Oppe i Liengardane spelte Inger Tragethon torader for NRK under open himmel.
Oppe i Liengardane spelte Inger Tragethon torader for NRK under open himmel.

Gjest hjå Herbjørn

Geilo; 14. oktober 1993

«-Eg har kjent Inger i mange år. Ho er eit triveleg menneske som det er moro å vere i lag med, seier Herbjørn Sørebø og blunkar lurt bak brilleglasa». (Hallingdølen 14. oktober 1993)

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med eit kamerateam var Sørebø og regissøren Bob Williams på Geilo og gjorde TV-opptak med toraderspelemann og knivmakar Inger Tragethon til sundagsprogrammet «Signaturen» som skulle sendast 24. oktober dette året. Bakgrunnen var at Inger Tragethon hadde skrive og gitt ut ei bok, «Lag kniver sjølv».

Stortinget hadde nyleg vedteke den lova som forbyr folk å bere kniv på offentleg stad. Den gjeld enno.

«Den har ført til at fleire stortingsrepresentantar beint ut må «avvæpnast» når dei kjem til huset på Løvebakken, seier Sørebø». (Hallingdølen 14. oktober 1993)

Inger Tragethon var gjest i Herbjørn Sørebø sitt sundagsprogram på NRK TV.
Inger Tragethon var gjest i Herbjørn Sørebø sitt sundagsprogram på NRK TV.
Kamerateamet i sving oppe i Lien-gardane med utsyn mot Geilo.
Kamerateamet i sving oppe i Lien-gardane med utsyn mot Geilo.

På Geilo gjorde dei opptak fleire stader, m.a. på knivfabrikken Brusletto. Inger Tragethon, som hadde lært å lage knivar av Lars Raaen, var representert i ei knivutstilling som noko seinare opna på Maihaugen på Lillehammer i høve OL året etter.

Inger Tragethon hadde for lengst flytta til Oslo.

«-Eg føler meg som geilojente, sjølv om eg ikkje har budd her på 30 år. Eg vil gjerne nytte dette høvet til å lage god reklame for heimbygda mi, seier Inger Tragethon».

Herbjørn Sørebø var ein populær og allsidig NRK-mann, som var like mykje heime i nyheitsstudio som i store politiske debattar, og som også leia underhaldnings- og kultursendingar. Gjennom mange år var han rekna som den fremste mediepersonen i Norge som nytta nynorsk. Han døydde i 2003.

Inger Tragethon er «ein norsk sølvsmed, knivkunstnar og forfattar. Ho har drive mykje med musikk; ho spelte i The Dandy Girls på 1960-talet, og har seinare spelt bl.a. torader. Ho har reist mykje, særleg i Russland, og har både skrive og halde foredrag om Russland. Ho har gitt ut fem bøker». (Wikipedia).