Tore Johannessen i Dagsrevystudio. 1982.
Tore Johannessen i Dagsrevystudio. 1982.

Geiling i Dagsrevyen

Marienlyst, Oslo: 27.11.1982.

«Marienlyst. Dagsrevyredaksjonen. Siste dag i november 1982. Sjå om me ikkje treffer ein halling her. Geiloguten Tore Johannessen, lett kjenneleg med sitt lett bistre ytre og sin velsnodde bart». (Hallingdølen juleavisa 1982)

Det var i 1959 at Tore Johannessen forlèt Geilo. Først til Fremtiden. Der jobba han på Hallingdalskontoret i feriane til Paul Breiehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Då budde Tore i hallingstova til kollega Breiehagen på Sygnihaugen i Ål. Det hende ofte at Pebe tok fela og vekte han opp med friske slåttevek på sengekanten utpå morgonen».

Så vart det nyheiter og politikk i VG. Og etter kvart NRK og Dagsrevyen. Kva er skilnaden mellom avis og TV, spurde eg.

«Alt. Eg måtte lære meg å tenke på nytt, snakke på nytt, skrive på nytt. Det som blir sagt, må vere presist, kort, greitt og effektivt.» (Hallingdølen, juleavisa 1982)

Den gode latteren sat laust hjå Tore Johannessen. 1985.
Den gode latteren sat laust hjå Tore Johannessen. 1985.
Rallystjerna Martin Schanche var gjest hjå Tore Johannessen i Lørdagsbilaget. 1985.
Rallystjerna Martin Schanche var gjest hjå Tore Johannessen i Lørdagsbilaget. 1985.
Straks klare for sending; frå venstre Tore Johannessen, Karin Julsrud, Andreas Diesen og Stein Roger Bull. 1985.
Straks klare for sending; frå venstre Tore Johannessen, Karin Julsrud, Andreas Diesen og Stein Roger Bull. 1985.

Men Tore Johannessen klarte seg bra på TV. Bak «det lett bistre ytre» lurte det ein triveleg kar med mykje godt humør. Eit par år seinare vart han lånt ut til «Lørdagsbilaget», ei blanding av nyheiter og underhaldning etter Dagsrevyen på laurdagskveldane. Og eg tok på nytt turen til Marienlyst.

«Tøff alvorsmann med godt humør» var tittelen.

«Kven er så lystig? Jau, Dagsrevyen sin reporter Tore Johannessen, som for tida er ein av tre programleiarar som lagar laurdagsmagasinet Lørdagsbilaget. Då Hallingdølen titta bak kulissane, vart det fort avslørt at Tore ikkje er slik ein tøff alvorsmann som han kan virke på Dagsrevyskjermen. Tvert imot, godt humør og ein god latter er kjennemerket på hallingen i TV-huset på Marienlyst». (Hallingdølen 7. februar 1985)

Tore Johannesen døydde i juli 2004.