For kvinnene handlar det ofte om å halde seg unge og tiltrekkande. Dei kjøper seg fancy treningsklede, bleikar håret og legg inn både botox og silikon.
For kvinnene handlar det ofte om å halde seg unge og tiltrekkande. Dei kjøper seg fancy treningsklede, bleikar håret og legg inn både botox og silikon.

Heilt krise, spør du meg...

- Livet er over. Det er slutt. Sa ein kollega nyleg, då ho runda 40 år. Og sukka.

No trur eg ikkje ho meinte det så alvorleg, for ho sa det med eit smil og eit glimt i auget. Men det var nok til at det sette assosiasjonane i sving.

Artikkelen held fram under annonsen.

For nokre år sidan var det nemleg veldig populært med 40-årskriser. Den krisa som gjerne kjem til både menn og kvinner midtvegs i livet.

- Fram til 40 er du gjerne prega av ungdommens vågemot, trua på at ein kan klare alt, og at ein er udødeleg, seier samlivseksperten Frode Thuen. Rundt 40 innser ein kanskje at så ikkje er tilfelle; ein er ikkje komen så langt som ein ville, ein har ikkje realisert alle sine planar – og ein er slett ikkje udødeleg. Og dermed er krisa gjerne eit faktum.

Enkelte får det hardt med panikk, forvirring og angst. Og det røyner på ekteskapet.

Karane reagerer på ulike vis; nokre kjøper seg open sportsbil, andre kjøper seg stor MC. Skinnklær høyrer sjølvsagt med. Nokre let hår og skjegg vekse i håpet om ein litt meir macho look, andre går toppturar, syklar Birken eller tek til å kaste augene på yngre kvinner.

- Typisk 40-årskrise! Seier tenåringsborna skråsikkert.

Kvinnene er ikkje like utsette, meiner ekspertane. For kvinnene handlar det ofte om å halde seg unge og tiltrekkande. Dei kjøper seg fancy treningsklede, bleikar håret og legg inn både botox og silikon. Så melder dei seg gjerne på kitekurs. Derimot ser dei ikkje så mykje på yngre menn, fordi yngre menn får dei til å føle seg eldre, seier Frode Thuen. Skal du gi ei kvinne i 40-årskrise ein kompliment, må det vere at ho ser ut som ein 30-åring.

Eg hugsar mi eiga 40-årskrise. Den gjorde seg ikkje utslag i korkje MC’ar, skinnklede eller opne bilar. Men i ei lang rekke med uforklarlege vondt’ar; i bringa, magen, nyrer, skjelett og muskulatur. Og hjertebank. Symptom som kvar for seg kunne indikere ein alvorleg tilstand, men som ved nærare sjekk var heilt ufarlege. Det var nok meir snakk om stress enn krise.

Dette var den tid då dokter Wold i Hol var bedriftslege for oss her i bladet. Me hadde eit populært munnhell om at «one apple a day keeps dokter Wold away». Men så enkelt var det ikkje. Det skulle nok meir enn eit eple til. For vondt’ane kom på rekke og rad, og stakkars dr. Wold fann denne pasienten på venteromet sitt minst ein gong i veka gjennom ein heil vinter. Dokter Wold var fortvila. Pasienten ikkje mindre. Men alt ordna seg over tid, som det gjerne gjer. Og seinare har eg opplevd både 50- 60- og 70-årskriser utan å ta nemneverdig skade av det.

Artikkelen held fram under annonsen.

No las eg nyleg i ei avis at tilstanden er på det mest kritiske når mannen er 43,9 år. Det er altså ikkje nok å runde 40. Ein har meir i vente. I mellomtida kan ein jo prøve å bygge seg opp med lærbrok og grom Harley? Hugs skinnvest med naglar og venger på ryggen.

Kjenner eg kollegaen min rett, kjem ho seg gjennom dette ganske så greit, når ho berre får litt ferie. Det skal meir til før det bit på ein gudbrandsdøl. Då set ho seg heller ned og spelar ein lugomleik på fela si. Og gubben kompar på el-gitar. Deretter ser ho lyst på livet att.

Lukke til! Med krisa!