Fargerike bilete frå Lærdalstunnelen kan lure deg.
Fargerike bilete frå Lærdalstunnelen kan lure deg.

Holet i fjellet

Lærdal: 27. november 2000.

Når ein ser bilete frå Lærdalstunnelen har ein lett for å la seg lure av dei idyllisk lyssette fjellhallane i det som er eit 25 km langt hol i fjellet mellom Lærdal og Aurland, verdens lengste vegtunnel. «Fjellholene er lyssette og skal kunna gje dei køyrande ei avveksling. Om nokon skulle få problem under køyringa er det mogleg å stoppa og ta ein pause». (Wikipedia)

Men skulle du finne på å stanse i ein av hallane, blir du fort klar over at dette ikkje er nokon idyll. Derimot er det eit brølande monster av ein trafikkmaskin med eit øyredøyvande lydnivå og stank av diesel, eksos og svidd gummi. Og bakken skjelv når vogntoga peiser forbi, to og tre i slengen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var sjølve kong Harald som klipte snora 27. november 2000.

«Måndag 27. november vart ein stor dag i indre Sogn. Rundt 4.000 menneske hadde møtt fram på Håbakken i Lærdal for å sjå Kongen opne Lærdalstunnelen, verdens lengste vegtunnel.

Her var vegsjef, vegdirektør og samferdselsminister. Her var fylkesmann og fylkesordførar, her var skuleborn og vegvesenveteranar og mange fleire. Dei hadde med seg campingstolar og norske flagg. Det var ikkje berre ein tunnel som skulle opnast, men også endeleg ein offisiell, ferjefri stamveg mellom Oslo og Bergen». (Hallingdølen 29. november 2000)

Kong Harald klipper snora saman med vegdirektør Olav Søfteland (t.v.) og vegsjef i Sogn og Fjordane, Lars Lefdal.
Kong Harald klipper snora saman med vegdirektør Olav Søfteland (t.v.) og vegsjef i Sogn og Fjordane, Lars Lefdal.

Lærdalstunnelen er ein tunnel Statens vegvesen eigentleg ikkje ville ha. Vegvesenet i Sogn ville heller ha ei opprusting av Rv50 Hol – Aurland. I dag står me i staden att med ein sterkt trafikkert tunnel og ein Fv50 som står i fare for å bli stengt, eller verre - lagt ned.