Generasjonsarbeidslivet

Det er blitt eit munnhell å snakke om det «brutaliserte arbeidslivet». Enkelte kan ha det ordentleg utriveleg og tøft på arbeidsplassen.

Ikkje alle er rusta til å krevje sin rett med god nok styrke, og jobbar etter reine slavekontraktar. Men dei aller fleste har det både meiningsfylt og ikkje for anstrengande på jamne arbeidsdagar. Nokre av oss driv døgnkontinuerleg inniblant, fordi me er så heldige å ha hobbyen vår som jobb. Men arbeidslivet i framtida må bli litt meir som det var før i tida. Unge, vaksne og gamle må løyse oppgåvene i fellesskap. Innsats og ansvar må stå i stil til kva me er dugande til.

Dei fleste trivest betre på jobben i dag enn før i tida. Dei fleste opplever meir interessante jobbar i dag, enn i tidlegare tider. Me har det trygt på arbeidsplassen. Det er ofte kort veg mellom sjef og medarbeidar. Kollegaer blir vener. Folk får kjærast og ektefelle på arbeidsplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er godt at me trivest, for me som er under 50 år skal stå lenge i arbeidslivet. I alle fall viss me skal ha håp om ein pensjon til å leve av. Folketrygda vart innført for 50 år sidan. Den gongen var det fem yrkesaktive for kvar pensjonist. No er me er på full fart mot to yrkesaktive for kvar pensjonist. Då blir det litt travelt for oss som er blant dei yngre i arbeidslivet. Her treng me at mange står i arbeid til dei er 70 og vel så det.

Som arbeidsgjevar tenkjer eg mykje på dette. Eg må bidra til ein arbeidsplass der fleire generasjonar finn ut av det med kvarandre. Då kan eg hente inspirasjon frå barndom og oppvekst, slik mange har opplevd det på gardane her i dalen. I daglegliv og arbeid var tre generasjonar saman om det meste. Det var ikkje få ting eg lærte av goffa heime på Aarset. Han lærte meg å slå med ljå, bryte jord og hesje. Eg lærte om dyr og fjøsstell og litt om skogen. Men mest av alt var me eit fellesskap heile familien – ungar, vaksne og gamle.

I det nye arbeidslivet må me yte etter evne og stå i arbeid så lenge me har energi. Ein av mine største gleder har vore å tilsetja folk som er i generasjonen over meg. Når sjølvaste Astrid Nøklebye Heiberg blir kollega i det ho fyller 80 år, og etter kort tid fortel at ho aldri har hatt ein betre arbeidsplass, er det kjekt å vere kollega. Og når ein som hadde mi stilling for meir enn 15 år sidan, framleis vil vere med på laget og kan leve med meg som sjef – ja då blir eg glad.

Svigerfar min er 83 år og matteprofessor. Han har framleis kontor på sin gamle arbeidsplass, og eg trur han har det moro når han kan hjelpe dei unge ingeniørane når dei står fast i rekneoppgåvene. Når det er 60 år mellom den yngste og den eldste på ein arbeidsplass, og ein finn glede og inspirasjon i kvarandre på tvers av generasjonane, ja då trur eg me går eit spanande arbeidsliv i møte.

Lenge har det vore slik at ein blir pensjonist etter at ein har nådd «toppen» av karrieren. Ein startar på golvet og jobbar seg oppover. Til slutt blir ein kanskje sjef, og så er det slutt. Slik kan me ikkje ha det i framtida. Etter tida som sjef, må ein gjerne trappe litt ned. Gå over i ei heilt anna stilling. Gjere noko heilt anna. Ha eit avslappa forhold til rang og tittel. Seinast måndag denne veka, vart eg påmint på kva dette nye arbeidslivet skal vere i praksis. Nå var det den nyleg avgåtte redaktøren, Bjarne, som sende påminning om at eg skulle levere artikkel til laurdagsavisa. Bjarne har ikkje pensjonert seg. Det er han altfor ung til. Sjølv om han har gått av som redaktør. Hallingdølen skal få ause av erfaringa og kunnskapen hans vidare.

Dette nye generasjonsarbeidslivet blir nok meir moro enn brutalt.

Bjarne har ikkje pensjonert seg. Det er han altfor ung til.