Karne Løkensgard, Ingrid Aarsnes Brattegard, Monica Teigen Sorteberglien og Andres Olason Sundgot. Bakre rekke f.v.: Lena Ivonne Braaten, Marie Molde Lappegard, Gro Torsteinsrud, Ida Molde Lappegard, Mattias Dalen, Kjell-Arne Teigen og Eirik Stølen.
Karne Løkensgard, Ingrid Aarsnes Brattegard, Monica Teigen Sorteberglien og Andres Olason Sundgot. Bakre rekke f.v.: Lena Ivonne Braaten, Marie Molde Lappegard, Gro Torsteinsrud, Ida Molde Lappegard, Mattias Dalen, Kjell-Arne Teigen og Eirik Stølen.

Elva

Kapittel 7 av 7.-trinn ved Leveld skule

... Nicolai. Ansiktet hans er heilt forvridd, auga er svarte av sinne. Han har ein kniv i handa. Nicolai stirrar rett inn i auga til Asle. «Kvifor har du og Elsa blanda dikkon inn?» «Me fann eit kart» mumlar Asle med svak stemme. «Kva for eit kart?» «Det gamle, rare med keltiske teikn» svara Asle. «Er det slike teikn som dei på kassa?» spør Nicolai. Asle snur seg og ser på kassa. «Ja, eg trur det». «Kartet er mitt» seier Nicolai. Asle krabbar ut av kanoen og kjem seg inn på land.

Asle spør Nicolai kvar Elsa er. Nicolai lyg for Asle og seier at Elsa er i teltet. Asle spring mot teltet for å sjå om Elsa er der, Nicolai spring etter. Elsa er ikkje i teltet så Asle spring mot Nicolai. Dei begynner å krangle. Asle er kjempesinna på Nicolai fordi han lyg om kor Elsa er. Plutseleg høyrer dei eit skrik som høyrest ut som det kjem frå vindmølla. Asle kjenner igjen stemma til Elsa. Han prøver å springe så fort han kan mot vindmølla. Nicolai følger etter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei kjem fram til vindmølla ganske fort. På vindmølla får dei sjå noko dei ikkje heilt forstår. Elsa er bunde fast på den eine vingen. Ho snurrar rundt og rundt. Asle stoppar og ser på Elsa, medan Nicolai spring inn i vindmølla der den gamle dama står. Den gamle dama sveivar på eit hjul. Det set opp farten på vindmølla, og Asle ser at tråden Elsa er bunde fast i begynner å ryke. Elsa flyg gjennom lufta. Ho får tak i ei grein og ropar på hjelp. Asle kjem seg rask bort til treet der Elsa heng. Ho er livredd og har fått mange skrammer og sår. Han hjelper Elsa ned ifrå treet.

Elsa står på beina, men er så svimmel og kvalm at ho kasta opp på Asle. «Eg har funne telefonen din, så no kan me ringe heim» kviskrar Elsa. Dei prøver å ringje medan dei spring, men dei har ikkje dekning. Den gamle dama og Nicolai kjem ut frå mølla og begynner å leite etter dei. Elsa og Asle gøymer seg bak ein stein. Nicolai og den gamle dama går rett forbi. Elsa og Asle listar seg bort til mølla for å få dekning.

Når dei kjem fram til vindmølla går dei opp trappa. Elsa snublar og mistar mobilen ned på steinen med dei keltiske teikna. Mobilen vart knust. Ho blir så fortvila at ho skrik eit høgt NEI. Nicolai høyrer nokon i mølla. Den gamle dama høyrer det ikkje, fordi ho har dårleg hørsel. Dei går mot mølla så fort dei kan. Asle ser ut av vindauget og får auge på Nicolai som kjem mot mølla.

Asle og Elsa spring opp trappa. På toppen av trappa, under ein benk ligg ei bok. Det er insektsboka til Nicolai! Elsa tek boka og gøymer seg i skåpet i lag med Asle. Nede høyrer dei at døra går opp. «Elsa, opn opp boka og sjå kva som er inni» kviskrar Asle. På dei fem fyrste sidene er det insekt, men på den sjette sida er det ikkje insekt. Der er det planar og bilete av kven dei skal fange og drepe! Det fyrste biletet er av Asle, neste bilete er av Elsa. «Vil han verkeleg drepe uss? Nicolai som var så snill» seier Elsa. «Er det han som har skremt uss heile tida?» spør Asle. «Er det han som har kasta steinen i bålet, tok uss på skuldra og sette bomba i kjellaren? Er den gamle dama medhjelparen hans? Er det han som er skuggen?» spør Elsa. Asle tek boka «Skund deg og bla vidare» kviskrar Elsa. «Hjelp! Er ikkje det eit familiebilete? Kva betyr det? Sjå både den gamle dama og Nicolai med på bilete» kviskrar Asle. Skritta i trappa kjem nærmare og nærmare ...