Ane Opheim.
Ane Opheim.

Elva

Kapittel 9 skrive av 7. klasse ved Nedre-Ål skule.

Elsa og Asle gøymer seg under kvar sin sovepose og prøver å ligge heilt stille. Begge ristar av redsle, og Elsa kjenner tårene presse på. Ho er redd og sliten. Så høyrer dei ei stemme utanfor som seier «Hallo? Er det nokon der?». «Det er ein mann», kviskrar Elsa. «Ånei! Kanskje det er Nicolai!» Dei ser skuggen som kjem mot dei, og glidelåsen på teltopninga som opnar seg sakte. Begge pustar letta ut når dei ser at det ikkje er Nicolai. «Går det bra med dykk?» spør mannen. «Njaa. Asle er veldig skadd. Han klarar ikkje å gå» seier Elsa. Mannen leitar oppi sekken sin og finn fram førstehjelpsutstyret, og fortel at han heiter Svein. Han finn fram bandasje og bandasjerer låret til Asle. Svein finn fram eit bilete av Nicolai frå førstehjelpsskrinet, og lurar på om dei har sett han. Han fortel at han er far til Nicolai. Det blir heilt stille. Elsa og Asle tørr ikkje seie noko. Elsa kviskrar til Asle: «Han verkar jo grei da. Vi kan jo fortelje alt til han?» «Nei, eg stolar ikkje heilt på han enda. Tenk om han er like ond som sonen sin.» Elsa klarer å overtale Asle til å fortelje alt som har skjedd. Svein trur ikkje på dei, så Elsa får ein idé om å ta med Svein til vindmølla for å vise han bestemora som ligg der. Asle blir igjen i teltet for å kvile.

Dei går eit stykke gjennom skogen. Det er mørkt og tåkete. Dei får ei spøkelsesaktig kjensle, og tåka gjer så det nesten er umulig å sjå framfor seg. Brått høyrer dei ei grein knekke bak seg. Dei snur seg brått, men ser ingenting på grunn av tåka. Elsa ser seg omkring, ho kjenner seg ikkje igjen i den tåkete skogen. Ho får panikk. Brått høyrer dei lyden av vindmølla som startar. Det høres ut som lyden er ganske nærme. Dei begynner å gå i retninga lyden kjem frå, og brått står vindmølla framfor dei. Døra står på vidt gap, og når dei går gjennom den knirkar det i golvplankane. Dei kikkar ned og ser bestemora ligg på golvet i kjellaren. Plutseleg høyrer dei ein knirkelyd bak seg, men når dei snur seg er det ingenting der denne gongen heller. Elsa kjenner hjartet banke endå hardare no. Dei snur seg tilbake, og no er bestemora borte. Elsa blir redd. «Vi må komme oss vekk før det er for seint!», ropar Elsa. Dei spring mot døra, men no står det ein skikkelse der. Når dei kjem nærme ser dei at det er Nicolai. Elsa skrik høgt og prøver å dra Svein med seg, men Svein er glad for å sjå sonen sin, og vil berre gje han ein klem. «Der er du! Kom så reiser me heim.» Svein går mot sonen sin, men stoppar når han ser at han har ein blodig kniv i handa. Nicolai spring mot faren sin og stikk kniven rett inn i brystet hans. Faren rekk ikkje å reagere, og dett saman på golvet. Elsa spring forbi Nicolai og ut døra. Ho spring så fort ho klarar mot teltet for å finne Asle, men det er vanskeleg å sjå noko i tåka. Ho snublar i ein stein og dett. Ho slår kneet, men haltar seg vidare mot teltet. Elsa riv opp teltduken, men Asle er ikkje der. Det einaste ho ser er masse blod inne i teltet som fører vidare inn i skogen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho spring etter spora, og tenkjer på kva som har skjedd med Asle, og kvar han er. Det kjennest ut som det er nokon som følgjer etter ho. Ho følgjer blodspora vidare endå djupare inn i skogen. Kanskje det er Nicolai som følgjer etter ho? Ho tenkjer at ho må springe endå fortare, men det gjer så vondt i kneet, og det er vanskeleg å puste for ho er så sliten. Men ho gjer alt ho har, og spring endå fortare. Ho er så fokusert på å finne Asle at ho gløymer smerta i kneet. I det Elsa nærmar seg utkanten av skogen, høyrer ho ei svak stemme som ynkar seg. Ho snur seg brått og ser Asle ligg ved sida av ein stein under eit tre. Asle er bleik i ansiktet, og han gret. Låret verkar, og bandasjen har dette av. «Går det bra med deg?» spør Elsa. Asle ynkar seg igjen. Han prøver å seie noko, men greier det ikkje. Elsa kjenner plutseleg ein drope på handa, og ser at den er raud. Ho ser opp og der ser ho ….