Hallingdolen

Reportasje

Han fann opp helsetrøya

Han fann opp helsetrøya

Etter denne artikkelen kjem du til å sende ein tanke til Øvre Numedal kvar gong du dreg på deg helsetrøya.

Se dette bildet i full størrelse
UTLÅNT AV Familien Brun - MILITÆR BAKGRUNN Henrik Natvig Brun 19 år gamal i 1916, og elev ved krigsskulen. I farens notatar står det at Henrik to år seinare skal ha gått på vinterlandbruksskule.

MILITÆR BAKGRUNN: Henrik Natvig Brun 19 år gamal i 1916, og elev ved krigsskulen. I farens notatar står det at Henrik to år seinare skal ha gått på vinterlandbruksskule.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

Me må attende til mellomkrigstida for å forstå korleis den revolusjonerande undertøysoppfinninga vart til. Det skjedde på garden Lunda i Uvdal, og opphavsmannen var gardbrukar og offiser Henrik Natvig Brun. At Brun hamna på feil side under krigen, er nok med å forklare kvifor han aldri fekk heider for oppfinninga si. For på sine gamle dagar levde Brun eit tilbaketrekt liv som sauebonde. Men sikkert er det at klesplagget som vart utvikla med tanke på militær bruk, skulle bli ei norsk eksportvare av dei sjeldne.

Her får du heile historia om uvdølen som var ein føregangsmann for fjell- og vinterutstyr og som slo eit slag både for Det norske forsvaret og for nordmenn på tur.

SÅ KVEN VAR han? Kva idear dreiv han?

Se dette bildet i full størrelse
UTLÅNT AV Brynje of Norway - VERDAS HØGSTE FJELL I 1953 var brynja med då Sir Edmund Hillary og Tenzing Norgay tok seg opp Mount Everest.

VERDAS HØGSTE FJELL: I 1953 var brynja med då Sir Edmund Hillary og Tenzing Norgay tok seg opp Mount Everest.Foto: UTLÅNT AV Brynje of Norway

Henrik Natvig Brun var fødd i Oslo i 1897. Faren Johan var tannlege og kjøpte i 1912 bruket Lunda i Uvdal for å bli fjellbonde. Henrik fekk militær utdanning, både på befalsskulen og seinare krigsskulen. I mellomtida hadde han vore mykje på Lunda og var blitt farga av farens nasjonalromantiske idear. Omsider rømte Henrik frå krigsskulen for å oppfylle Lunda-draumen. Og sjølv om faren prøvde å få han attende til skulen, tok aldri sonen avsluttande eksamen etter tre år med offisersutdanning.

Første verdskrig og etter kvart børskrakket snudde opp ned på mykje også i Norge. Verdsøkonomien låg som ei tung hand over alt. Sosialisme og kommunisme baud på løysingar. Mange var også skeptiske. Ingen torde å satse. Folk var utrygge og følte at noko ville koma. I mellomtida prøvde ein å leva så godt ein kunne.

UTLÅNT AV Familien Brun - DRAUMEN OM GARD Lunda gard i Uvdal frå 1912, fotografert av dr. Johan Brun, far til Henrik.

DRAUMEN OM GARD: Lunda gard i Uvdal frå 1912, fotografert av dr. Johan Brun, far til Henrik.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

Då pengane tok slutt, returnerte faren tilbake til tannlegeyrket. I 1921, 24 år gamal kjøpte og overtok Henrik garden av far sin. Han betalte 12.000 kroner. Same året gifta han seg med Brita. På Lunda fekk Henrik tid til å tenke medan han dyrka garden for hand. Han hadde sterke militære interesser og mange idear og tankar om å utruste Det norske forsvaret på ein betre måte. Resultatet var fleire typar oppfinningar av utstyr for hardt og krevjande klima.

UTLÅNT AV Familien Brun - FAMILIEN Brita og Henrik Brun med Vesle-Helga, Torill og Johan i 1936.

FAMILIEN: Brita og Henrik Brun med Vesle-Helga, Torill og Johan i 1936.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

EI AV OPPFINNINGANE Henrik brukte tid på var ein ny type undertøy. Oppfinninga kalla han brynje. Ho likna ringbrynja til vikingane.

Se dette bildet i full størrelse
 - HELSE I KVART HOL Brynja var del av eit heilt kleskonsept.

HELSE I KVART HOL: Brynja var del av eit heilt kleskonsept.

Tanken var å skape eit stort og samanhengane luftlag mellom kleda og overkroppen. Luftlaget skulle både isolere og ventilere. Brynja var innarbeidd i eit heilt konsept for korleis å best kle seg i kulda.

«Vi tenker oss en soldat i kamp, hårde marsjer så svetten siler, selv om han har tatt av sig det ene plagg efter det annet. Efterpå skal han kanskje ha stillesittende vaktteneste, ligge stille i skyte- eller beredskapsstilling. Han vil da i sterk kulde ganske snart begynde å fryse, og da er hans kampkraft ganske vesentlig redusert. En frossen soldat kan marsjere, arbeide og lide ondt; men til kamp og skytning er han meget lite brukbar. Viljen til seir tåler liten frost. Dette er en sannhet man stadig må ha for øie om vinteren», skriv Brun.

Han foreslo derfor: «Innerst på kroppen en meget grov trøie av grovt stivt fiskesnøre strikket på strikkepinner av et tverrsnitt av 8-10 mm. Herutenpå har man ulltrøier, genser og islender etter behov.»

«Jeg selv bærer den innerst ved kroppen natt og dag og den er blitt mig et uerstattelig plagg. Hertil må den vel sies hygienisk å rage høit.»

Etter kvart vart fiskesnøre bytta ut med hardtvinna bomullsgarn. Sjølv om Brun meinte ull var vel og bra, var tauet slik at det retta seg ut når det vart vått. Mellom anna skal lokale tømmarhoggarar ha vore prøvekaninar, skriv Lauritzen og Frøstrup i boka «Fjellpionerer». Brun betalte kvinner i bygda til å strikke trøyene. Maskene var grove. Slik sett var dei raske å lage, fortel familien. Ifølgje Ulateig skal Brun sjølv ha strikka over tusen brynjer. Han laga også underbukser i same materiale.

Se dette bildet i full størrelse
 - AFTENPOSTEN 1928 Bruns brynje var alt skriven om i Aftenposten onsdag 29. februar 1928. Det er første skriftleg kjelde funne om helsetrøya. «Jeg selv bærer den innerst ved kroppen natt og dag og den er blitt mig et uerstattelig plagg. Hertil må den vel sies hygienisk og rage høit», skreiv Brun sjølv om plagget.

AFTENPOSTEN 1928: Bruns brynje var alt skriven om i Aftenposten onsdag 29. februar 1928. Det er første skriftleg kjelde funne om helsetrøya. «Jeg selv bærer den innerst ved kroppen natt og dag og den er blitt mig et uerstattelig plagg. Hertil må den vel sies hygienisk og rage høit», skreiv Brun sjølv om plagget.

Se dette bildet i full størrelse
 - FØRTE LOGG Bruns notat inneheld både detaljerte ruteoversikter og temperaturar. Her ser du oversikt over dato, plass og temperatur på ruta Brun og soldatane gjekk februar til mars 1931.

FØRTE LOGG: Bruns notat inneheld både detaljerte ruteoversikter og temperaturar. Her ser du oversikt over dato, plass og temperatur på ruta Brun og soldatane gjekk februar til mars 1931.

ALT I FEBRUAR 1928 skreiv Aftenposten om den grove bomullstrøya som skulle halde norske kampstyrkar varme og klare for kamp. Då var det alt nokre år sidan Brun, som premierløintnant, prøvde ut trøyene under øvingar med Infanteriets vinterskule. Responsen var god. Trøya hadde «visselig gitt frelse fra mangen forkjølelse». Alt då var det klart at trøya egna seg like godt til militær bruk som sivil.

Året før, i 1927, fekk også Brun eit brev frå 5. divisjons Infanteriunderoffiserskole i Trondheim, der han blir takka for «et svinagtig morsomt forsøk med dette telthus». Trøyene skulle avsendaren atter prøve ut til dagleg under sin ullkominasjon. Han måtte berre få kona til å stelle litt på trøyene under armane, så dei ikkje skulle gnage, slik dei første utgåvene gjorde.

 - PETTER SMART Henrik  Natvig Brun eksperimenterte med smørjefrie ski. Han utvikla ein kjelke eller pulk som soldatane kunne dra etter seg i ulendt terreng. Han utvikla bindingar slik at soldatane kunne få på og av skia utan å bøye seg ned. På biletet ser du Henriks skikjelke for såra soldatar.

PETTER SMART: Henrik Natvig Brun eksperimenterte med smørjefrie ski. Han utvikla ein kjelke eller pulk som soldatane kunne dra etter seg i ulendt terreng. Han utvikla bindingar slik at soldatane kunne få på og av skia utan å bøye seg ned. På biletet ser du Henriks skikjelke for såra soldatar.

GJENNOM TRE VINTRAR (1930–32) var Brun engasjert av Hans Majestet Kongens Garde (HMKG) for å jobbe med vinterutstyr etter eigne prinsipp og idear. Brun skriv i 1932 at han var i Oslo for å førebu vinterforsøka. Gardistar tenestegjorde under han for å jobbe med alt frå uniformsdetaljar som vottar og fottøy til anna utstyr som snøspade, skibindingar, øks, spader, feltflaske, proviant, skikjelke, seksdukstelt og kokekar. Brun prøvde først ut oppfinningane på seg sjølv, så soldatane. Han drøymde om eit infanteri i stor fart, med høg kampkraft og høg kampevne, skriv Brun.

Ifølgje boka om Lunda, skriven av Bruns etterkommarar, gjennomførte Brun fleire forsøksturar med utgangspunkt frå leiren ved Elverum. Desse gjekk mellom anna gjennom Østerdalen, Rondane og Jotunheimen. Det meste av tida låg dei ute. Bruns erfaring var at om soldatane kom i varme hus, vart dei fortare sjuke.

Se dette bildet i full størrelse
 - ALT TIL PÅSKA Annonse for hyssing-skjorta frå Mehrens Herre-ekvipering i Lørdagsavisen 1936.

ALT TIL PÅSKA: Annonse for hyssing-skjorta frå Mehrens Herre-ekvipering i Lørdagsavisen 1936.

Se dette bildet i full størrelse
 - KVITTERING Herman Mehren kunne tilby brynjer til kundane i butikken i Rosenkratzgate i Oslo.

KVITTERING: Herman Mehren kunne tilby brynjer til kundane i butikken i Rosenkratzgate i Oslo.

Ein av forsøks- turane skildra av Brun:

Frå 11. februar til 10. mars 1931 la Brun ut på forsøkstur nummer to for Garden.

Første etappe gjekk frå Terningmoen til Sel stasjon (kring 220 km). Seks av ni dagar fekk dei uvêr. Brun skriv at han aldri har brøyta seg fram gjennom så store mengder nysnø, med så dårleg glid på skia. Kvar av soldatane drog eller bar rundt 50 kilo kvar. På slutten av kvar etappe var det sett ut mat og reservedelar. Etappe to gjekk frå Sel til Haugastøl (kring 250 km) i opptil liten storm og med dårleg sikt. Brun klagar også på kartverket mellom Hemsedal og Haugastøl. Tredje etappe gjekk frå Haugastøl til Uvdal (kring 80 km). Då dei kom opp på Hardangervidda, klarna det opp. Temperaturen sank til minus 20. Resten av vegen heim til Numedal var det strålande vêr og føre, før følget tok seg tre rastedagar i Uvdal. Siste etappe gjekk til Bleiken stasjon der dei tok jernbanen til Gjøvik, båt til Hamar og jernbane til Elverum.

Slik summerer Brun 80 mil og 22 marsjdagar med dårleg vêr og elendig føre: «Gardistene var friske og sterke, langt fra utslitte, etter turen. Grunnen er nok i første rekke god bekledning, godt utstyr og at kjelken hadde en rimelig vekt og var av en hensiktsmessig type».

Se dette bildet i full størrelse
FÅ SATSA PÅ VINTERUTSTYR
Se dette bildet i full størrelse
UTLÅNT AV Familien Brun - DEMOBILISERT Etter innsatsen på Narvik-fronten, kom kaptein Henrik Brun heim til Uvdal i juni 1940. Tida i det norske forsvaret var då over.

DEMOBILISERT: Etter innsatsen på Narvik-fronten, kom kaptein Henrik Brun heim til Uvdal i juni 1940. Tida i det norske forsvaret var då over.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

I FEBRUAR 1933 skal også Brun ha halde eit foredrag for Oslo Militære Samfund om gode klede for vinterkrig på bakgrunn av forsøka. Kleda skapte debatt. Men på grunn av dårleg økonomi i Forsvaret kunne dei ikkje kjøpe inn alt dei ønskte seg. Brynja vart difor berre innført i nokre mindre avdelingar, og utdelt til elevar ved Infanteriets Skyte- og vinterskule, Krigsskulen og befalskulane. Tanken var å gi dei kjennskap til underkledene utan å bruke tvang, for å opne vegen for å bruke det som var sett på som eit godt militært feltplagg, går det fram av brev frå Bruns tid i Forsvaret.

Under foredraget i Oslo Militære Samfund fekk Brun spørsmål frå kronprins Olav om det var Brun som vart kalla Jern-Henrik, skriv Ulateig. Det var eit tilnamn Brun hadde fått då han leia fjellpatruljane. For alle visste at Brun var viljesterk og hadde eit veldig temperament. Dei som hadde opplevd sinnet og raseriutbrota til Brun, sa «Gær’n Henrik». Brun skal ha svart kronprinsen slik: «- Ja, men i Uvdal kaller de meg Svart-Henrik», skriv Ulateig.

I 1936 skreiv ein av dei som hadde følgt Bruns arbeid, Gardechef T. Graff-Wang, eit brev der han takkar for den iver og interresse som kapteinen viste: «Arbeidet kapteinen har utført i saken om infanteriets vinterutstyr vil danne et verdifullt bidrag til løsningen av dette vanskelige spørsmål.»

UTLÅNT AV Familien Brun - Militær opplæring Kaptein Henrik Brun mellom soldatar på militær vinterskole på Elverum tidleg på 1930-talet.

Militær opplæring: Kaptein Henrik Brun mellom soldatar på militær vinterskole på Elverum tidleg på 1930-talet.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

TRØYENE VART POPULÆRE og mellom anna selde frå Mehrens herreekvipering i Rosenkratzgate i Oslo. Ein annonse i Lørdagsavisen 14. mars 1936 syner at butikken hadde Kaptein Bruns Brynje og alt i sportstøy for påsken. Trøya vart seld i to typar. Ei grøvre trøye, for utearbeid og turbruk. Og ei tynnare, også kalla salongbrynja, ved bruk av snipp. Denne høvde difor godt til dagleg bruk i byen.

Samstundes har avisa ei lengre sak om gode råd på vegen til høgfjellet. Her blir brynja grundig presentert. Henrik var då ein ulønt kaptein i den norske arme og privat gardbrukar i Uvdal.

Journalisten Jørgen Juve la vekt på at utviklinga av praktisk fjellutstyr hadde viktige sider. Likevel var det diverre så altfor få som tok poenget, og forsvaret sette heller ikkje av nok pengar til å utvikle vinterutstyr.

«De private som har syslet med saken har ikke hatt annen støtte enn det store publikum», skriv journalisten.

UTLÅNT AV Familien Brun - PÅ GRØNLAND Henrik Brun ved isbreen i 1936.

PÅ GRØNLAND: Henrik Brun ved isbreen i 1936.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

Ville bli først aleine over innlandsisen på Grønland

Henrik Brun ønskte også å teste utstyret på ein tur over innlandsisen på Grønland. Han ville gå ruta etter Nansen. Willie Knudsen, ein av Norges ukjende polarkjempar med 33 år bak seg i Arktis, fortalde at Brun ville bli det første mennesket på ski åleine over innlandsisen. Han ville finne ut korleis militært mannskap best kunne ta seg fram og klare seg i polare strøk. Kong Haakon støtta planane. Opphavleg skulle ekspedisjonen ha to deltakarar, men Brun måtte reise åleine. Han fekk skyss med polarskuta «Quest» opp Grønlandskysten i 1936. Båten ankra opp ved fastlandet ikkje langt frå Claveringøya og Jordan Hill, eit 1300 meter høgt fjell med isbre på toppen. Starten skulle gå frå Wordiebreen.

Knudsen og ein til om bord på «Quest» hadde meldt seg som frivillig for å hjelpe Brun opp på breen med forsyningar og utstyr. Tida jobba mot Brun, han måtte starte med ein gong. Ifølgje Knudsen vart dei «komisk ubetydelege» under den voldsomme breen. Breen kalva isfjell, buldringa fylte lufta og det var nesten vanskeleg å tenke. Breelvene, hol og smeltevatn kunne ta dei rett i døden. Med ryggsekkar, børser og pulk på slep klatra dei opp fjellet. Her var det truleg berre inuittane og ein ekspedisjon i 1932 som hadde vore før dei. Etter 25 beinharde kilometer skulle Brun gå vidare åleine.

Han hadde med seg ein pulk som kunne føye seg til terrenget, slåast saman og berast på ryggen. Dei som går langt i dag brukar liknande pulkar for å frakte utstyr og mat. Men i staden for å bli ein tur i lett stigande terreng, var det ei einaste seig lang skråning. Pulken var ikkje solid nok. Han tolte ikkje behandlinga frå den knallharde breisen. Brun innsåg at han måtte snu. Han slo leir ved foten av Jordan Hill. Der skulle polveteranen Otto Sverdrup hente han med skuta «Polarbjørn» dersom noko gjekk skeis. Fristen var åtte dagar. Brun kom seg om bord før skuta segla tilbake til Norge.

UTLÅNT AV Familien Brun - MED BRYNJA Kompanisjef Henrik Brun i front ved treningsleiren for Den norske legion ved Gulskogen i 1941.

MED BRYNJA: Kompanisjef Henrik Brun i front ved treningsleiren for Den norske legion ved Gulskogen i 1941.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

I MARS 1940 HADDE Feltartilleriregimentet skaffa brynje til alt personell som gjekk nøytralitetsvakt. Dette var første gong brynja vart prøvd av ein heil feltbataljon. I eit brev adressert til Brun går det fram at i alt 600 brynjer vart utdelt. Lovorda stod i kø.

* «Ved de stikkprøver, som fra tid til annen er foretatt for å bringe mannskapens inntrykk på det rene, har svaret alltid vært det samme, at dens ventilerende og isolerende egenskaper fullt ut tilsvarer de forventninger, som man etter forhåndsreklamen hadde stillet.» (Sjefen for Stabsbatteriet, kaptein Egers)

* «Soldatene greide å holde seg varme selv i den strengeste kulde (- 30). Grunnen til dette var at soldatene i tillegg til bekledningen hadde utlevert en «brynje» (Bruns modell). Denne ble benyttet av samtlige soldater og alle var vel fornøyd med den.» (Sjefen for 3. feltbatteri, kaptein Smith)

* «Guttene likte de utleverte brynjer svært godt» (Sjefen for 4. feltbatteri, kaptein Hellum)

Under den finske vinterkrigen (1939-40) skal det også vore stor etterspørsel etter brynjer, skriv Lauritzen og Frøstrup. Dei legg til at mykje av Bruns utstyr som uniformer og brynjer også vart brukt av den avdelinga han leidde under kampane ved Narvik våren 1940.

Henrik Brun var først kompanisjef og seinare fungerande sjef for Den norske legion med grad av Haupsturmführer. I 1941 skreiv han også under på eit opprop mot bolsjevismen og oppfordra alle «nasjonalsindede» menn om å melde seg for Den norske legion. Biletet er frå Gulskogen i 1941. (Skjermdump Filmavisen, NRK)

KOMPANISJEF: Filmavisen, NRK)

NORGE STOD SVAKT rusta då andre verdskrig braut ut. Me hadde eit «etiketteforsvar» utan våpen. Regjeringa hadde erklært at Norge skulle vera nøytralt i stormaktskonflikten, noko som i realiteten ikkje skjedde, ifølgje den Nasjonal Samling-vennlige avisa Folk og Land. Redaksjonen i avisa meinte også at den sigrande sida etter krigen forvrengte og forfalska historia.

Ti år etter krigen starta skreiv Brun ein fektningsrapport om kompani 7 av 15. Infanteriregiment underlagt 6. feltbrigade, som Brun førte på Narvikfronten. Han ville ikkje skrive rapporten under krigen i frykt om at den kunne kome i feil hender. Etter dommen som landsvikar, var det heller ikkje aktuelt. Men i 1950 ombestemte han seg både med tanke på etterkomarane sine og kompaniet.

Opplevingane kaptein Brun fekk i Narvik, var nok med på å forme synspunkt han fekk seinare i livet. Brun var nærast ein fanatisk tilhengar av eit sterkt forsvar og tok eit kraftig oppgjer med den norske offisersstanden, som han meinte svikta oppgåva si. Difor skal me her gå nærare inn på korleis det gjekk med Brun under krigen.

Digitalarkivet - PÅ VEG TIL TYSKLAND Den norske legion før avreise frå Gulskogen i juni 1941.

PÅ VEG TIL TYSKLAND: Den norske legion før avreise frå Gulskogen i juni 1941.Foto: Digitalarkivet

Hausten 1939, då krigen mellom Finland og Russland braut ut, hadde kaptein Brun søkt permisjon frå Hæren for å melde seg frivillig i Finland. Han ville ikkje at Norge skulle oppleva den «vanæra» at norske frivillige vart leia av framande offiserar. Men som mobiliseringspliktig offiser fekk han ikkje permisjon. Difor bad Brun i staden om å bli beordra som kompanisjef ved nøytralitetsvakta i Nord-Norge, som låg i Bardu. For han var sikker på at krigen ville kome.

Brun var no 42 år, og av dei eldste kompanisjefane. Likevel skal han ha vore av dei sprekaste, ifølgje Ulateig. I slutten av januar 1940 var han på plass. Ventetida brukte han på å trene kompaniet og på å skaffe utstyr. Han ville gi soldatane ein sjanse til å overleve. Dei hadde knapt ski. Til regimentskontoret gav han beskjed om at løna skulle haldast tilbake som garanti for innkjøp han kom til å gjere utan godkjenning frå sine overordna. Brun skaffa mellom anna 30 snøskuffer, som han meinte redda kompaniet for store tap. Han skaffa også utstyr slik at ski kunne bli gjort om til naudkjelker for såra soldatar, skriv Brun i rapporten.

Digitalarkivet - PÅ VEG TIL TYSKLAND Den norske legion før avreise frå Gulskogen i juni 1941.

PÅ VEG TIL TYSKLAND: Den norske legion før avreise frå Gulskogen i juni 1941.Foto: Digitalarkivet

BRUN VAR SKEPTISK til dei andre offiserane. Han meinte plikta til å lyde var hola ut, slik at disiplinen ikkje kom til å halde i kamp. Brun hadde eigne retningsliner som han las opp for kompaniet sitt under «giv akt og honnør». Dei 150 soldatane var fiskarar og småbønder frå Ofoten og Vesterålen, som aldri hadde sett krig, skriv Ulateig.

Brun meinte offiserane trong ei liknande innskjerping. 18. mars 1940 skreiv han brev til kong Haakon, som øvste krigsherre, der han kalla de norske mannskapet for «sivile i uniform». Han og bad majesteten minne dei på at dei var pliktige til å lyde. For som Brun skreiv i brevet: «Offiserkorpset må på innsiden av skinnet vite, at å være offiser, er å gi av all evne uavlatelig.»

Brevet gjekk tenesteveg, men kom aldri fram. Det vart stoppa av Bruns overordna.

Se dette bildet i full størrelse
UTLÅNT AV Familien Brun - SAUEBONDEN Henrik Brun kasta seg over saueavl etter krigen. Han likte seg i fjellet og dreiv som gjetar på Hardangervidda, samstundes som han registrerte fjellplanter. Biletet er frå 1952.

SAUEBONDEN: Henrik Brun kasta seg over saueavl etter krigen. Han likte seg i fjellet og dreiv som gjetar på Hardangervidda, samstundes som han registrerte fjellplanter. Biletet er frå 1952.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

Så kom krigen. Kvelden 8. april fekk kaptein Brun ordre om å føre heile andre bataljon mot Narvik. Det vart starten på ein fem veker lang frontinnsats med marginalt av våpen og vinterutstyr. Kvelden 9. april høyrde Brun Quisling be dei militære om legge ned våpena. Det tende kampviljen til soldatane, og i ettertid skreiv Brun: «Quisling hjalp mig godt den 9. april.»

Bruns kompani rykte fram og gjekk til ei rekke angrep. Brun stilte i front. For det var side om side med soldatane han kjende seg lukkeleg og tryggare enn nokon gong sidan han var barn, skriv Brun.

Han var stolt av soldatane sine. «Noen av dem oppfører seg som rene helter. De enkle, men trofaste guttene», skal Brun ha sagt, skriv Ulateig.

Kompaniet utmerkte seg i striden, og hadde fleire falne enn nokon tilsvarande avdeling. Avdelinga mista 15 mann og gjorde ein heltemodig innsats mot tyskarane ved Gratangen, ifølgje Lauritzen og Frøstrup. Brun kravde full lydnad frå mannskapet, samstundes som han sjølv utsette seg for same påkjenningar som soldatane, skriv Solhjell. I etterkant av krigen skal Brun ha forbanna seg over at ingen av soldatane ikkje fekk nokon påskjøningar, slik han meinte dei så inderleg hadde gjort seg fortent til. Ulateig legg til at 7. kompani var det første som vart sett inn mot tyskarane på Narvikfronten, og det siste som fyrte av kuler mot Dietls flyktande soldatar då byen vart gjenerobra.

UTLÅNT AV Familien Brun - ETTERKRIGSÅRA I 1963 gifta Henrik seg på ny med Loll Kaurin. Ho flytte inn i Gamlestova på Lunda saman med Brun. Etterkvart stod sonen Arvid og svigerdotter Gunnhild klar for å ta over garden. Her er dei på saueskilling i 1963.

ETTERKRIGSÅRA: I 1963 gifta Henrik seg på ny med Loll Kaurin. Ho flytte inn i Gamlestova på Lunda saman med Brun. Etterkvart stod sonen Arvid og svigerdotter Gunnhild klar for å ta over garden. Her er dei på saueskilling i 1963.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

Bedre menneske?

«Å drepe fanger er mord, og ødelegger oss selv. Vel er det ofte en nervøs situasjon når man tar fanger. Man må være våken, så vel over for sine egne som fiendens bevegelser. Det oppstår så lett noe som kan misforståes, og det blir da lett blodbad. Men er først fangene avvebnet, så er de ved Gud bare noen stakkars frysende djevler, som har lystret en ordre, nøyaktig som oss selv. Har dere en kopp kaffe å spandere, så gjør det.

Husk en ting: Vi skal gå ut av denne krig som bedre mennesker enn vi gikk inn i den. Det er bare at vi aldri noensinde gjør en uverdig handling. Krigens poeng er å seire, og er ikke unødig å lage likhauger.» Henrik Brun til soldatane i kompani 7 Kjelde: Fektningsrapport kp.7/I.R.15 1940 av Henrik Brun

BRUN VAR OGSÅ RASANDE på det som skjedde utanfor kompaniet. Engelske og franskmenn vart sett i land ved Narvik. Til bataljonsjefen skal Brun ha sagt: «Før vi ennu er ferdigmobilisert står fremmede tropper i Norge som våre allierte. Noen fremmede skal vi slåss mot, andre ikke. Hva slags nøytralitet er dette!» Seinare skal han ha sagt: «Jeg syns det lukter dritt av så altfor mye i dette land. Quisling, regjering, Storting, presse, major osv. Skulle vi da ikke selv skape soldatdåden som grunnlag for norsk åndelig reisning!»

Bruns forakt for dei overordna var no blitt sterk og open. Han hadde nærast eit kall om å frelse den norske hæren, skriv Ulateig. Brun fortalde sjølv om offiserar som prøvde å undergrave autoriteten hans. Dei skjelte han ut som galen, skriv Solhjell.

18. mai fekk han vite at kongen og regjeringa var i nærleiken. Brun søkte permisjon, for å gjera eit nytt forsøk på å få kongen til å stramme opp offiserane. Han sende brevet til kongen på nytt saman med eit følgjeskriv der han skreiv at Hæren «stuller og steller under fredens tegn, nu som før». For om ingenting vart gjort for å reise forsvaret, ville han ikkje bere skamma det var å gå i norsk offisersuniform.

Brun gjorde alvor av trugsmålet sitt. 14 dagar seinare sende han søknad om å bli løyst frå offiserspliktene. Han ville heller vera menig, stridande soldat ved fronten. Like etter, 7. juni, reiste kongen og regjeringa frå landet. 10. juni kapitulerte restane av den norske hær. Søknaden fekk Brun i retur. I midten av juni 1940 reiste han heim til Uvdal. I ettertid skal nok Brun ha ergra seg over at han ikkje fekk vera til Narvik vart gjenerobra og over at han gjekk for hardt ut mot sine overordna, fortel familien.

UTLÅNT AV Familien Brun - I GAMLESTOVA Henrik Brun og kona Loll på midten av 1980-talet. Brun døydde i 1990, 92 år gamal.

I GAMLESTOVA: Henrik Brun og kona Loll på midten av 1980-talet. Brun døydde i 1990, 92 år gamal.Foto: UTLÅNT AV Familien Brun

Støtta opp om kompanisjefen

31. januar 1945 sende 28 sersjantar, korporalar og menige, som hadde kjempa under Brun under felttoget i Narvik 1940, eit brev til kona Brita. Dei skriv at dei kjende kapteinen som ein sjeldan modig og kaldblodig offiser. Når dei diskuterte i ledige stunder, la ikkje Brun skjul på at han sympatiserte med det tyske folk, ikkje Hitler, og at han først og fremst hadde sitt eige lands interesser å ivareta. Dei skriv at kompani 7./I.R.15 var av dei beste avdelingane under Bruns leiing. Kompaniet hadde neppe greidd dei mange påkjenningar det var utsett for utan treninga dei hadde fått av Brun. Dei minner om det gamle ord «Som mesteren så hans svende» og legg til at dei med sikkerheit kan seie at kaptein Brun har den største æra. Brevet blir avslutta med at dei håpa teksten kom fram til rettssaka, og at den vart til fordel for kompanisjef Brun. Kjelde: Folk og Land, Nr. 1 – 1989

KAPTEINEN PRESENTERTE seg som relativt tyskarvennleg, og i stormaktskonflikten var han på parti med Tyskland. Likevel var han først og fremst ein nasjonal innstilt nordmann som ville verne om nasjonens ære. Til og med etter at tyskarane hadde teke Setermoen, heiste Brun det norske splittflagget mens tyske offiserar gjorde honnør. Ifølgje Solhjell gav Brun uttrykk for idear om den sterkastes rett, i tillegg til nasjonalsosialistisk ideologi, der enkeltmenneske og nasjon skaper sin eigen lagnad.

Brun såg det slik at okkupanten etter folkeretten var lovlege herrar så lenge krigen vara. Han synte til at det militære forsvaret hadde kapitulert, og at kongen og regjeringa hadde reist frå landet. Landet hadde difor ingen lovleg, konstitusjonell norsk øvste ansvarleg til å gi ordrar og direktiv for nordmenns handlingar i Norge. Ifølgje Solhjell var dette ikkje ei uvanleg oppfatning i 1940. Kampen for eit fritt Norge og Europa måtte førast vidare med dei middel dei rådde over. Nordmenn måtte ta sin del av ansvaret.

Slik sett var det ikkje overraskande at Brun stilte seg til rådvelde for Den norske legion. Organisasjonen skulle byggast opp sommaren 1941 på initiativ frå Quisling, leiar av Nasjonal Samling, og tyskaren Terboven, rikskommissær for dei okkuperte norske områda. Før krigen hadde NS åtvara mot det dei oppfatta som ansvarslaus politikk frå myndigheitene. Partiet gjekk inn for eit sterkt forsvar, ein kompromisslaus nøytralitetspolitikk og ønskte å samle nasjonen, ifølgje Folk og Land.

Tanken var at Den norske legion skulle inn på fronten i Finland. Brun var tiltenkt ei rolle ved Organisasjonskontoret. Men han likte seg best i lag med soldatane, og vart difor kompanisjef for 1. kompani i treningsleiren på Gulskogen ved Drammen, skriv Solhjell.

Brenden og Natedal, som nyleg gav ut boka «Norske frivillige i Waffen-SS» opplyser at Brun også skal ha vore den første kompanisjefen for 1. kompani i Den norske Legion. I boka er det fleire bilete av kapteinen under etablering av legionen. Saman med heile bataljonen reiste Brun og kompaniet hans med båt til Fallingbostel i Tyskland for å få meir utdanning og for å bli ei samla eining 30. juni 1941.

Bataljonssjef Jørgen Bakke gjekk ærend for tyskarane i kampen om å få kontroll over legionen. Han visste at avdelinga ikkje lenger kunne haldast saman om soldatane fekk kjennskap til den rette samanhengen, at dei skulle til Austfronten. Ved avreisa heldt han fast på at det endelege målet var Finland. Det er uklart om Brun og dei andre underoffiserane kjente til at soldatane vart utsett for eit kupp. For i Tyskland vart Bakke utnemnt til ny sjef for heile Den norske legion av tyskarane. På den måten vart legionen riven laus frå staben i Oslo.

UTLÅNT AV Brynje of Norway - FAMILIEVERKSEMD Odd Melsom (f.h), og sonen Bjørn Jacob framfor fabrikken i Larvik. Etter dei kjøpte merkenamnet Brynje, endra dei namn frå J. Jacobsen trikotasje og konfeksjon til Brynje Trikotasjefabrikk AS. No heiter verksemda Brynje of Norway.

FAMILIEVERKSEMD: Odd Melsom (f.h), og sonen Bjørn Jacob framfor fabrikken i Larvik. Etter dei kjøpte merkenamnet Brynje, endra dei namn frå J. Jacobsen trikotasje og konfeksjon til Brynje Trikotasjefabrikk AS. No heiter verksemda Brynje of Norway.Foto: UTLÅNT AV Brynje of Norway

I FALLINGBOSTEL DREIV SOLDATANE framleis med øvingar utan våpen. Det likte Brun lite. «Vi står her i fremmed land, efter 5 uker, fremdeles våpenløse, som om vi skulle være krigsfanger i fiendeland. Vi legionærer, vi frontkjempere er de egentlige garantister for at Adolf Hitler holder sitt ord om et Fritt Norge», skal han ha uttalt i ein tale til soldatane 17. august.

Dagen etter fekk dei våpen, men dei tyske sjefane heldt Brun under oppsyn. For Brun stod norsk ære på spel, tysk framgang på slagmarkene kom i andre rekke. Brun var no SS-Hauptsturmführer. Utpå hausten kom ein ny pulje legionærar frå Gulskogen til Fallingbostel. Brun si tid som legionær gjekk mot slutten. Dei tyske sjefane ville ha han vekk. Den direkte årsaka til at han var heim- attsendt, var ein tale han heldt under ei mottaking for ein tysk offiser. Der skal Brun ha sagt: «Her har vi kommet fra Norge med åpne hjerter og åpne sinn for å slåss sammen med dere på Østfronten. Vi har rakt dere en åpen hånd, men dere har spyttet i den!»

Familien fortel at uvdølen sa det han meinte, og det gjekk ikkje der. Ifølgje Solhjell var Brun inne på tanken om å gå inn som menig soldat, men valde likevel å reise heim til Uvdal. Avskjedsorda skal ha vore: «Tross alt, gutter, dere kjenner Norges ære brenne i hjertene. Hold ut karer! Hold ut!»

Dei norske legionærane kom aldri til Finland. Dei fleste fekk si grav under krigshandlingane i Sovjet, skriv Solhjell.

Sjølv attende i Uvdal, bar nok Brun på ei frykt om at tyskarane var ute etter han. Som følge av eksplosjonen på tungtvassfabrikken på Rjukan, var området utsett for tyske razziaer. Brun vart teken i forhøyr og heimen hans på Lunda ransaka av Gestapo. Brun kjende også til Heimestyrkane, som det var mange av i Uvdal, men røpa ikkje noko av det han såg og visste.

Dette var ei tid verda var i krise. Brun hadde trudd den store fienden var Russland. No hadde han kjempa for landet sitt mot tyskarane og tapt.

Se dette bildet i full størrelse
 - SALSPAPIRA For 2000 kroner i juli 1953, sikra Henrik Brun at oppfinninga fekk bein å gå på.

SALSPAPIRA: For 2000 kroner i juli 1953, sikra Henrik Brun at oppfinninga fekk bein å gå på.

BRUN SA SEG IKKJE SKULDIG i å ha svikta landet. I rettsdokumenta frå Riksarkivet tok tiltalen mot Brun utgangspunkt i at han melde seg inn i Nasjonal Samling 3. januar 1941, og at han vart ståande som medlem til kapitulasjonen. Han søkte opptak i Rikshirden januar 1942, sjølv om han melde seg ut fem dagar etter. Ham tenestegjorde frivillig i den Norske Legion frå juni 1941 til desember same år. Sommaren 1942 søkte han om å få tenestegjere som menig soldat i Den norske legion. Etter sommaren 1942 var ikkje Brun lenger til skade for landet. Då heldt han seg på garden i Uvdal.

Brun vart dømt for landssvik, sjølv om han var i aktiv teneste som vernepliktig kaptein då krigen braut ut. I formildande retning peikar retten på at Brun hadde gjort mykje for utviklinga av vinterutstyr. Brynja var framheva, og han fekk ros for innsatsen i Narvik. Retten la også vekt på at Brun hadde meint at Den norske legion skulle fungere som Norges frigjerar under krigen, og brevet han sende Quisling og Terboven om at Quisling måtte trekke seg attende til fordel for konge, regjering og eit lovleg valt storting.

Han vart dømt til tvangsarbeid i tre år, minus 357 dagar han alt hadde vore i varetekt. Dei næraste fortel at dommen var tung å svelge for ein som meinte at han alltid hadde ynskt det beste for landet og folket. At han då vart stempla som landsforrædar, var noko som prega han livet ut. Brun mista også stemmeretten i ti år. Han mista retten til å gjere teneste i rikets riksmakt og fekk ikkje gjera offentleg teneste. Straffa var tømmerhogst i Verjedalen. Det likte Brun dårleg, og fekk drive med grøftegraving i staden. Først då Brun var i 50-åra, vart han ein fri mann.

Dottera Vesle Helga seier at livet ikkje vart heilt slik Brun hadde tenkt seg. Etter krigen ville han gjerne flytte til Helgeland, etter å ha forelska seg i landsdelen; men kona Brita protesterte. Brun ville bevise at han klarte seg utan skog, og gav bort skogen til dei fire ungane. Heime på Lunda leverte han kyrne og starta opp att med sau. Ei tid etter krigen mista Brita jobben som lærarinne i Kyrkjebygda. Ho følte då at ho måtte reise bort for å leva vidare. Ekteparet skilde lag i 1952. Dei yngste borna vart med Brita. Brun gjekk att åleine for å stelle med sauene. Dette var ei tung tid. Han måtte finne ein måte å leva vidare på. Brun tenkte og han skreiv. I einsame stunder sleit han golvplanken. Ifølgje Helga E., niesa til Brun, levde onkelen mest i tankane.

– Det var lett å bli vikla inn i ideologi, noko heilt anna å vikle seg ut att om ein er ivrig. Sjølv når det viser seg at ein har vore på lag med kjeltringar. Det er, om ikkje anna, ein lærdom me kan trekke av det tjuande århundre, fortel Helga E. i boka om familien på Lunda.

UTLÅNT AV Brynje of Norway - FABRIKKEN I LARVIK Slik såg fabrikken til J. Jacobsen trikotasje og konfeksjon ut i 1949.

FABRIKKEN I LARVIK: Slik såg fabrikken til J. Jacobsen trikotasje og konfeksjon ut i 1949.Foto: UTLÅNT AV Brynje of Norway

1887 REISTE JACOB JACOBSEN frå storfamilien i Danmark for å slå seg ned i Larvik. Der etablerte han J. Jacobsen Trikotasje og Konfeksjon. Fire generasjonar seinare sit Bjørn Jacob Melsom ved roret. Verksemda heiter no Brynje of Norway, og er av dei eldste familieeigde trikotasjeverksemdene i Norge. Melsom, som har vore med sidan han var barn, er klar i sin tale:

– Det er kaptein Bruns brynje som gjorde oss til det me er. Ikkje mange norske trikotasjefabrikkar kan vise til liknande suksess. Ideen kom frå Uvdal, varemerket er no verdskjend.

– Korleis kom de i kontakt med Brun?

– Det var maskinstrikk som var bøygen for Brun. Han hadde korkje maskinar eller særleg med pengar for å få produsert trøya. Då han kom til oss, hadde han vore rundt fleire plassar utan hell. Det heng nok saman med landssvikdommen. Hæren ville ikkje lenger ha noko med han å gjere. Han snakka med far min, som hadde Raschel-maskiner til å produsere trøyene. Me prøvestrikka prototypar for å sjå om det lét seg gjere. Me hadde teknikken til å få det til, sjølv om hola vart litt mindre enn på dei grovhekla trøyene, fortel Melsom.

Melsom må avslutte samtalen, for å ta imot ein vareleveranse. Men han har funne fram dokumentmappa når Hallingdølen slår på tråden att.

– Slik eg har forstått det, var Brun glad for i det heile å få noko att for arbeidet med brynja. 2000 kroner var maksimalt det han fekk ut av ein jobb som hadde teke han kring 30 år. Me hadde tru på oppfinninga, på den måten sikra han seg at verket hans vart vidareført, fortel Melsom før han legg til.

– Brun fekk heldigvis att noko for oppfinninga. Summen var jo ein god slump pengar etter dåtidas mål. Norge var av dei fattigaste landa i Europa på det tidspunktet. Det var billig å produsere i her, med råmateriale frå mellom anna Portugal, Spania, USA og Egypt.

Brynje of Norways arkiv - FABRIKKEN Den gamle fabrikken til Brynje of Norway låg midt i Larvik, med fargeri i ein separat bygning. Biletet er frå 1960. No er hovudfabrikken rive, og nye produksjonslokale ligg nærare Lågen.

FABRIKKEN: Den gamle fabrikken til Brynje of Norway låg midt i Larvik, med fargeri i ein separat bygning. Biletet er frå 1960. No er hovudfabrikken rive, og nye produksjonslokale ligg nærare Lågen.Foto: Brynje of Norways arkiv

MELSOM FORTEL at like etter krigen ville Forsvaret gjerne ha trøya produsert. Det var nok noko av forklaringa for kvifor familieverksemda fatta interesse for brynja. I lag med Hæren utvikla dei ein prototype.

– Det første anbodet fekk me ikkje. Det var nok eit sjokk den gongen, då det var snakk om trøyer til mange soldatar. Grunnen er sjølvsagt prisen. Heile 14 verksemder la inn anbod. Me hadde papira klare, mens Forsvaret måtte ha fleire tilbydarar for å køyre ein anbodskonkurranse. Ved offentlege anbod, er det lov å kopiere og gjere patent tilgjengelege for andre. Det leie ved systemet er at andre kan forsyne seg. Me har opplevd det mange gonger, då me ikkje er billigast. Det er tøft, men slik er spelereglane. Leitt er det å tape uansett, for det er mange som vil selje.

– Kva meiner du?

– Me selde mellom anna ei Raschel-maskin til Edvin Thorson Jr., mannen bak EKT helsetrøye. Thorson var ein fleire som kasta seg på helsetrøyebølga. Då hadde me alt vidareutvikla trøya i samarbeid med Hæren og kjøpt og registrert om merkenamnet. Sjølv om Thorson var tidleg ute, hadde me alt utvikla den første maskinproduserte helsetrøya, seier Melsom.

Melsom fortel at det første anbodet Hæren lyste ut gjekk til ein produsent lenger nord i Norge. Likevel gav ikkje familieverksemda opp. I staden såg dei etter andre plassar å selje trøya.

– Det var hell i uhell. På den måten fekk me fotfeste utanfor landegrensene.

 -  Brynje of Norway fabrikktegning

Brynje of Norway fabrikktegning

OG HELSETRØYA vekte oppsikt. I 1953 utstyrte Brynje den første ekspedisjonen til verdas høgste fjell, Mount Everest. Sir Edmund Hillary og Tenzing Norgay bar Brynje helsetrøye inst på kroppen.

– Importøren vår i England selde brynjer i bøtter og spann. Dei var opphavleg polske jagarflypilotar i England under krigen. Firmaet starta import av utstyr og kom med ideen om å utstyre Everest-ekspedisjonen med helsetrøya. Eg anar ikkje korleis me kom i kontakt med dei. Dette var jo militærfolk, og det var tette band mellom England og Norge. Det er ikkje utenkeleg at dei alt hadde høyrt om trøya gjennom Forsvaret. Det var uansett topp marknadsføring for Brynje, og gjorde underverk for eksporten av trøyene.

Samstundes vart trøya meir og meir brukt av idrettsstjerner. Eit heilt nytt konsept til sivil bruk var fødd. Svenske Ingemar Johansson, som seinare vart verdsmeister i tungvektsboksing på 1960-talet, var også sponsa med brynjer og eit honorar på 1500 kroner. Ifølgje Melsom var Brynje av dei første undertøysfabrikantane som sponsa idrettsutøvarar, noko som sette sving på både popularitet og salet av plagget.

Oppfinninga til Brun gjorde at trikotasjefabrikken i Larvik gjekk over frå damemote og barneklede til plagg for aktive, militæret, sport og friluftsliv. Etter krigen la folk også vekt på meir fritid og bruk av naturen, noko som tente Brynje. På det største leverte verksemda volum på 150.000-200.000 plagg. Trøya har vore med på fleire motebølger, der Brynje somme tider ikkje har klart å skaffe nok.

UTLÅNT AV Brynje of Norway - VERDSMEISTER INGO Ingemar Johansson var av dei første som vart sponsa av ein undertøysfabrikant.

VERDSMEISTER INGO: Ingemar Johansson var av dei første som vart sponsa av ein undertøysfabrikant.Foto: UTLÅNT AV Brynje of Norway

SJØLV OM THORSON JR. og EKT helsetrøye vart laga på Brynje sine maskiner, var dei framleis ein konkurrent.

– Helsetrøyene til EKT og Brynje vart etter kvart jamstore i Norge. EKT var kanskje større enn Brynje her til lands, seier Melsom.

Han fortel vidare at på slutten av 50-talet gjekk Brynje til rettssak mot EKT om merkenamnet, som dei vann.

Enden på visa var at Brynje etter kvart kjøpte attende maskinene frå Thorson då han la opp, og dei overtok rettande til å produsere under namnet EKT til faste kundar og til Langedrag Naturpark i Nore og Uvdal.

– Likevel var det meir aktuelt for oss å produsere under namnet Brynje, som var ei større merkevare på verdsbasis, legg Melsom til.

Melsom fortel at då Forsvaret kom attende til Brynje etter nokre år, levde verksemda godt på eksport pluss leveransar til Forsvaret. Brynja har vore vidareutvikla i samarbeid med Forsvaret i mange år og det er gjort mange tilpassingar. Enno sel dei trøyer til norske spesialstyrkar.

– Historia om Brun, innovasjonsarbeid og testing av turutstyr har betydd mykje for Brynje. Me lever av helsetrøya enno, men no kjem den ikkje berre i bomull, men i ull og syntetisk materiale. Me har ulike blandingar og til og med sokkar i same prinsipp som Brun fann opp, fortel Melsom og legg til:

– Brynja er ein eksportsuksess frå Uvdal. Det finst ikkje makan. Trøya har vore med på det meste. Dei lengste turane, høgste toppane, til fots, på ski og sykkel. Den har vore til Nordpolen , Sørpolen, Grønland og Antarktis. Kaptein Brun var ein dyktig kar. Eg vil rette ein stor takk til Brun og til oppfinninga hans. For sjølv om Brun hamna på feil side under krigen, er det på høg tid han får oppreisning. For dette er eksempel på ein flott nordmann som var blant dei tøffaste. Han ville forsvare Norge og gi landet ei annan opprusting enn slik tilhøva var før krigen. Han fortener all heider, avsluttar klesprodusenten i Larvik. 

UTLÅNT AV Brynje of Norway - MOTETRØYE Her ser du ein av dei eldste reklameplakatane for Brynje helsetrøye.

MOTETRØYE: Her ser du ein av dei eldste reklameplakatane for Brynje helsetrøye.Foto: UTLÅNT AV Brynje of Norway

Brynje of Norways arkiv - INTERNASJONALT Hell i uhell, gjorde at Brynje of Norway fekk fotfeste internasjonalt. Her er ei nederlands reklame for helsetrøya.

INTERNASJONALT: Hell i uhell, gjorde at Brynje of Norway fekk fotfeste internasjonalt. Her er ei nederlands reklame for helsetrøya.Foto: Brynje of Norways arkiv

Brynje of Norways arkiv - OGSÅ FOR HESTAR

Brynje of Norways arkiv - SUPERBRYNJE Brynje of Norway har vidareutvikla kaptein Bruns brynje. Her er eit eksempel på sportsundertøy.

SUPERBRYNJE: Brynje of Norway har vidareutvikla kaptein Bruns brynje. Her er eit eksempel på sportsundertøy.Foto: Brynje of Norways arkiv

Brynje of Norways arkiv - FOR DEI AKTIVE

(Kjelder: Hallingdølen har fått tilgang på matriale frå familien Brun, som inneheld dokumentasjon som avisutklipp, Henrik Bruns eigne notat, brev, prototype av trøya og fektningsrapporten som Brun skreiv etter innsatsen på Narvikfronten. I tillegg har me fått bruke stoff frå boka «Familien Brun på Lunda 1912 til 2012», skriven av sonen til Henrik, Arvid Bøckmann Brun. Me har vore i kontakt med familieverksemda Brynje of Norway, som industrialiserte oppfinninga til Brun og gjorde den tilgjengeleg for massane. Me har supplert med informasjon frå boka «Bygdehistorie for Nore og Uvdal» av Kåre Olav Solhjell og artikkelen «Norges tapte våpenære?», skrive av Kåre Olav Solhjell. Artikkelen finst i arkivet til Stiftelsen norsk okkupasjonshistorie. Der fann me også informasjon i avisa Folk og Land, Nr1 – 1989. Me har også brukt boka «Fjellpionerer» av Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup, Vi Menn-artikkelen «Jern-Henrik – for tøff for SS» av Egil Ulateig og boka «Mitt Arktis» om Willie Knutsen, Norges ukjente polarkjempe, skrive av sonen Will C. Knutsen.)