«Ein blir rik på opplevingar, trivsel, frisk luft og skikøyring»
«Ein blir rik på opplevingar, trivsel, frisk luft og skikøyring»

I bakken sidan -77

Fyrste jobben var å dra krokar i parallellheisen ei påske på 70-talet.

Eg har vel jobba med det meste her i skisenteret, trur eg. Starta opp då dagskortet kosta om lag 50 kroner og vekeskortet 250, smiler ein påskebrun kar som eigentleg aldri har sett for seg nokon 8-16-jobb. Han trur ikkje det hadde vore så stas. Som gardsbrukar, fjellstovedrivar og leiar i skipatruljen er ikkje Ole Johnny Ødegård redd for å jobbe. Heller litt redd for å kjede seg. Kanskje difor det aldri sluttar nokon i skipatruljen? Sjølv har han gode sjansar på å passere meir enn 50 år på same arbeidsplass.

Skipatruljen i Hemsedal har ein trufast stab og har absolutt ikkje gjennomtrekk. Ein av grunnane er sjefen. Ikkje berre er Ødegård god på ski, men han har botnsolid erfaring når det gjeld alle typar skader. Og så er han ein god kamerat. Og ein god sjef. Eller «ein fantastisk god sjef» som ein i staben som uttalar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skipatrulje-huset i Hemsedal skisenteret som ein heim nummer to for dei som jobbar der. Dei tilsette er omtrent på same alder, stortrivst på arbeidsplassen, har jobba her i mange år og er rett og slett som ein stor familie.

Uhøgtideleg og til tider med ein solid porsjon galgenhumor. Noko bileta på skapdørene fortel mykje om. Her er alt frå snørr-bartar til eit snev av rumpehumor. Men når det gjeld sjølve arbeidet, skal ein leite lenge etter like kompetente og dyktige folk.

– Sesongen går berre fortare og fortare påpeiker Ødegård og inviterer inn på «kontoret». Her er det skvisa inn bårer, skåp, sjukebenkar, medisinskrin, sekkar, ski, tryggingsutstyr, plansjar, ein gamal sofa, eit skrivebord – og mykje, mykje anna.

Skisenteret opna i 1961, året før han vart født. Fyste ekstrajobben han fekk som unggut, var å pelle sopp på soppfabrikken på Svøo. Det var visst ikkje noko særleg.

– Så fort det var ledig jobb i skisenteret, søkte eg her, smiler han. Feriar og helgar var det å jobbe i skisenteret. Og bli god på ski.

Han utdanna seg til agronom. Skulle ta over heimgarden må vite. Men fyrst var det militæret og teneste i Garden. Det var i Kong Olav si tid. Og ved eitt høve stod han vakt på Skaugum då Prinsesse Diana var overnattingsgjest. Mjølkebonde vart han i 1990.

– Og så passa det å kombinere jobben i landbruket med å jobbe i skisenteret. Det var det fleire som gjorde, fortel han.

Det vart mange år med dobbel jobb – og vel så det til tider.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit kva det er å jobbe. Arbeidsledige var me aldri, smiler han. Når snøen kom, var det å brøyte, gå i fjøset, reise i heisen og attende til fjøset om kvelden. I seks år køyrde han tråkkemaskin på kvelden og natta også.

– Eg er glad den tida er forbi. Hadde nok ikkje gått utan støtte mor og far, ler han.

I 2006 gjekk han inn i Grøndalen Samdrift. No er han ute-bonde frå mai til oktober. Når sesongen i alpinanlegget er over, står våronna for døra. Så er det å vere vertskap på Breistølen på Hemsedalsfjellet. Så er det slåtten og så litt utearbeid att, før det godt ut på hausten endeleg blir tid til litt ferie. Så arbeidsledig kan me ikkje seie han er.

– Men me har det fint her i Norge. Har reist mykje og innsett at me har det vanvitig bra, påpeiker han.

I år varer sesongen i skisenteret litt lengre enn vanleg.

– Eg reknar med at me er klare fyrst kring 20. mai, smiler han.

Skipatruljen starta opp først på 80-talet. Røde Kors hadde vore parat i helgane. I veka trødde heisfolket som til om det hendte noko. Men så skjedde det ei dødsulykke i Hemsedalsløypa. Ein lokal skilærar vart køyrd ned og drepen. Ein nabo av Ødegård. Siste åra hadde det og vore meir av dei mindre ulykkene.

– Skia var 205 lange og folk køyrde rett ned. Var lite sving på den tida, påpeiker Ødegård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunelege Harald Lystad hadde lenge ivra for å opprette ein skipatrulje. Vinteren etter vart Ole Johny Ødegård, Vidar Ødegård, Erik Eikre, Ola Terje Dokk rekruttert. Passe unge – og gode på ski. Dette var den spede starten. I dag er dei åtte-ni fast tilsett i sesongen. Dei er 19 totalt.

– No er folk vorte flinkare til å svinge på ski, men dei har strekt seg utover pisten. Det har nærmast eksplodert dei siste sju til ti åra. Går ein 15 år attende var det ingen som kunne køyre dei stadene dei køyrer no, nikkar Ødegård. Då skipatruljen starta var det stort sett berre dei sjølve som gjekk toppar etter jobb og køyrde laussnøen ned att.

– Er det vorte eit problem at folk køyrer utanfor løypene?

– Ja, det har vorte ein del redningsoppdrag. Godt å ha luftambulansen så nært. Det hadde nok vore fleire dødsfall utan luftambulansen på Ål, påpeiker han. Eit av problema er at dei gode, lokalkjende skikøyrarane tek med andre som rett og slett ikkje er gode nok. Skipatruljen har ansvar i bakken. Ikkje utanfor. Men me tek det ansvaret når det oppstår ulykker. Det er ikkje så mange andre som kan ta den oppgåva, rett og slett.

I haust fekk mannskapet i skipatruljen skredsekkar som ein del av utstyret sitt. Dei nyttar seg og av den alpine redningsgruppa i Hallingdal. Ein av dei tilsette i skipatruljen er med der.

– Me har vanvitig bra kompetanse på huset. Dei fleste har vore tilsett her i 15–20 år og veit kva som må gjerast når det kokar. I tillegg har me god dialog med andre redningsinstansar og politi, så me får det me treng når det oppstår noko, fortel Ødegård. Skisenteret har jamlege samordna øvingar med alle instansar.

– Eg vil påstå at me er nokså unike her, legg han til.

Men nokon gonger går det likevel gale. Førre sesong døydde tre køyrarar utanfor løypene. Julaftan 2013 mista dei kollegaen Lars Eriksen i eit snøskred.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var heilt surrealistisk. Me drakk kaffi saman like før, fortel Ødegård. Han sa til Eriksen då dei gjekk ut døra at dei måtte ta det med ro. Eriksen hadde smilte attende og sa at det skulle han. Så la han til at han rekna med at skipatruljen kom og henta om det var noko.

– Eg skjøna då varselet kom frå ein annan mobiltelefon at det var Lars som hadde blitt teken. Me reknar med at me lever evig, seier Ødegård alvorleg.

Hemsedal Skisenter hadde kanskje ti nedfartar då Ødegård begynte i jobben. No er det 49. Snart kjem det ein skitrasé ned til sentrum. Blir det ei utfordring for skipatruljen?

– Det får me ta når den kjem, men det blir kortare veg til legekontoret då, fleipar han.

I snitt har skisenteret fire skader om dagen. Mest kne. Gjennom denne snørike sesongen har det vore ein del beinbrot. Frå november til mai sikrar skipatruljen løypene, og hjelper skadde. Ødegård har registrert at terskelen dei siste sju-åtte åra for å tilkalle hjelp har vorte lågare.

– Me veit jo når det gjer vondt og kan vurdere om nokon er skadd. Nokre kjem for den minste ting. Då må me forklare at det faktisk gjer vondt å slå seg. Ein treng ikkje alltid hjelp sjølv om det er vondt. Men når dei ikkje har slått seg før dei er 18 år veit du, sukkar han og må le litt. Litt trøyst og plaster hjelper godt det med.

– Dette er ein livsstil. Ein blir ikkje rik av å drive gard, heller ikkje av fjellstova eller å jobbe i skipatruljen. Men ein blir rik på opplevingar, trivsel, frisk luft og skikøyring. Og me held oss unge litt lenger, seier han og smiler breitt. Dei passerer nok 100 skidagar i året kvar og ein i skipatruljen.

Men kva når gjengen på 40 pluss blir så gamle at dei går av nær samstundes? Det blir mykje kompetanse som forsvinn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heldigvis ikkje mitt problem, smiler han og blunkar.

Bok:

Eg les ikkje bøker. Her går det mest i aviser og magasin. Med alt frå landbruk til helse.

TV:

Eg ser ikkje så mykje på tv, men prøver å få med meg nyheitene og 71 grader Nord. Og litt naturprogram. Dei kan vere fine.

CD:

Eg er veldig allsidig når det gjeldt musikk. Er althøyrandes.

Mat:

Konas kjøttkaker og sjølvfiska fisk frå Juklevatnet

Perle:

Må bli Høgeloft og Hemsedalsfjellet det