– Det er ein del tøffe tak med denne typen journalistikk. Er du kritisk til makta, vil makta slå tilbake.
– Det er ein del tøffe tak med denne typen journalistikk. Er du kritisk til makta, vil makta slå tilbake.

Hallingen som set dagsorden

Han kan gjere livet surt for folk. Men han gjer det ikkje for å vere jævlig.

{{imageLeft}}

– Er målet å avsløre driten i samfunnet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje berre det. Målet er å setje dagsorden. Lage forteljingar som blir ein referanse i samfunnsdebatten.

Odd Isungset sit på ei lite kontor i TV-huset i NRK på Marienlyst. Ikkje noko i dette rommet fortel meg at her jobbar ein av dei mest prislønte journalistane her i landet, Odd Isungset (62) frå Geilo. Men like borti korridoren jobbar journalistar og researcharar i ein av landets mest prestisjetunge redaksjonar, Brennpunkt-redaksjonen i NRK. Over døra inn i redaksjonslokala blir me mint på at her går me inn i det aller heilagaste, det er her gravejournalistane held til. Ein slags adel innan journalistikken, eller ...

Det avfeiar Isungset glatt. Han meiner all journalistikk på eit eller anna vis er gravearbeid. Det er berre det at Brennpunkt-redaksjonen er plassert på ein framskoten post i NRK-systemet. Den har grønt lys til å vere dristigare og gå djupare. Førebiletet for denne typen journalistikk er for mange Watergate-avsløringa som The Washington Post stod bak på 70-talet. Journalistane Bob Woodward og Carl Bernstein vart verdsberømte då dei bokstaveleg tala sende president Richard Nixon ut i elende. Det er ei draumehistorie for mange journalistar verda over, eit drama som er vorte både film og bøker.

– Ein gravar i sinn og skinn? – Jau, eg er nok det.
– Ein gravar i sinn og skinn? – Jau, eg er nok det.
– Eg var ein raddis i yngre år som budde i kollektiv, dyrka grønsaker og var imot alt.
– Eg var ein raddis i yngre år som budde i kollektiv, dyrka grønsaker og var imot alt.
Oppover.
Oppover.
Odd Isungset frå Geilo er ein prislønt journalist.
Odd Isungset frå Geilo er ein prislønt journalist.
– Å kalle meg eit råskinn passar ikkje heilt.
– Å kalle meg eit råskinn passar ikkje heilt.
Odd Isungset har hausta mykje ros for TV-dokumentarane, og fått fleire prisar i inn og utland.
Odd Isungset har hausta mykje ros for TV-dokumentarane, og fått fleire prisar i inn og utland.
– Eg er drapstruga ein gong. Då måtte me gjere tiltak.
– Eg er drapstruga ein gong. Då måtte me gjere tiltak.
– Eg er halling i by’n. Det går heilt fint.
– Eg er halling i by’n. Det går heilt fint.

– Det var stort, og det var ein inspirasjon.

{{imageLeft}}

– Drøymer du om det store scoopet?

– Drøymer og drøymer. Det gjer eg av og til. Mest handlar det om engasjement og løyse ei sak som er viktig, seier han.

Men Isungset samanliknar seg ikkje med den legendariske redaktøren i The Washington Post den gongen, Ben Bradlee, som stod midt i stormen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, nei, ler han avvæpnande. Eg har ikkje Bradlee som førebilete.

Men det kan også storme rundt Isungset. Ganske heftig også.

– Ein må tole ein trøkk, seier han. Eg er drapstruga ein gong. Då måtte me gjere tiltak.

– Er du eit råskinn?

– Nei. Men det blir ein del tøffe tak med denne type journalistikk, både som sjef og som utøvande journalist. TV har ei veldig gjennomslagskraft. Det eine er å vere maktkritisk, då vil makta slå tilbake. Me har vore i tre rettssaker, og vunne alle, forresten. Dei var frå TV2-tida, eg har ikkje vore saksøkt som Brennpunkt-redaktør. Det andre er å eksponere dei mest sårbare i samfunnet. Når lyset blir sett på dei og deira historie, skal ein trå varsamt. Me har eit betydeleg ansvar for å ta vare på dei. Dette med råskinn passar ikkje heilt.

ODD ISUNGSET VOKS OPP på Geilo. Han gjekk langrenn og sprang på friidrettsbanen i ungdommen og visste ikkje kva han skulle bli då han gjekk ut av Hallingdal gymnas i 1974. Som mange andre satsa han på folkehøgskule i eitt år for å sortere tankane. Han vart oppteken av naturvern og friluftsliv, var ein raddis som var imot alt, vart organisasjonssekretær i Natur og Ungdom, budde i kollektiv og dyrka grønsaker i Asker og arbeidde ei tid på ein behandlingsheim for autistar før han spurte seg sjølv: Skal eg bli journalist, eller skal eg jobbe med folk?

Han satsa på journalistikken, og kom så vidt inn på medielinja i Volda. Det var avisjournalist han ville bli. Han trudde aldri at han skulle arbeide med radio fordi han var litt treig, slik følte han det iallfall. Og det fekk han også høyre frå andre. Avispraksisen fekk han som ein av tre redaktørar i studentavisa for distriktshøgskulane. Likevel følte han at radio var meir spennande, og då han fekk praksisplass i NRK i Førde, var det gjort. Etter å ha vore innom NRK Buskerud/Vestfold og Dagsnytt og jobba som NRK-korrespondent i København, hamna han i TV2. Året var 1992, og kanalen var heilt nystarta. Isungset var ein av dei aller første som vart tilsett.

– Eg var tilsett nummer 42, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

I 2010 TOK HAN SLUTTPAKKE i TV2, og to år etter fekk han redaktørjobben i Brennpunkt.

– Det var ein av dei jobbane eg kunne tenke meg.

Han leier ein redaksjon med sju journalistar og tre researcharar. I tillegg kjem fotografar og redigerarar som blir trekte inn i produksjonen.

Det er i desse tronge redaksjonslokala programma blir til, program som set dagsorden og får maktpersonar til å ligge vakne om nettene. Her gjeld det å halde tunga rett i munnen og ha kontroll på fakta. Fallhøgda er høg og brutal.

– Det er mange som står klare til å ta oss, seier Isungset, og ser ikkje ut til å bekymre seg.

– Å bli klaga inn til Pressens Faglege Utvalg (PFU) ser eg på som eit sunnheitsteikn. Men det gjeld berre å lande på rette sida.

Ja vel ...

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er alltid folk som ikkje likar oss. Ein driv ikkje med journalistikk for å gjere alle til lags. Ingen satsar på journalistikken for å bli populær, seier han.

SISTE GONG DET STORMA var etter dokumentaren «Lykkelandet». Temaet var eit tiggernettverk frå Romania som opererte i Bergen, og som tente millionar på organisert tigging, gateprostitusjon og narkosal. Dei posta ei lang rekkje skrytebilete av seg sjølv der dei poserte med pengar. I ettertid viste det seg at eit fåtal av desse poseringsbileta ikkje var tekne av folk i nettverket, forklarar Isungset. Dagen etter at dokumentaren vart vist på NRK 18. april i år, forsvann alle gateprostituerte i Bergen, ifølgje politiet. Etterpå vart debatten ein kort periode prega av nettopp ein diskusjon om bruken av desse bileta.

– Ei ripe i lakken, erkjenner Isungset. Men det rokkar ikkje ved sjølve saka.

– Er du ein gravar i sinn og skinn?

– Ja, eg må kunne seie det.

{{imageLeft}}

– Kva driv deg?

– Ønsket om å gjere ein forskjell. Det er både viktig og artig. Den viktigaste funksjonen til den fjerde statsmakt er å ettergå makt og styresmakter. Journalistikk er viktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1998 SETTE HAN NÆRMAST FYR på Nes kommune heime i fredelege Hallingdal. 700 menneske gjekk i fakkeltog etter dokumentarprogrammet på TV2, «Ein neger kom til Nes stasjon» i kjølvatnet av at Svenkerud Hotell nærmast over natta vart asylmottak. Det var noko nytt den gongen at det vart etablert eit asylmottak midt i sentrum i liten bygd. «Ei feil framstilling av stemninga i Nes», skreiv eg i ein kommentar i Hallingdølen. Folk var forbanna på Isungset, riksavisene gav Nes-samfunnet det glatte lag og nesningane var fortvila. Dei følte at kommunen var stempla som ei rasistbygd.

Han smiler mens han sender tankane bakover i tid.

– Det var første gongen eg opplevde å få eit eige fakkeltog. Det viste også gjennomslagskrafta til TV. Det var artig å lese Hallingdølen den gongen. Det er moro å røske opp, sjølv om det kan vere smertefullt for dei som bli eksponert. Det er også moro å sjå kva dette betydde i ettertid.

Dessutan: – Det er artig når journalistikken ein driv får betydning. Då føler eg at eg har gjort ein god og riktig jobb.

Men ein feil kan rive ned eit elles godt arbeid. Han har folk over seg i systemet som blir trekt inn i vurderingane. Dei mest alvorlege og prinsipielle spørsmåla, som å bruke skjult kamera, går heilt til topps til kringkastingssjefen. Men Isungset spelar elles med opne kort. Dei involverte blir invitert til å sjå programmet på førehand.

– Kven skaut William Nygaard?

– Eg veit ikkje, men eg har mine teoriar.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

NYGAARD VAR FORLAGSSJEFEN i Aschehoug som vart skoten utanfor heimen sin i Oslo i 1993. Han vart treft med tre skot, og overlevde utruleg nok. I 2008 laga Isungset TV-dokumentaren «Blodsporene fra Dagaliveien». Dette journalistiske arbeidet resulterte i at etterforskinga av attentatet vart teken opp att. Han følgde opp med ei bok, «Hvem skjøt William Nygaard?». For arbeidet med denne boka fekk han Den Store Journalistprisen.

– Eg er stolt av arbeidet med Nygaard-saka. Den er ikkje løyst, men at etterforskinga vart teken opp att etter at riksadvokaten kritiserte Oslo-politiets etterforsking med utgangspunkt i mitt arbeid, ser eg på som ei anerkjenning.

– Har journalistikken din hatt betydning?

– Ja, den har bidrege til at urett er retta opp og ført til lovendringar. Journalistikk har konsekvensar.

Han seier ikkje dette for å skryte, for slikt held han seg for god til. Han treng det ikkje heller. Fordi Odd Isungset har fått ei rekkje priar i inn og utland for sine TV-dokumentarar. Blant desse er dokumentaren om tragedien med den russiske U-båten «Kursk» som vart liggjande i djupet i Nordishavet med eit mannskap på 118. Det er ein av dei mest sette norske TV-dokumentarane med visingar i 32 land. Den vann Gullnymfen for beste TV-dokumentar på TV-festivalen i Monte Carlo i 2001.

– Det er ein film om kva som hendte og løgnhistoriene til dei russiske styresmaktene, seier han.

Oppfølgjaren «Brevet frå dypet» som han laga saman med Øystein Bogen vart selt til TV-stasjonar over heile verda.

– Det er ein film om ei av enkene, Olga, og brevet som mannen hennar hadde skreve til henne frå djupet. Kursk-dokumentaren er det største eg har arbeidd med.

{{imageLeft}}

ODD ISUNGSET HAR AKSJAR i Hallingdølen. Dei er eit resultat av ei investering bestefar hans gjorde i si tid. Men han har aldri vore på tanken om å vende tilbake. Han er halling i by’n og trivst med det. Hallingdialekten har han teke godt vare på. I det pulserande NRK-miljøet har han ein jobb med mykje prestisje i seg.

– Kva er styrken din?

-Tja, si det. Eg er tolmodig, og etter såpass lang fartstid har eg ein god etisk refleksjon og eg har nok evna til å finne fram saker i tida.

– Hender det at de produserer for papirkorga?

– Ja, og det skal me. Heller det enn å gjere nokon urett.

– Skal du grave i Hallingdal?

– Nei ...

– Like greitt kanskje?

– Det er gode og viktige saker over alt – og me tek ikkje geografiske omsyn. 

...

Odd Isungset

* Odd Isungset (62) er vakse opp på Geilo.

* Han er ein prislønt journalist, som har produsert ei rekkje TV-dokumentarar.

* Isungset var redaksjonssjef i Dokument 2 i TV2 i fleire år. Sidan 2012 har han vore redaktør i «Brennpunkt» i NRK.

* I 2000 fekk han SKUP-prisen for god undersøkjande journalistikk og Den store journalistprisen i 2011, for boka om attentatet mot forlagssjef William Nygaard i 1993. Boka kom etter TV2-dokumentaren «Blodsporene fra Dagaliveien» i 2008 om det same attentatet.

'* Saman med Per Christian Magnus og Robert Reinlund vann Isungset i 2005 Gullruten for dokumentaren «Truet til taushet», ein film om muhammedkarikaturane.

* Etter å ha teke sluttpakke i TV2 i 2010 arbeidde han i Flimmer Film med dokumentarserien «Krigens pris» om Norges ti år i Afghanistan. Ein av episodane  fekk ein internasjonal pris.

* Dokumentaren om Kursk-tragedien er ein av dei mest sette norske TV-dokumentarar. Den vann ein pris, Gullnymfen, for beste TV-dokumentar i ein TV-festival i Monte Carlo i 2001. 

* Odd Isungset var medlem i Pressens Faglige Utval frå 1999 til 2010, og leiar i utvalet frå 2004 til 2010.

(Kjelde: Wikipedia )