annonse

Foreldra svinga seg på golvet

Og klarar oss godt, seier styret i Gol ungdomsklubb
Og klarar oss godt, seier styret i Gol ungdomsklubb: Frå venstre Tor Dag Risdal (formann), Tore Ness, Marianne Strømmen og Per Sigve Lien.
HD201410141109902V1.jpg
Full Fart
Full Fart: Her svingar foreldra seg på dansegolvet til husorkesteret «Halling-Swing».
SPEL
SPEL: Andre tok eit slag biljard.
LIVE MUSIKK
LIVE MUSIKK: Orkesteret «Halling-Swing» hadde sin debut denne kvelden.

Breidok, Gol: 17. november 1982.

«Kjempesuksess! Det er det einaste rette ordet etter onsdagstreffet i Gol ungdomsklubb nyleg. Og denne gongen var det ikkje ungane som møttest til dans og disko – men foreldra», skreiv me i bladet.

Kom og sjå korleis ungane har det i fritidsklubben, var oppmodinga.

«Og foreldra kom. Styret i klubben fekk hendene fulle. Dei hadde kokt kaffi til 40 foreldre. I staden kom det nærare det dobbelte». (Hallingdølen 23. november 1982)

«Å kunne vera saman ein stad utan kjøpetvang og press, er mykje av meininga med ungdomsklubben i Gol. Det er så mykje prestasjonspress både på skulen, i idrett og elles, at det kan vera godt å ha ein klubb der slikt press ikkje eksisterer, seier Tor Dag Risdal som er formann i klubben».

«Aktiviteten i klubben er imponerande. Måndag er det juniorkveld med 70–80 born frå 3. til 6. klasse. Torsdag er det videotek. Det blir vist tre langfilmar. ein for born, ein for ungdom over 12 år og ein 18-årsfilm. Og her blir aldersgrensene strengt handheva. Fredag er likevel den livlegaste kvelden, med ungdom frå 13 til 18 år. Om lag 120 ungdommar plar jamt møte opp til diskotekdans. Og med jamne mellomrom blir det også levande musikk av orkester som blir lånt ut frå andre dansestader i bygda.»

«Eit absolutt alkoholfritt tilbod, seier ungdomssekretær Jon Brunborg. Drive av ungdommen sjølv. Kven seier at slikt ikkje går an? Det går – kjempefint». (Hallingdølen 23. november 1982)

Og så vidt me veit, er det framleis både liv og full fart i ungdomsklubben på Gol, som held til i kjellaretasjen under barnehagen på Breidok, slik den alltid har gjort.