Driftssjef Tobias Putner har ansvaret for alt som «durar og går rundt» i Hemsedal Skisenter.
Driftssjef Tobias Putner har ansvaret for alt som «durar og går rundt» i Hemsedal Skisenter.

Ein tysk snømann

Som driftssjef i Hemsedal Skisenter er Andreas Putner (39) eit av dei viktigaste tannhjula i heile den gedigne turistmaskina på Holdebakken.

Vinteren står for døra. Hemsedalsfjella er dekt i kvitt, og snart får helgetrafikken ekstra trøkk. I alle fall er det draumen for alle som sit med eit bankande hjarta for Hemsedal Skisenter, ikkje minst Tobias Putner.

Inne på kontoret er det svært subtilt. Lappar, ark og pennar ligg pent på plassen sin med beundringsverdig presisjon. Det er nok like greitt å ha orden på kontoret når ein er driftssjef for heile alpinanlegget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange trur me berre stenger ned 1. mai og opnar att 1. desember. Men sommaren kan faktisk vere ei ganske hektisk tid, spesielt for min del. Alle heisar og snøkanonar må haldast ved like kvart år. Det er strenge krav som må oppfyllast. Det er faktisk så mykje jobb med vedlikehald at me akkurat blir ferdige før me igjen må sette i gang med snøproduksjon, fortel Putner. Som driftssjef har han ansvar for alt innanfor alpinanlegget som blir drive av ein eller annan form for motor.

«Alt som går rundt går sundt», som me seier, smiler han.

{{imageLeft}}

Eg ser ikkje lenger på stillinga mi som ein jobb. Meir som ein livsstil.
Eg ser ikkje lenger på stillinga mi som ein jobb. Meir som ein livsstil.
Tobias Putner
Tobias Putner
Tobias Putner.
Tobias Putner.

PUTNER ER SJØLV OPPVAKSEN med fjell og snø, berre ein god del lenger mot sør og mot aust. Den raude knappen på kartet stoppar nærmare bestemt i Oberstdorf, Tyskland. Oberstdorf – direkte oversett til «øvste tettstad» ifølgje Putner sjølv.

– På mange måtar likt Hemsedal, men vegen går i alle fall vidare herifrå, ler han.

Med ein alpinlandsby som heimstad, var vegen kort til vintersporten. Men at han enda opp her i Hemsedal som driftssjef for eit skisenter, det var ikkje nødvendigvis ein del av framtidsplanane.

– Eg studerte til sivilingeniør på Høgskulen i Kempten. Maskinlinja. Der blei eg kjent med ekssambuaren min, som tilfeldigvis var dottera til den dåverande leiaren i skiheisen. Det starta med andre ord med sesongarbeid. Sidan har det berre gått ein veg.

Planen den gongen var å jobbe ein sesong, slik at dei hadde pengar til å reise jorda rundt. Etter nesten eit år på reise, fann dei vegen tilbake til Hemsedal. Etter fem år i skiheisen, klatra han opp i hierarkiet og tok over stillinga som driftssjef.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ser ikkje lenger på det som ein jobb. Meir som ein livsstil. Det einaste som hindrar meg i å jobbe endå meir, er dottera mi. Ho er den einaste skiljelinja mellom jobb og privatliv. Bortsett frå henne, er det ikkje stort anna eg driv med.

Skisenteret er altså ein stor del av Putners liv og identitet, men det er ikkje riktig så ille at han har flytta inn – han bur ikkje i skibakken.

– Men eg ser heisen ifrå huset mitt i sentrum, så eg følgjer med, ler han.

Sjølv om han er tysk, er Tobias fødd like mykje med ski på beina som nokon nordmann. Med tanke på framtida vil han at det framleis skal vera slik. Born må tidleg ut i bakken, meiner han. Då kan også skiheisen sjå framtida lyst i møte.

– Eg har ei dotter på seks år. Då er det fint å stå saman på ski. Tida i skiparken høyrer meir ungdomstida til.

– Kor hadde du vore, om du ikkje hadde kome til Hemsedal?

– Det er lett å vere etterpåklok. Om eg kunne levd livet om att, hadde eg sikkert gjort mykje annleis. Men det blir hypotetisk. Eg prisar meg lukkeleg. Det er mange tilfeldige hendingar med i biletet at eg godt kunne hamna ein heilt annan plass.

NÅR DET GJELD JOBB har Tobias Putner kort og godt ansvar for heile den alpine drifta på skisenteret, sjølve kjerneproduktet som både turistar og lokale vel å kome for: heisane, bakkane og snøen. Det handlar om preparering, prosjektleiing, skipatrulje og vedlikehald av køyretøy. Staben er på 17 årsverk. 75 jobbar i høgsesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snøkanonanlegget tel 370 punkt ute i anlegget som alle må kontrollerast fysisk. Anlegget har ni tråkkemaskiner, 21 skuterar, eit 20-tals bilar. Alt krev vedlikehald. Det er meir enn nok å ta tak i ved Hemsedal Skisenter òg om sommaren.

HEMSEDAL SKISENTER er på mange vis ein mastodont både i Hemsedal som kommune og Hallingdal som region. Tobias ser at det kan vera utfordrande å balansere interessene når internasjonal storkapital skal tilpasse seg dei lokale interessene. Det er alltid nokon som vil meine noko om den største private arbeidsgivaren i bygda.

– Alt som blir sagt og gjort blir lagt på ei gullvekt, forklarar han. – Ein må vere veldig diplomatisk, og inkludere og involvere flest mogleg partar for å få til kompromiss og finne dei demokratisk løysingane som passar best. Likevel: Til sjuande og sist driv me butikk, men per i dag har me eit godt samarbeid med både bygdefolket, kommunen og destinasjonsselskapet Hemsedal turisttrafikklag. •