annonse

Hovet

FORFATTARAR
FORFATTARAR: May Grethe Lerum og Gunnar Grimstveit med boka om synske Ivar Flatmo, som vart gitt ut i oktober 1988.
HD201410141019914V1.jpg

SYNSK; 14. oktober 1988.

Alt medan synske Ivar Flatmo i Hovet levde, var May Grethe Lerum, dåverande journalist i Hallingdølen, i gang med å skrive bok om han.

«Det var Flatmo sjølv som tok kontakt med Lerum på telefon. – Hallo, du skal skrive bok om meg, sa han før han presenterte seg. Og slik vart det». (Hallingdølen 15. oktober 1988)

Flatmo hadde synske evner og kunne også helbrede. Han vart ofte brukt til å «sjå» ting som var skjult for oss andre.

Ivar Flatmo vart funnen død 11. januar 1988 i heimen sin, som bar preg av at det hadde vore eit basketak, der Flatmo var påført knivstikk. Dødsfallet skapte uhyggestemning i Hovet. Men etterforskinga viste at dødsårsaka var epilepsi. Ein 42 år gammal bergensar vart arrestert og fekk ein kort dom, men ingen drapstiltale.

«Etter dette vurderte eg å droppe bokplanane. Men eg vart oppmoda om å halde fram, sa May Grethe Lerum». (Hallingdølen 15. oktober 1988)

Tvert i mot skaut bokplanane fart. Forlaget ville ha ut boka så snart som råd, og hennar kollega Gunnar Grimstveit vart hyra inn for å få fart på arbeidet. I oktober same år var det lansering boka med tittelen «Synsk».

«Flatmo hadde ei utstråling som fekk dei mest iskalde skeptikarane til å forstå at det er meir mellom himmel og jord enn me veit om, understreka Lerum. Forfattarane var budde på at det kunne kome reaksjonar på boka frå innbyggjarane i Hovet».

«Me har ingen store forventningar til salet av boka. men den burde vere av interesse for mange i Hallingdal, Sjølv om boka no er ferdig, kjem eg aldri til å bli ferdig med personen Flatmo. Til det har eg for mange sterke opplevingar frå samarbeidet med Ivar Flatmo, seier May Grethe Lerum». (Hallingdølen 15. oktober 1988)