annonse

Grisemat på sølvfat

FINT SKAL DET VERA
FINT SKAL DET VERA: Ola og Arne Kirkevoll serverer grisane mat på sølvfat. Dette var berre til ære for fotografen. Men grisane sa ikkje nei takk.
HD201410141029958V1.jpg

Geilo; 22. oktober 1993

Dei hadde fine vanar, grisane til Arne og Ola Kirkevoll på Geilo. Medan grisar flest måtte nøye seg med kraftfôr og potetskrell, gjekk det i biffar, bernaisesaus og wienerschnitzel for grisane til Kirkevoll.

«Sidan 1976 har Arne og Ola Kirkevoll ala opp gris med matavfall frå hotella på Geilo. I løpet av eitt år blir det så mykje matavfall at Kirkevoll før opp 160 grisar». (Hallingdølen 9. november 1993)

«Grisane i fjøset til Kirkevoll er fornøgde. Det skule berre mangle. Dei lever faktisk av hotellmat 365 dagar i året. Det vil i praksis seie om lag 100 dagar. Eldre blir dei ikkje før slaktebenken ventar. Den vidare lagnaden veit me lite om. Men det er ikkje usannsynleg at ein del av dei endar på matbordet på eit eller anna Geilohotell. I så fall er dei komne inn i ein sirkel».

Om kveldane køyrde Ola og Arne rundt og samla inn matavfall på hotella, mellom 150 og 800 liter, avhengig av sesongen. «Så må maten kokast. Når det er gjort, blir maten spedd ut med vatn til det tredobbelte. Fyrst etter denne prosessen er det klart for servering»! (Hallingdølen 9. november 1993)

Matavfallet frå Geilohotella var stort. På ein middag til 350 personar, vart de rundt 350 liter matavfall frå kjøkenet. Like mykje kom attende frå tallerkane. Alt i alt 180 liter. Som vart nytta til grisefor.

Dette var i 1993. Det er framleis lov å servere grisane fin mat, dersom det skjer etter strenge reglar. Men hjå Kirkevoll på Geilo er det ikkje lenger griseoppdrett. – Det har eg gitt meg med, seier Arne Kirkevoll.