I fjerdeklasse kom ein mann på skulen med bandtrommer. Me syns det såg skikkeleg kult ut og melde oss på. Men så var det trommekorps.
I fjerdeklasse kom ein mann på skulen med bandtrommer. Me syns det såg skikkeleg kult ut og melde oss på. Men så var det trommekorps.

Guten som ingen kunne spurtslå

Han har vunne mange skirenn dei siste åra, men den største sigeren kom i lag med storebror.

Dei tre siste åra har Filip Fjeld Andersen har vore i norgestoppen i to idrettar.

Som 16-åring vann geilingen alle øvingar i hovudlandsrennet, både i skiskyting og langrenn. Same haust opna han juniorkarrieren med å ta NM-gull i rulleskiskyting.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nesten litt uverkeleg kor bra det har gått til tider, seier han sjølv.

Med favorittstempel følgjer også press.

– Mest frå meg sjølv, fordi eg har eit ynskje om å prestere. Eg er ikkje fornøgd om det går dårleg. Andre kan jo tenkje kva dei vil, det har ikkje noko å si om dei ser meg som favoritt. Eg trivst med tanken på å vera blant favorittane. Eg vil heller vere god og ha press på meg, enn å ikkje vere god.

Filip Fjeld Andersen, signaturen 110217.
Filip Fjeld Andersen, signaturen 110217.
Filip Fjeld Andersen, signaturen 110217.
Filip Fjeld Andersen, signaturen 110217.

Men presiserer: – Eg er ikkje nokon maskin, eg heller. Eg brukar mange timar på sporten og ofrar mykje for å nå lengst mogleg.

Og framleis er han for ustabil på skytebanen. For halvtanna år sidan stod han på start i sitt fyrste norgescuprenn som junior. Men på Beitostølen mislukkast han totalt. I vind og snøvêr hamna godt ned på listene.

– Det var ein skikkeleg nedtur. Då måtte eg jobbe med meg sjølv for å omstille skikkeleg.

Dagen etter vann han.

Det var ikkje sjølvsagt at den høgreiste 17-åringen med den lyse luggen skulle bli eit av landets største skitalent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var vel eigentleg litt liten og rund. Ikkje var eg raskast på ski heller, og begynte på skiskyting mest fordi Aleksander ville det.

Som liten måtte han lokkast ut med kvikklunsj og appelsin. Foreldra var aktive på ski, det same var den tre år eldre storebroren. Han ville begynne med skiskyting. Då budde dei framleis på Nesodden. I Oslo var det lange ventelister, men då familien flytta til Geilo vart det kort veg til trening.

– Eg dreiv med langrenn og skiskyting i fleire år før eg. Då eg var 14, tok eg eit stort steg

Frå å berre vere med hevda han seg plutseleg i toppen. Etter det har det vore fleire sesongar med topplasseringar. Og premieskåpa i kjellaren ber preg av at det bur fleire talentfulle skiskyttarar i huset.

No er han inne i sin andre sesong som junior. Draumen om eit VM i vinter rauk i Holmenkollen. Der glapp NM-medaljane på standplass. Men han har ikkje tenkt å stoppe der. Får han det som han vil, skal han mykje lenger.

Svaret kjem roleg, men kontant på spørsmål om kor langt han vil nå.

– Eg har tenkt meg til toppen. VM-gull, OL-medaljar, det er det som fristar. Eg må vere offensiv i tankegangen. Ha trua på det eg driv med heile vegen. Eg ser at det kan vere mogleg, det er ikkje SÅ langt opp.

Han er berre 17 år, men veit godt kva som må til for å bli betre i idretten han trivst så godt med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det går fint å velje bort noko for å satse, for eg veit kvifor eg gjer det. Eg føler eg klarer å kombinere to liv ganske bra, både idretten og det å vere med venner.

Rastløysa meiner han at han har etter faren. Det er mykje energi i den lange kroppen. Han har alltid vore aktiv, spelt fotball, sykla og segla i tillegg til vinteridrettane. Når han slappar av går det mest i seriar. Bøker les han sjeldan. Elles brukar han mykje av tida på vener. Han er ein sosial gut, og nysgjerrig på folk.

– Med Filip ligg kjenslene litt utanpå. Han er alltid blid, eit naturleg midtpunkt utan å stikke seg fram, seier dei som kjenner han.

Han lett midtpunkt i venegjengen og i laget fordi han er flink med folk.

I fjor vart han kåra til årets førebilete av kretsen, trass den unge alderen.

– Det betyr mykje for meg. Eg prøver å stikke innom treningane til dei yngre i blant. Eg veit kor utruleg stas eg syns det var når Vetle (Sjåstad Christiansen) kom på trening med oss.

– Han er ein veldig grei veslebror, seier storebror Aleksander. Dei trenar saman, og har for lengst begynt å samanlikne løp og tider.

Under junior-NM i fjor tok begge gull to dagar på rad. Det er noko av det største Filip har opplevd er i lag med storebroren. Då fekk begge bestemannspris. Ekstra stort var det når dei kunne gå på scena i lag og hente den.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barndomsminna handlar mykje om idrett.

– Eg hugsar best familieturane på ski og på føter. Eg vart lokka med appelsin og kvikklunsj. Men no er eg er glad dei lokka meg ut på skiturar då eg var liten, og ikkje let meg sitje inne eller berre spele fotball. No har det snudd. I blant må gutane lokke foreldra ut.

– Det er ei stund sidan far min gjekk frå meg, kan du si. Men han tek det fint.

Han meiner sjølv han ikkje har skjulte talent. Det har han ikkje tid til. Men han er glad i å lage mat til seg sjølv og familien. Gjerne fisk eller salatar. Og han er med på Færderseilasenkvart år. Der får han trigga konkurranseinstinktet til sjøs.

– Det er moro å slå tida frå i fjor, og slå dei me ikkje har slått før. Men det er ikkje eg som har styringa, eg er mest ballast. Det hender at eg saknar Nesodden, men me har framleis venner der og er der ofte.

– Har du vore med på noko som ville overraske folk?

– Mamma jobba i barnehage på Nesodden. Då var eg nisse på grautfestar. Det er vel det næraste eg kjem opptrednar. Eg høyrer nok ikkje heime på ei scene.

Men han har også stått naken på scena på ei juleavslutning på ungdomsskolen. Med handkle som var stort nok til å skjule det mest nødvendige overraska han og nokre andre foreldre og medelevar med sceneshow.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du er ikkje veldig beskjeden?

– Nei, det skal eg ikkje ha på meg. Men eg trur eg er ein roleg person, som likar å vere sosial.

Musikalsk er han ikkje. Han tok aldri steget vidare frå blokkfløyta.

– Det trur eg var like greitt. Verda har ikkje gått glipp av noko musikalsk talent.

Men han har spelt tromme, i 17. mai-toget på Nesodden.

– Eg vart eigentleg lurt, eg og nokre kompisar. I fjerdeklasse kom ein mann på skulen med bandtrommer. Me syntest det såg skikkeleg kult ut og melde oss på. Men så var det trommekorps. Me ville slutte, men då sa foreldra våre at me måtte prøve det ei stund. Det vart ein 17. mai, så hadde eg spelt nok trommer.

Han håpar å vere på juniorlandslaget i løpet av dei neste sesongane. Der er storebroren i år. Dei har også eit håp om å gå i lag på eit stafettlag ein gang i framtida. Men først ventar nokre år i angrepsposisjon. Draumen er å bli enda råare enn Bø-brørne.

– Kven går kva for etappe?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han går tredje og eg går fjerde. Eg veit ikkje om han er heilt einig i det, men han er god på tredjeetappar, då.

17 år, Geilo, skiskyttar/skuleelev.

Sist lesne bok?

Bli best med mental trening, Erik Bertrand Larsen.

Favorittpogram/serie?

Game of Thrones.

Favorittmusikk?

Eg høyrer på nesten alt mogleg. I det siste har det vore mykje norsk rap og hiphop.

Favorittmat?

Ein god biff, sjølvsagt, med diverse tilbehøyr.

Perle i hallingdal?

Prestholt, der har eg gått mange fine skiturar, og turar på føtene om sommaren.