Kvar fredag, saman med Bjørn-Henning Ødegaard, spelar Fredrik Sjaastad Næss (t.h.) inn Konspirasjonspodden. Podkasten har blitt ein av dei mest populære i landet.
Kvar fredag, saman med Bjørn-Henning Ødegaard, spelar Fredrik Sjaastad Næss (t.h.) inn Konspirasjonspodden. Podkasten har blitt ein av dei mest populære i landet.

Ein seriøs moromann

Kvar veke serverer Fredrik Sjaastad Næss nye konspirasjonar til det norske folk.

DETTE ER PÅ EIN måte ikkje jobb. – Det er altfor moro til det, seier han.

Han sit i kantina på Rubicon, Norges største produksjonsselskap. Det er fredag. Den faste dagen i veka han, saman med Bjørn-Henning Ødegaard, spelar inn vekas episode av Konspirasjonspodden – ein av Norges mest populære podkastar. Podkasten, som har hatt meir enn 400.000 avspelingar i veka og tre millionar totalt, drøftar forskjellige konspirasjonsteoriar i kvar episode. For lever Elvis? Var det eigentleg ei ulykke som tok livet av Diana? Og kva med Pearl Harbor, stod eigentleg USA bak?

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein podkast er eit radioprogram du kan abonnere på. Det blir gjeve ut på internett og ikkje gjennom radiobølger. 

SJØLV HADDE HAN aldri trudd det kom til å bli ein så stor suksess. Eller at han i det heile tatt skulle drive med radiounderhaldning. Trass i at han allereie på ungdomsskulen var god til å få folk til å le, var det nemleg fotballen som stod mest i hovudet på Ness der han tråkka rundt på Geilo. Men så kom UKM.

{{imageLeft}}

I standup har Fredrik Sjaastad Næss ein tendens til å hause seg litt ekstra opp. I podcast-settinga kan han vere meir nedpå, meir seg sjølv. Det er befriande, synest han.
I standup har Fredrik Sjaastad Næss ein tendens til å hause seg litt ekstra opp. I podcast-settinga kan han vere meir nedpå, meir seg sjølv. Det er befriande, synest han.
Fredrik Sjaastad Næss har alltid vore ein med gode kommentarar. No håpar han å gjere det til levebrødet sitt gjennom podkasten Konspirasjonspodden.
Fredrik Sjaastad Næss har alltid vore ein med gode kommentarar. No håpar han å gjere det til levebrødet sitt gjennom podkasten Konspirasjonspodden.
– Eg fekk mitt fyrste scenemøte som konferansier på UKM, fortel Fredrik Sjaastad Næss. No skriv han revyar, regisserar, står på scenen som standupkompikar og lagar ein av landets mest populære podkastar, Konspirasjonspodden - ved sidan av det han eigentleg driv med, som er å vere barneskulelærar.
– Eg fekk mitt fyrste scenemøte som konferansier på UKM, fortel Fredrik Sjaastad Næss. No skriv han revyar, regisserar, står på scenen som standupkompikar og lagar ein av landets mest populære podkastar, Konspirasjonspodden - ved sidan av det han eigentleg driv med, som er å vere barneskulelærar.
I standup har Fredrik Sjaastad Næss ein tendens til å hause seg litt ekstra opp. I podcast-settinga kan han vere meir nedpå, meir seg sjølv. Det er befriande, synest han.
I standup har Fredrik Sjaastad Næss ein tendens til å hause seg litt ekstra opp. I podcast-settinga kan han vere meir nedpå, meir seg sjølv. Det er befriande, synest han.
I standup har Fredrik Sjaastad Næss ein tendens til å hause seg litt ekstra opp. I podkast-settinga kan han vere meir nedpå, meir seg sjølv. Det er befriande, synest han.
I standup har Fredrik Sjaastad Næss ein tendens til å hause seg litt ekstra opp. I podkast-settinga kan han vere meir nedpå, meir seg sjølv. Det er befriande, synest han.

– Eg fekk mitt fyrste scenemøte som konferansier på UKM. Det var moro å sjå korleis publikum reagerte på dei forskjellige spøkane og innslaga våre, minnest han.

Seinare, under russerevyen på Gol, var han med som både tekstforfattar og hovudperson. Det var likevel eit slumpetreff innom standup- og revylina på Ringerike Folkehøgskule som for alvor fekk Ness inn på det sporet han er på i dag. Som fyrste kull på den nystarta lina fekk han og klassekameratane lage det meste sjølve. Det gav meirsmak for dei fleste. I dag lever fleire av desse av standup.

– Mange som torde å satse lever av stand- up i dag. Men eg, eg har aldri tort det.

DRAUMEN OM Å SATSE på humor, revy og podkastar lever framleis, men Ness er ein som likar å noko å falle tilbake på. Og etter eit år med medievitskap, ein bachelor i drama og teater og i ettertid praktisk pedagogisk utdanning, er det eigentleg dramalærar han er. I dag jobbar han 80 prosent som lærar, tek matte ved sida av og lagar podkast.

– Eg tek matte for å ha kunne få meg fast jobb som lærar. Men eigentleg jobbar eg for å slutte som lærar. Det er jo tullete å jobbe hardt for å få fast jobb slik at eg eigentleg kan jobbe med noko anna, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til trass for at utdanning og jobb tek mykje tid og energi, har likevel standup og revy aldri sleppt taket. I dag driv han med standup på si og jobbar støtt og stadig med tekst eller regi til alle slags revyar.

– Eg elskar å sitte i salen og oppleve responsen på det eg har skrive. Det å vite at ein har vore med å laga noko bra, er ei utruleg god kjensle. På mange måtar er det det same med standup, berre at ein får responsen sjølv. Men standup er skumlare, går det dårleg – ja då har ein berre lyst å grave seg ned, fortel han.

For humor er vanskelegare enn tragedie. Er det dårleg, kjem ein ikkje unna med det. Det er heile tida ein hårfin balanse: eit sekund lengre pause her eller der før punch- linen kjem, kan avgjera om det blir suksess. Nokre kveldar kan det fungere godt, andre ikkje.

– Men det er jo også det som er så spennande med standupen. Det skal så lite til. Timinga er alt!

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

.

.

I MOTSETNING TIL STANDUP, der han blir så nervøs at han kan gå rundt å grue seg ein heil dag, er han avslappa der han sit i skinnbenken til Rubicon ein time før opptak. Han supar i seg kaffi og stirar overivrig på kvar ein kjendis som går forbi, anten det er den tidlegare programleiaren for Luksusfellen eller Lars Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men trass i at han blir starstruck av kjente fjes i gangen, slappar han av her. I podkast- universet er det ikkje noko press på at det må vere morosamt. Konspirasjonspodden er i sjangeren produksjonsselskapet kallar infotainment, altså blandinga av informasjon og underhaldning (entertainment). Humoren kan vere ein bonus.

– Eg slappar betre av her. Når eg er på scena, haussar eg meg fort opp og blir litt meir intens. Her kan eg vere meir meg sjølv, fortel han.

Sjølv trur han grunnen til at podkasten har blitt ein suksess, er tonen han har saman med Bjørn-Henning Ødegaard og den tydelege rollefordelinga dei har seg i mellom.

– Bjørn-Henning er meir nedpå, eg er meir lett og ledig. Det har blitt slik naturleg. Eg er nok meir open ulike tolkingane, vil gjerne tru på konspirasjonane. Eg er ikkje redd for å stå fram dum og stiller dei spørsmåla som andre tenkjer men ikkje tør stille.

Men Konspirasjonspodden er meir enn berre noko ein kan høyre på øyret. I vår har dei to makkarane reist rundt og halde liveshow i store delar av landet, og i vår fylte dei heile Rockefeller.

– Då me møttest på Latter, tulla me med at me skulle ha liveshow på Rockefeller ein dag. At det faktisk skjedde, hadde me aldri trudd, fortel Næss. No er han spent på å sjå kor langt han kan dra det. Kan det bli tatt opp av ein av dei kjente radiokanalane? Kan det bli TV? Allereie har fleire store namn trua på dei.

– Men det er jo eit litt kontrastfylt liv dette. Eg held i alle fall bakkekontakten når eg set meg i bilen etter eit utselt show og køyrer gjennom natta for å rekke tilbake til Oslo og norskundervisning i diftongar dagen etter, smiler han.

Han innrømmer at frilanslivet freistar. Det kan vere tungt å undervise ein heil dag og så tenke kreativt når han kjem heim. Men å satse fullt, gjer han ikkje heilt enno. Det er meiningsfullt å vere lærar litt til, og han brenn for at elevar må få lære på andre måtar enn å sitte i ro. Men aller helst vil han gje folk ein pause. Ein time der dei berre kan le og ha det moro.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ganske sjukt å sjå kor mykje rart folk kan tru på. Det er kanskje det som er så artig med konspirasjonane. Mange av dei vil ein gjerne tru på. Eg trur mange synest det er kjedeleg å leve i ei A4-boble. At ein treng noko meir enn det. Ein treng noko å drøyme etter, noko å flykte frå, noko heilt absurd.