24. februar 1967 vart Tordis Strindlund frå Stockholm passasjer nummer ein million i Geilo Taubane. Her frå feiringa saman med skilærarane Knut Anfinset (t.v.) og Arne Palm. Lengst til venstre er Lars Øyo, passasjer nummer ein i 1954.

Har frakta 40 millionar passasjerar

Frå opninga i 1954 til nedlegginga i 2011 frakta Geilo Taubane 40 millionar passasjerar. Om ikkje mange år kan den legendariske traseen blir opna att.

Heistraseen Frå nærmast midt i Geilo sentrum til Geilohovda og Taubanekroa er klassisk Geilo.

Og som tidlegare turistsjef Ulf Kløve har skrive i jubileumsboka: Historia til Geilo Taubane er på mange måtar historia om turismens utvikling på Geilo. Taubanen vart offisielt opna 20. juni 1954. Snautt 13 år seinare passerte den ein million passasjerar. «Den store merkedagen for Geilo Taubane A.s var ei prisverdig stund. Vêrgudane let høgfjellssola glitre over dei kvite fjella – og det var eit mylder av gjester på Geilo og mange tungemål høyrdest», skreiv Hallingdølen 28. februar 1967.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Tonen var ein annan då taubanen vart lagt ned i september 2011. «Det var blanda kjensler då taubaneheisen køyrde sin siste runde sundag. Trass i gråvêr nytta mange høvet til å køyre den legendariske heistraseen opp Geilohovda for siste gong. I Taubanekroa på toppen var det mimring og gravøl», skreiv dåverande Hallingdøl-journalist Stein Torleif Bjella.

Taubanen frakta 40 millionar passasjerar i dei 57 leveåra heisen fekk.

Geilo Taubane slik han såg ut då han vart bygd i 1954. «Taubanen gjer Geilo meir enn før til ein internasjonal turiststad», skreiv Hallingdølen.
Geilo Taubane slik han såg ut då han vart bygd i 1954. «Taubanen gjer Geilo meir enn før til ein internasjonal turiststad», skreiv Hallingdølen.
Geilo Taubane var først i Hallingdal. Ein toseters stolheis frakta passasjerar frå sentrum til Geilohovda.
Geilo Taubane var først i Hallingdal. Ein toseters stolheis frakta passasjerar frå sentrum til Geilohovda.
24. februar 1967 vart Tordis Strindlund frå Stockholm passasjer nummer ein million i Geilo Taubane. Her frå feiringa saman med skilærarane Knut Anfinset (t.v.) og Arne Palm. Lengst til venstre er Lars Øyo, passasjer nummer ein i 1954.
24. februar 1967 vart Tordis Strindlund frå Stockholm passasjer nummer ein million i Geilo Taubane. Her frå feiringa saman med skilærarane Knut Anfinset (t.v.) og Arne Palm. Lengst til venstre er Lars Øyo, passasjer nummer ein i 1954.
I 2011 vart heistraseen lagt ned, men det kan bli drift att her om få år.
I 2011 vart heistraseen lagt ned, men det kan bli drift att her om få år.

Tankane om skiheis stamma frå 1930-talet då direktøren i Norsk Hotelcompagnie, Andreas Klem, og distriktssjef Lars Esmark i NSB hadde planar om ein svevebane med fløybanen i Bergen som modell. Sommaren 1937 vart det sett ned eit arbeidsutval med fabrikkeigar Lars Øyo som formann, Aksel Borge og Sander O. Fossgard for å arbeide vidare med planane. Like før andre verdskrig braut ut hadde dei fått tilbod om ein svevebane til 160.000 kroner. Men krigen forseinka planane, og etter krigen var signala frå Alpane at det no var stolheisar som gjaldt. Øyo og Borge reiste difor til Sveits på studietur hausten 1946. Der bestemte dei seg. Det måtte bli stolheis. Det skulle likevel ta åtte år før heisen opna. Det var ventetid for å få bygd heisen, og i 1952 fremja ei gruppe hytteeigarar erstatningskrav. Dei ville ikkje ha taubanen nær hyttene. Saka gjekk like til Høgsterett der Geilo Taubane fekk medhald. Dermed kunne det byggast stolheis.

I påskehelga 1954 var banen klar til prøvekøyring.

Og sundag 20. juni 1954 kunne samferdselsminister Jacob Pettersen endeleg erklære banen for offisielt opna. Lars Øyo køyrde den første turen saman med Pettersen. Den kring 800 meter lange heisen var den første skiheisen i Hallingdal. Det var ein toseter der passasjerane sat sidelengs i fartsretninga. Den betydde mykje for Geilo som turiststad.

– Ein merkedag for Geilo, sa ordførar Herman Solhaug.

Solhaug fekk elles ein luftig tur saman med fylkesmann Arnold Dybsjord då stolen dei sat i kilte seg fast. I tillegg til dei sentrale personane bak prosjektet vart Håkon Hallingstad ein viktig mann for taubanen. Han hadde erfaring frå arbeid med transportbanar i USA, og vart rekna som ein Petter Smart. Hallingstad vart driftsstyrar i 1954.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første driftsåret i 1955 gav eit passasjertal på 43.879.

I 1966 var talet auka til 120.000. Fredag 24. februar 1967 vart den historiske millionen passert. Klokka 11.40 køyrde Tordis Strindlund frå Stockholm tur nummer ein million saman med Lars Øyo. På toppen vart ho teken imot av skiinstruktørar som «bar henne under sterk applaus fram til ærestribunen, eit snøplatå, med flaggborg i nasjonalfargane til fem land», skildra Hallingdølen. Frøken Tordis, som Hallingdølen skreiv, fekk gratisbillett på livstid. For Øyo og dei andre som hadde arbeidd så hardt for taubanen, var passasjertala ei fjør i hatten. Den store trafikken var berre noko dei drøymde om.

«Lars Øyo som nyleg var komen tilbake frå eit ferieopphald på Kanariøyene, mintest arbeidet med å få bygt Geilo Taubane. Vi tenkte i tusen, ikkje millionar», sa Øyo ifølgje Hallingdølen.

I dag er det ikkje drift i den opphavlege Geilo Taubane.

Etter at heisen vart pensjonert i 2011, slo Geilo Taubane AS og Geilolia Skisenter AS seg saman til Geilo Skisenter AS. Henning Solhaug er dagleg leiar i Geilo Skisenter AS, og barnebarn etter Herman Solhaug, han som var ordførar då heisen opna. Han har eit mål om at traseen skal opnast att.

– Me har ein plan om å revitalisere den gamle heistraseen, seier Solhaug.

Det kan skje innan to-tre år. For i same periode er det planlagd å bygge ei ny bru på Geilo stasjon. Den vil knytte sentrum endå tettare til botnstasjonen til den gamle taubanen.

– Planen vår er å opne ein heis der ikkje lenge etter at brua er klar. Me har eit godt håp om det, seier Solhaug.