Sigve over kaffikoppen.
Sigve over kaffikoppen.

Elvis lever!

ME HAR NO passert 20. januar, og enno har ikkje verda gått under. Sjølv om mannen i Det kvite hus har starta sterkt. Og eg sit med sikkerheitsbeltet på.

Rett nok har Snåsamannen spådd at Donald Trump kjem til å bli skoten og drepen i løpet av si presidentperiode. Det er ein skremmande spådom som ikkje lovar godt, uansett kva me meiner om Trump.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det kan godt hende at Joralf Gjerstad har kome med eit sjølvoppfyllande profeti. For at nokon vil prøve, er ganske sikkert.

DEN AMERIKANSKE presidenten er til ei kvar tid verdas snikskyttarmål nummer ein. Og i det forrige århundret var det fire kuler som nådde sitt mål. Presidentane William McKinley og John F. Kennedy fall begge som offer for attentat. Og presidentane Theodore Roosevelt og Ronald Reagan vart begge såra av kuler, men overlevde. Eisenhower og Lyndon B. Johnson er dei einaste presidentane etter krigen som ein ikkje kjenner attentat- eller drapsplanar mot.

Men det vekkjer jo oppsikt og skaper overskrifter når nokon kjem med slike spådomar. Det gjer også dei ulike konspirasjonsteoriane. Dei florerer i rikt monn.

DEN SISTE TEORIEN eg har fått med meg, er at Elvis Presley lever. Folk flest trur han døydde heime på Graceland i 1977, 42 år gammal. Men no meiner konspirasjonsteoretikarane at dette berre var skodespel, eit stunt for å sleppe unna alt stresset ved å vere superkjendis. I røynda, seier dei, er Elvis i live og oppegåande i ein alder av 82.

Som bevis har dei fotografert «Elvis» anno 2017. Ein eldre, skjeggete kar med solbriller, som er fotografert – hald deg fast – i billettkøen for å kome inn nettopp på Graceland. Angiveleg vil han inn for å sjå korleis det står til. Eg syns ikkje han liknar på Elvis i det heile tatt, snarare ser han ut som ein bonde frå Colorado.

JA, KONSPIRASJONSTEORIAR er rare greier. Dei dukkar opp og er seigliva. Som t.d. den om at Hitler ikkje gjorde sjølvmord i Berlin i 1945, men flykta til Argentina. Eller at CIA stod bak drapet på president Kennedy.

Av norske konspirasjonsteoriar finst det fleire. Til dømes at frøbanken på Svalbard eigentleg er ein hemmeleg bunker der utvalde elitemenneske kan overleve Ragnarokk. Eller at Arne Treholt vart brukt med overlegg av den norske regjeringa for å gi Sovjet hemmeleg informasjon.

Venstresida i norsk politikk lanserte etter krigen ein hardnakka teori om at dei var overvaka i fleire tiår. Men då denne teorien vart granska, viste den seg å vere sann.

Artikkelen held fram under annonsen.

OM ARBEIDARPARTIET og Utøya har eg høyrt ein konspirasjonsteori som er så ekkel at eg ikkje vil nemne den her. Og så er det den om at Therese Johaug si leppesalve er ein utspekulert del av ein nøye gjennomtenkt plan.

Ja ja, det er litt av ei tid me lever i. Det kan me vere samde om. Og så får me håpe at verda blir ståande. I alle fall til påske. Men det er all grunn til å halde sikkerheitsbeltet på.