Live Hjertaas Sporan og Gaute Sporan Tollefsen har gått på jakt saman mange gonger. Fedrane deira er begge ivrige jegerar, og har teke med både dei og småsøskena på jakt.
Live Hjertaas Sporan og Gaute Sporan Tollefsen har gått på jakt saman mange gonger. Fedrane deira er begge ivrige jegerar, og har teke med både dei og småsøskena på jakt.

Første jakta

Heilt frå dei var små har dei traska i hælane på pappa på jakt. No er det endeleg deira tur: I haust skal søskenbarna Live (15) og Gaute (14) jakte sjølve.

14-ÅRSDAGEN TIL Gaute Sporan Tollefsen blei ganske spesiell. Først fekk han nemleg hagle i gåve av mamma og pappa. Deretter kom gåva frå onkel: Rypejakt på Hardangervidda.

Og derfor kom julaftan ekstra tidleg for Gaute i år. 10. september gjekk startskotet for årets jakt. Både han og søskenbarnet Live har fått fri frå skulen, og saman med fedrane sine reiser dei inn på vidda for å leite etter fjellryper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei skal det visstnok vera mange av i år. Teljing og taksering har vist lovande tal for to rykande ferske jegerar, som skal forsøke å få fugl på kornet for første gong.

– Eg har ikkje skote så veldig mykje enno, men om det kjem nokon ryper så skal det gå greitt, seier Gaute.

Han er kledd i grønt. Ved sida av av han sit søskenbarnet Live Hjertaas Sporan i oransje jaktjakke. Ho er eitt eldre, men dei har begge tatt jegerprøva i sommar. Om nokon dagar skal dei endeleg få lov å gå med børsa på ryggen sjølve.

Søskenbarna Gaute og Live er vane med lange dagar og mykje trasking. Å finne vilt er ikkje gjort i ei handvending.
Søskenbarna Gaute og Live er vane med lange dagar og mykje trasking. Å finne vilt er ikkje gjort i ei handvending.
Live Hjertaas Sporan brukte konfirmasjonspengane sine til å kjøpe seg hagle.
Live Hjertaas Sporan brukte konfirmasjonspengane sine til å kjøpe seg hagle.
Gaute Sporan Tollefsen fekk eigen hagle til bursdagen. Live Hjertaas Sporan kjøpte si for konfirmasjonspengar.
Gaute Sporan Tollefsen fekk eigen hagle til bursdagen. Live Hjertaas Sporan kjøpte si for konfirmasjonspengar.
Søskenbarna Live og Gaute har både sett og prøvd seg på slakting av dyr. Då gjeld det å ha god kniv.
Søskenbarna Live og Gaute har både sett og prøvd seg på slakting av dyr. Då gjeld det å ha god kniv.
Både Gaute Sporan Tollefsen og Live Hjertaas Sporan gler seg til første jaktdag med eiga børse – og så er dei litt små-spente, også.
Både Gaute Sporan Tollefsen og Live Hjertaas Sporan gler seg til første jaktdag med eiga børse – og så er dei litt små-spente, også.
Live Hjertaas Sporan har jaktradio, som ho deler med småsøstrene sine. Den er kjekk å ha når dei jaktar utanfor dekningsområda for mobil.
Live Hjertaas Sporan har jaktradio, som ho deler med småsøstrene sine. Den er kjekk å ha når dei jaktar utanfor dekningsområda for mobil.
Når viltet først er felt, startar den største jobben. Live Hjertaas Sporan ser og lærer slakting av onkel Lars Ståle Flåta.
Når viltet først er felt, startar den største jobben. Live Hjertaas Sporan ser og lærer slakting av onkel Lars Ståle Flåta.

{{imageLeft}}

TIL NO HAR JEGERLIVET deira handla om å vera med fedrar og bestefedrar på jakt. Då har dei vore «hjelparar». Søskenbarna har bore både børser og kjøt ned att frå fjellet. Dei har vore med på elgpost, og gått milevis etter rein innover vidda. Heilt frå dei var små har dei høyrd på bestefars jakthistorier, og masa om å få vera med når pappa har drege på jakt.

Og sjølvsagt har dei fått bli med. I mange år no har dei vore med på leit etter storviltet. Denne hausten har dei alt fått vera med på reinsfall. Far til Live, Nils Runar Sporan, viser fram ei rekke fine bilete på mobiltelefonen. Langstrekt vidde og draumevêr, ein felt bukk og ungdommar i full gang med slakting. Det må lærast, det også.

– Eg greier det ikkje åleine enno, men eg har grei kontroll, seier Gaute.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

– HÆ? HAR DU KJØPT? Kva då? Spør Gaute.

– Hagle. 20 kaliber, svarar Live.

– Side-by-side eller over/under?

Live er eitt år eldre enn søskenbarnet. I vår vart ho konfirmert. Ho var ikkje i tvil om kva ho skulle bruke pengar på: Ho ville ha eigen børse.

Slik blei det sjølvsagt. Hagla er plukka ut og bestilt – litt tilpassing, og ho er klar til bruk for Live. Kikkert fekk ho også på konfirmasjonsdagen, så no er begge ungdommane godt utstyrt. Jegerprøva greidde begge med glans.

No skal dei ut på såkalla opplæringsjakt. Frå fylte 14 år kan ein jakte småvilt under forsvarleg tilsyn av ein jeger.

Live og Gaute driv begge med hallingdans. Gaute spelar fotball og Live er turnar. Men kva er det som er så fascinerande med jakt?

– Ein kjem seg ut i naturen. Mange fine opplevingar, seier Gaute.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dessutan er det spennande å gå etter dyra, seier Live.

{{imageLeft}}

SJØLV OM DET BLIR rypejakt på dei ferske jegerane i haust, er det storviltjakt som er aller mest stas. Det er det fedrane driv mest med, og som Gaute og Live har vore med på i mange år allereie.

Gaute flytta til Norefjord omtrent då han begynte på skulen. Det var då faren begynte å ta han med på jakt.

– Det første eg hugsar er at me sat midt i ein bekk på nokon steinar, seier han og gliser. Lives første jaktminne er også frå elgpost.

– Det var på Tunhovd. Me jakta med bikkje – men den rømte heim att, ler ho.

Frå fylte 16 år kan ungdommane gå på opplæringsjakt også på storvilt. Det gler dei seg endå meir til.

– Det er heilt sikkert. Det er det eg kjem til å drive med når eg blir gammal nok, seier Gaute. Onkel Nils Runar Sporan skyt inn at det kan vera både Gaute og Live blir hekta på rypejakt og småvilt no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jo, men det kjem likevel ikkje til å gå framom elgjakt og reinsjakt, seier Gaute.

{{imageLeft}}

DET ER KANSKJE IKKJE så rart at 14 år gamle Gaute har blitt hekta på reinsjakt. Den første gongen han fekk vera med, fekk han servert ei jaktoppleving av dei sjeldne.

– Me fekk fire rein på to dagar. Det var dyr rundt oss heile tida, fortel han. Live har også eit minne frå reinsjakta som er litt utanom det vanlege:

– Eg var på Norefjell med pappa, og det var mykje turistar inni der. Reinen gjekk heile tida på Flå-grensa. Pappa blei skikkeleg sur, og fortalde alle turistane at dei måtte halde seg roleg, for me dreiv med jakt, ler ho.

Skulen har alt fått beskjed om at Live og Gaute må ha nokon fridagar i haust for å jakte. Dei byttar klasserom mot Hardangervidda ei heil veke. Då byttar dei også ut lærarar med to jegerfedrar. At ungdommane ville ha fri frå skulen for å reise på jakt, måtte for øvrig pappa og onkel Nils Runar berre gå med på: Av besteforeldra har Gaute og Live høyrd om då Nils Runar sjølv var ungdom, og skulle vera med far sin på reinsjakt. Han trong fri frå skulen, men i meldingsboka stod det ein heilt annan fråværsgrunn.

– Eg trur han sa han var sjuk, seier Live.

NO ER SØSKENBARNA budde på ein haust med mykje trasking i fjellet. Først etter rypa, før også elgjakta startar. Der handlar det om å sitje på post – og håpe på ok vêr. Det hadde dei ikkje under reinsjakta i fjor, og Live og Gaute fortel om ein litt annleis jakttur:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me sat på hytta heile dagen, det var tåke og me såg ikkje meir enn maks ti meter framfor oss, seier Gaute. Dette var i Gulsvik, men i staden for å køyre heim til Rødberg på kvelden tok jaktdagen ei litt annan vending:

– Me tok inn på hotell på Flå. Og åt på McDonalds, ler Live.

{{imageLeft}}

LIVES PAPPA OG Gautes onkel, Nils Runar Sporan, har vore instruktør på jegerprøvekurset dei to har teke no i sommar. Han er godt fornøgd med rekrutteringa av unge jegerar i distriktet.

– I år hadde me cirka 20 stykk med på kurs, av desse var omtrent halvparten på alder med Gaute og Live. Det har vore ganske jamn deltaking på desse kursa. Nore og Uvdal er jo ein jaktkommune der ein kan drive all type jakt, seier han.

Han trur rypejakta vil bli bra i år, og at det er ein bra start for ferske jegerar som Live og Gaute.

– Inne på Hardangervidda er det veldig tett med rype i år, så skotsjansane er der. Me skal jakte mest fjellrype. Dei kan vera litt tronge og trykke lenge – dermed kan dei koma springande rett føre føtene på dei. For nokon år sidan var det jo nesten ikkje rype i fjellet. Då er det ikkje like gøy, seier han.

No gler Live og Gaute seg stort til jakta skal starte. Men nokon nedteljing av dagar driv dei ikkje med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei. Me får vente til dagen kjem, seier ein nøktern 14-åring.

...

{{imageLeft}}

IDEELLE FORHOLD I FJELLET

Søskenbarna Gaute og Live kan saman med alle andre rypejegerar glede seg over eit svært godt rypeår.

På Hardangervidda, kor søskenbarna skal jakte fugl for aller første gong, har takseringa aldri vore betre.

– 40 ryper per kvadratkilometer, det er 15 meir enn i fjor. Eg trur ikkje me har hatt ei så god taksering før, seier leiar i Øvre Numedal Fjellstyre, Vebjørn Håvardsrud.

Det er mange faktorar som skal klaffe for å få eit godt rypeår. Våren var varm og lang i år, og under klekkeperioden var vêret ideelt.

– Rypa fekk ein bra start. Så har det vore bra med smågnagarar, og eg meiner sjølv å ha observert at det er mindre rovfugl enn for nokon år sidan. Når dette klaffar saman med gode vêrforhold, har rypa overlevd bra. Det er også store kull, seier han.

Etter at det blei klart at det er godt rypeår på gang, har pågangen for å få kjøpt kort vore stor.

– Også i jaktområde som ligg langt unna, der det ikkje har vore så stor interesse dei siste åra. Der blir det meir jegerar no. Der er det heller ingen restriksjonar, seier Håvardsrud.