29. juli, 2016. Sprint/spenst trening på Hemingbanen med avsluttande fotoseanse.
29. juli, 2016. Sprint/spenst trening på Hemingbanen med avsluttande fotoseanse.

Han kan meir enn å gå på skøyter

Det begynte som ein hobby, men oftare og oftare ser han verda i bilete.

Christoffer Fagerli Rukke (28) er mest kjend for å gå fort på skøyter.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har vore på landslag og gått både VM og OL. No er han ein del av eit privatlag og drøymer om nytt OL neste år.

Men mellom treningsøkter, løp og samlingar har han dei siste åra brukt timevis på foto, video og redigering. På dei neste sidene finn du eit utval av Christoffers eigne bilete.

– Det starta med at me filma når me var rundt på trening og løp. Eg kjøpte videokamera før me skulle til OL i 2010, og laga nokre filmar som eg redigerte sjølv. Etter kvart fann eg ut at det var meir praktisk og enklare å bruke tida på foto, seier Rukke.

Christoffer Fagerli Rukke er mest kjent på isen, men har foto som sin store hobby.
Christoffer Fagerli Rukke er mest kjent på isen, men har foto som sin store hobby.
13. januar 2017. Det mykje omtalte stupetårnet på Hamar.
13. januar 2017. Det mykje omtalte stupetårnet på Hamar.
Artig biletseanse på Gjøvik med hjelp av sambuar Ingvild Flugstad Østberg.
Artig biletseanse på Gjøvik med hjelp av sambuar Ingvild Flugstad Østberg.
Oktober 2016. Solnedgang Kvaløysletta, Tromsø.
Oktober 2016. Solnedgang Kvaløysletta, Tromsø.
Uvêr i Inzell, Tyskland, juli 2015.
Uvêr i Inzell, Tyskland, juli 2015.
Mars 2015. Stjernehimmelen i Canmore, Canada. Biletet teke på tur heim frå utflukt til Banff på ein roleg dag før skøyteløp i Calgary.
Mars 2015. Stjernehimmelen i Canmore, Canada. Biletet teke på tur heim frå utflukt til Banff på ein roleg dag før skøyteløp i Calgary.
Solnedgang over brua til Sommarøy i Troms. Biletet er teke med 10-stop ND filter og ei lukkartid på heile seks minutt.
Solnedgang over brua til Sommarøy i Troms. Biletet er teke med 10-stop ND filter og ei lukkartid på heile seks minutt.
Sprintrening på Hemingbanen med avsluttande fotoseanse.
Sprintrening på Hemingbanen med avsluttande fotoseanse.
Bruk av lang lukkertid ved foto av solnedgang ved Bogstadvannet i Oslo i oktober 2014.
Bruk av lang lukkertid ved foto av solnedgang ved Bogstadvannet i Oslo i oktober 2014.
Han jaktar augneblinkar, lys og motiv når han er på fototurar. Her i heimbygda, Hol.
Han jaktar augneblinkar, lys og motiv når han er på fototurar. Her i heimbygda, Hol.

Han brukte nokre tusenlappar på eit enkelt kompaktkamera då han gjekk på vidaregåande, og meiner sjølv han hadde interessa tidleg. Då handla det mest om å dokumentere alle inntrykka frå skøytereisene, men etter kvart utvikla motiva seg.

I 2011 KJØPTE HAN sitt fyrste digitale kamera med speilrefleks. Sidan har hobbyen auka på.

No dreg han fram tre objektiv, blits og utløysar frå fotosekken. Og det er ikkje kva som helst.

– Eg kjøpte skikkeleg utstyr når eg fyrst skulle bruke litt pengar på kamera. Eg gjekk for toppmodellen til Canon. Det har ikkje skjedd revolusjonar på kamerasida dei siste åra, og den held seg lenge.

Han såg stor skilnad med ein gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du får mykje skarpare djubde i bileta, og kan gjera mykje meir med eit slikt kamera. Eg har teke skøytebilete, naturfoto og bilete av folk. Eg likar å prøve litt forskjellig.

Litt redigering må likevel til.

– Bileta blir flatare når dei kjem over på maskina. Eg gir dei litt punch med lys og kontrast. Iblant gjer eg meir, men ikkje for mykje. Slikt er for dei som høyrer til kunstsjangeren.

HAN ER SJØLVLÆRT innan både foto og video. Internett har vore eit nyttig verktøy.

– Eg har brukt mange timar til å leite på nettet, sjå video og lære. Men eg kunne sikkert lært kjappare andre stader.

Han brukar sosiale medium for å syne bileta, men tek ikkje bilete berre for å få likes eller positive tilbakemeldingar.

– Det er jo kjekt om folk likar bileta mine. Men det er ikkje berre difor eg legg dei ut.

Framleis jobbar han med å finne sitt eige uttrykk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har lyst til at folk ein gong skal kunne sjå at det er mine bilete, fordi dei har eit eige særpreg. Eg har eit ønske om å utvikle min eigen stil, finne ut kva er Christoffer sine bilete. Der er eg ikkje heilt enno.

– Oftare ser eg verda i bilete, eg ser ein plass og ser for meg alt frå kamerainnstillingar til ferdige bilete.

– Har du ein plan når du reiser ut?

– Både ja og nei. Når eg dreg ut, har eg eit ynskje om å lage noko eg ikkje har sett hos nokon andre. Men det er vanskeleg, for ofte startar ein med å sjå på kva nokon andre har gjort, og får ubevisst inspirasjon av det.

– Eg har vorte veldig glad i å ta landskapsbilete, men det er noko mange gjer. Då er det verre å skilje seg ut, men samstundes er det unike moglegheiter. Når eg reiser ut, så blir eg fascinert og det gir meg så mykje. Verda ute der er så stor at eg kan reise ut med ein plan og kome inn att med noko heilt anna. Berre det å tore å teste og prøve og feile, sjå at wow, det funka! Det var kult! Nokre gonger går eg ut og veit at det skal vere slik og slik, den og den innstillinga på kamera og sola kjem der og der. Men eg synest det er givande dei gongene eg går og ikkje har ein klar plan.

KAMERA HAR GITT HAN uventa opplevingar, til dømes eit bilete han tok på samling i Inzell.

Han hadde vore småsjuk og måtte trene rolegare, tok med seg kamerasekken og gjekk rundt i området. Fann skiløyper og sol i bakgrunnen.

– Eg enda opp med å gå innover ein skogsbilveg, så begynte eg å sjå på trea som hadde veldig mykje snø på seg. Det var tett skog og solstrålane kom mellom kvart tre. Eg rista i trea og såg om det kom snø ned. Det dukka opp eit par som gjekk forbi der, eg trur dei lurte litt. Men eg enda opp med eit bilete som vart veldig kult. Snøen vart veldig definert og lyset kom fint fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var moro å kome heim og sjå kva moglegheiter eg hadde med bileta eg hadde teke.