annonse

Eit lite øyeblikk

TRAVLE TIDER
TRAVLE TIDER: Marianne Fekene ved sentralbordet i Hemsedal i desember 1999.
HD201410141239986V1.jpg

Hemsedal; 20. desember 1999.

Det var travle tider å sitte på sentralbordet i Hemsedal kommune, hadde eg høyrt. Difor var eg fluge på veggen ein formiddag medan Marianne Fekene svara i telefonen:

«Tuut, seier sentralbordet. – Hemsedal kommune. Ja, eit lite øyeblikk så skal eg sette deg over. Nytt tut. Hemsedal kommune. Der er det dessverre stengt i dag. Kan eg ta ein beskjed? Marianne skriv ein intern e-mail som om få sekund vil sprette opp på skjermen til mottakaren. Det er så stor pågang på teknisk at dei må halde stengt to dagar i veka for å få gjort noko. Tut. Då må du ringe eit anna nummer, då kjem du dit direkte. Eg held styr på om lag 40 personar i kommunehuset. Tut. Nei, er det du? Vil du snakke med Maiken? Ja, eg skal prøve å sette deg over. Forutan teknisk er det rådmannen og delvis ordføraren som er mest etterspurt. Tut. Hemsedal kommune. Der er det opptatt, skal eg sette deg på venting? Det verste er dersom nokon går ut utan å seie frå, då kan eg ikkje hjelpe dei som ringjer. Tut. Vil du vente litt til? Det sprakar i faxen. Post blir lagt på skranken. Marianne frankerer. Marianne kopierer. Til eit kommunestyremøte er det fort 100 sider saker med vedlegg, og 52 mottakarar. Rundt 5000 sider å kopiere, pakke og sende ut. Tut. Hemsedal kommune: Nei, han er på kurs og skal vere borte i morgon. Det hender folk ringjer hit om ver og føre, og om snøforholda i heisen. Dei ser vel at det står «informasjon» i katalogen. Tut. Ja, eit øyeblikk så får du landbrukskontoret. Sentralbordet er ope frå ni til tre, med tjue minutts matpause. Tut. Hemsedal kommune. Nei, ho er fri i dag, men på plass i morgon. I gjennomsnitt kjem det ein telefon annakvart minutt, men ofte står det fire i kø. Tut. Nei, han er på veg til Drammen. Du må prøve han på mobilen. Sist eg talde, var i 1998, då var eg oppe i 190 inngåande telefonar på ein dag. Og det har ikkje blitt mindre seinare. Tut. Nei, ordføraren er ikkje til stades i dag. Tut. Ja, det er formannskapsmøte torsdag. I tillegg kjem alle interne telefonar og dei som vender seg i skranken. Der står det no ein person som etterlyser dagens nummer av Hallingdølen. Tut. Der er det dessverre opptatt. Vil du vente? Stressa? Nei, eg veit ikkje. Eg kan bli litt sliten i hovudet. Det hender eg går inn og sparkar i kopimaskina. Men som regel koplar eg av når eg kjem heim. Folk er hyggelege. Eg opplever sjeldan nokon som er sure. Tut. Nei, han er dessverre ikkje inne. Kan eg be han ringe deg? Eg har tittelen sekretær, er 34 år, ugift og barnlaus, har jobba her i 12 år og trivst godt. Tut. Hemsedal kommune. Ja, vil du prate med nokon spesiell? Kva gjeld det? Vedtekter. Hmm. Det lyser i blitsen. Marianne Fekene får latterkrampe og ser oppgitt på meg. Sei meg, har du tenkt å sette alt dette i bladet ...?». (Hallingdølen 28. desember 1999)

Dette var i 1999. Og Marianne Fekene er stadig å finne på sentralbordet når du i dag ringjer Hemsedal kommune.