejakt på skaresnø.
Musejakt på skaresnø.
Fem elgar på sprang på Torpoåsen i Ål.
Fem elgar på sprang på Torpoåsen i Ål.
Mange av bileta sine tek han ved hytta på Torpoåsen.
Mange av bileta sine tek han ved hytta på Torpoåsen.
Biletet av Hallingskarvet ein vintermorgon var godt planlagt. – Eg stod opp grytidleg for å fotografere i det dei første solstrålane trefte fjellet, seier Øivind Mathisen.
Biletet av Hallingskarvet ein vintermorgon var godt planlagt. – Eg stod opp grytidleg for å fotografere i det dei første solstrålane trefte fjellet, seier Øivind Mathisen.
Det er frykteleg glatt framfor hytta på Kråkehovda denne fredagen i januar.
Det er frykteleg glatt framfor hytta på Kråkehovda denne fredagen i januar.
22 lesarbilete har han hatt på trykk i Hallingdølen
22 lesarbilete har han hatt på trykk i Hallingdølen
Eit utval av lesarbileta til Øivind Mathisen.
Eit utval av lesarbileta til Øivind Mathisen.
– Her har eg stått med kamera mange gonger, fortel Øivind Mathisen, med utsikt til ålingsfjella.
– Her har eg stått med kamera mange gonger, fortel Øivind Mathisen, med utsikt til ålingsfjella.

Elles er det eit rikt dyreliv i området. Han ser mykje rådyr, hare og rev. Dyra er lette å få auga på nede på myra, viss ein følgjer godt med.

– Det er utruleg mykje orrfugl her. Ein gong rekna eg femti stykke i trea og på bakken rundt hytta, fortel Mathisen entusiastisk.

Ofte sit han inne bak glaset og fotograferer dyra. Då blir dei ikkje så lett skremt.

Oslogut

Øivind Mathisen er osloguten som flytta på bygda. Faren dreiv Oslo Metallvarefabrikk. På midten av 60-talet kjøpte familien seg hyttetomt på Torpoåsen, og i 1966 stod hytta ferdig. Den same hytta me sit i no.

– Far min kom i prat med Martin Stordal som var ordførar i Ål på den tida. Stordal foreslo å flytte heile fabrikken til Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Faren trengde større lokale og meir arbeidskraft. Og i Ål fekk han attpåtil billegare straum.

– Og slik gjekk det til at metallvarefabrikken vart etablert på Gullhagen. Eg var 24 år og med på flyttelasset, fortel Mathisen.

I starten jobba han på fabrikken, men etter kvart starta han eit eige firma i ein ledig del av fabrikklokalet. Ål Rek AS selde Fiat-traktorar, bilar frå merket Renault, landbruksmaskiner, bilrekvisita og skogsutstyr. Mathisen vart godt etablert i Ål og bygde hus i 1972. Seinare starta han bedrifta Skog og Hage som han dreiv fram til 1999. Tess vart den siste arbeidsgivaren før han gjekk av med pensjon i 2011. Sidan då har han nytta mykje av tida til fotografering.

Får respons

Sjølve fotointeressa har han hatt lenge, men det var ikkje før han fekk sitt første digitalkamera for eit par år sidan at det verkeleg tok av.

– Den gongen det var vanlege fotoapparat med film som måtte framkallast var det ikkje så mange som fekk sjå bileta mine. Med digitalkamera og deling på Facebook og i Hallingdølen får eg vist fram bileta til mange fleire.

Det første lesarbiletet hadde han på trykk hausten 2016. Sidan har det blitt 22 bilete i avisa. Han tek fram ein plastpose. Utover bordet veltar det fram ein stabel med aviser.

– Eg manglar berre ei avis. Å få bilete på trykk gir inspirasjon til å gå ut og fotografere meir, forklarar han.

Han blir ofte stoppa av folk som seier dei har sett eit «flott bilete i Hallingdølen».

Artikkelen held fram under annonsen.

Saknar ikkje byen

Mathiesen er fascinert av fjellet og naturen. I Oslo dreiv han med trekkhundar og var ofte til skogs i Nordmarka.

– Eg har aldri lengta attende til byen, smiler han.

Favorittmotiva er fjell. Fotografert på avstand.

– Eg er av den typen som synest fjell er fine å sjå på, men ikkje er så ivrig på å gå til topps. Elles liker eg også å fotografar dyr og flotte haustfargar.

I starten nytta han mobilkameraet, men skjønte fort at det ikkje var godt nok.

– Spesielt er zoomen på mobilkameraet veldig dårleg, seier han.

Då gjekk han til innkjøp av eit digitalkamera. Det har innebygt WiFi så han enkelt kan sende dei beste bileta over til telefonen. Det er der han lagrar alt saman. Blinkskot på blinkskot rullar over skjermen.

– Eg lastar berre inn dei beste, og gjer heilt enkel redigering med ein app.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett stad til rett tid

Han ser alltid etter motiv.

– Teknisk sett har eg ikkje så mykje kunnskap, eg tek mest bilete med automatprogrammet. Det er eit velbrukt uttrykk som heiter «å vera på rett stad til rett tid». Med litt planlegging kan du vera på plass når lyset er best, forklarar Mathisen.

Eit eksempel på det er eit flott bilete av Hallingskarvet, bada i blodraud morgonsol.

– Vanlegvis er eg ikkje den som står opp grytidleg om morgonen. Men eg visste at det skulle vera fint vêr neste dag og stod opp før sola for å få teke dette biletet.

Frå verandaen fekk han fanga dei første strålane på fjellformasjonen i vest.

– Eg er som mange andre glad i soloppgangar og -nedgangar. Det er kanskje ikkje veldig originalt, men ein får masse respons på bileta, ler han.

Her er Øivind Mathisens beste tips til hobbyfotografen:

* Morgon og ettermiddag er den beste tida å fotografere. Då er lysforholda best og gir meir djupn og farge i bileta.

* Hugs å finne ein forgrunn når du skal fotografere landskap. Det gir også meir djupn i bileta.

* Bruk stativ viss du skal zoome mykje. Utan stativ blir bileta veldig uskarpe fordi det er vanskeleg å vera heilt stø på handa.

* Eit kamera med god telelinse er viktig om du vil fotografere dyr. Kjem du for nær så rømmer dei berre. Også her lønner det seg å ha stativ. Eg fotograferer ofte dyr frå innsida av glasa på hytta, då skremmer eg dei ikkje.

* Det er eit uttrykk som heiter at «det beste kameraet er det du har med deg». Det er ikkje nødvendigvis det dyraste utstyret som gir dei beste bileta. Spesielt ikkje viss du let det tunge kameraet vere att heime.