Øystein Bråten har hatt det travelt etter OL-gullet i Pyeongchang.
Øystein Bråten har hatt det travelt etter OL-gullet i Pyeongchang.

Ein meister i skileik

Øystein Bråten trenar aldri på ski. Han berre øver ekstremt mykje.

NOKRE VEKER har gått sidan han mottok OL-gullet i Pyeongchang.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Heime på Ål har han nett kome att frå topptur med ein skikompis. Dei har leika seg på brett gjennom skogen. Slike dagar lever han for. Der han berre kan suse nedover og ha det moro. Dei er nødvendige for å ha balanse i kvardagen. Alt morgonen etter skal han til Jotunheimen på sponsoroppdrag.

– Eg er framleis god til å gjere artige ting ein alltid har gjort. Det er ikkje like mykje tid å ta av som det var før, men eg prøver å halde balanse mellom leik og jobb.

For mange av OL-sjåarane var 22-åringen frå Torpo eit nytt fjes. Men premiesamlinga under trappa syner at han har vore i toppen dei fire siste sesongane. Der heng det fem medaljar frå X-Games, den mest prestisjefylte ekstremsportkonkurransen i verda. Berre dei beste blir invitert til å køyre her. I USA har Øystein Bråten vore eit kjend namn lenge. Etter OL har det skjedd noko her heime også.

Øystein Bråten vann verdscupkonkurransen i Stubai i vinter.
Øystein Bråten vann verdscupkonkurransen i Stubai i vinter.
Øystein Bråten er av dei beste skikøyrarane i verda.
Øystein Bråten er av dei beste skikøyrarane i verda.
Øystein Bråten tok OL-gull i friski slopestyle i Phoenix Snow Park under vinter-OL i Pyeongchang.
Øystein Bråten tok OL-gull i friski slopestyle i Phoenix Snow Park under vinter-OL i Pyeongchang.
Broren Gjermund Bråten (t.v.) og skilegenda Andreas Håtveit (t.h) har vore viktige støttespelarar for Øystein Bråten.
Broren Gjermund Bråten (t.v.) og skilegenda Andreas Håtveit (t.h) har vore viktige støttespelarar for Øystein Bråten.
– Dette er det største eg har opplevd, sa Øystein Bråten etter sigeren i X-Games på heimebane sist vinter.
– Dette er det største eg har opplevd, sa Øystein Bråten etter sigeren i X-Games på heimebane sist vinter.
Øystein Bråten på pallen under rail-jam på Lillehammer i 2009.
Øystein Bråten på pallen under rail-jam på Lillehammer i 2009.
Robert André Ruud (14 år) t.v. og Øystein Bråten (14 år) tok dei to fyrste plassane i yngre junior under NM i slopestyle på Oppdal i 2009.
Robert André Ruud (14 år) t.v. og Øystein Bråten (14 år) tok dei to fyrste plassane i yngre junior under NM i slopestyle på Oppdal i 2009.
Øystein Bråten vann X-Games i Hafjell i fjor føre James Woods (t.v.) og Nick Goepper (t.h.), som dusja vinnaren i champagne.
Øystein Bråten vann X-Games i Hafjell i fjor føre James Woods (t.v.) og Nick Goepper (t.h.), som dusja vinnaren i champagne.
Gjermund Bråten (t.v.) gratulerer bror Øystein Bråten med OL-gull i slopestylefinalen i OL. T.h. er skikompis og ekspertkommentator Andreas Håtveit.
Gjermund Bråten (t.v.) gratulerer bror Øystein Bråten med OL-gull i slopestylefinalen i OL. T.h. er skikompis og ekspertkommentator Andreas Håtveit.
Øystein Bråten med amerikanske Joss Christensen under sitt fyrste X-Games.
Øystein Bråten med amerikanske Joss Christensen under sitt fyrste X-Games.
Øystein Bråten fekk helse på kronprins Haakon då han tok NM-gull i yngre junior.
Øystein Bråten fekk helse på kronprins Haakon då han tok NM-gull i yngre junior.
Øystein Bråten tok sitt fyrste slopestylegull i X-Games i Aspen sist vinter.
Øystein Bråten tok sitt fyrste slopestylegull i X-Games i Aspen sist vinter.
Øystein Bråten trivst i heimkommunen og har kjøpt leilegheit på Ål.
Øystein Bråten trivst i heimkommunen og har kjøpt leilegheit på Ål.
Frå kjøkkenvindauga ser Øystein både tennisbanen og skaterampa, der han har mange timar i sommarhalvåret.
Frå kjøkkenvindauga ser Øystein både tennisbanen og skaterampa, der han har mange timar i sommarhalvåret.
Frå kjøkkenvindauge ser Øystein både tennisbanen og skaterampa, der han har mange timar i sommarhalvåret.
Frå kjøkkenvindauge ser Øystein både tennisbanen og skaterampa, der han har mange timar i sommarhalvåret.
– Eg trur det er viktig å finne tid til det ein synst er kjekt, meiner Øystein Bråten.
– Eg trur det er viktig å finne tid til det ein synst er kjekt, meiner Øystein Bråten.
Portrett Påskemagasinet 2018. (Freeskikøyrar og OL-vinnar).
Portrett Påskemagasinet 2018. (Freeskikøyrar og OL-vinnar).
Øystein Bråten og broren, Gjermund, laga rail og treningsbakke bak husveggen.
Øystein Bråten og broren, Gjermund, laga rail og treningsbakke bak husveggen.
Øystein Bråten vann X-Games på heimebane i fjor.
Øystein Bråten vann X-Games på heimebane i fjor.

– Eg har aldri opplevd så mykje ståhei. Det er grådig artig, men det har vore hektisk. Eg vil jo gjerne ha med meg alt, stå på ski, vere med kompisar og stille opp for sponsorar. Den siste veka har eg vore til Oslo tre gonger. Eg måtte si nei til noko, så det ikkje skulle renne heilt over for meg.

JULAFTAN DÅ ØYSTEIN VAR TI år fekk han dei fyrste twintipskia.

I bakken sette dei eldre brørne Gjermund og Hallgeir straks høge krav til minstemann.

«Når du har så fine ski, må du vise at du fortener dei», meinte dei. Eg kunne jo ikkje vere dårleg når eg hadde fått så bra utstyr! Det er aldri kult å vera dårlegare enn utstyret, minnest Øystein.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Han starta tidleg på miniski og plastikkbrett. Han øydela alpinskia i landinga etter eit hopp i Svarteberg. Frikøyrar Åsmund Thorsen hadde kome heim frå USA-tur, og Bråten skulle imponere. På dei gamle skia drog han til alt han hadde, og sette sin fyrste 720 (720 grader rotasjon i lufta). I landinga rauk begge skia bak bindingen, og snøspruten stod. Men yngstemann var strålande fornøgd. Han hadde landa på føtene! Den jula kom twintipskia under treet.

– Eg lærte nok fort. Min fyrste switch 1080 sette eg som 12-åring. Det er kanskje litt seint i dag, men var tidleg på den tida. Det er mange gode minne. Eg har framleis alt av bilete og film frå dei fyrste åra. Det er kjekt å sjå på innimellom.

Backflip lærte han av Åsmund Thorsen. Thorsen tok med Bråten og jamgamle Robert Ruud ut på eit jorde ved skisenteret i Ål. Der bygde dei hopp. Thorsen viste dei to yngre gutane korleis det skulle gjerast.

– Fyrst køyrde me i laussnøen. Så trakka han landinga for oss. Det var alltid slik det var når me skulle lære nye ting, at me køyrde i laussnøen fyrst. Eg hugsar kjensla. Når du hadde lært deg backflip, då var du rå, seier han og ler.

Han veit ikkje kor mange timar han har på ski i hagen på Torpo. Der sette dei opp røyr og rekkverk så fort det kom snø. Eller køyrde på plast om sommaren. Eit plastrøyr frå idrettsbanen på Torpo køyrde han fleire mil på.

– Den bakken er heilt perfekt for skikøyring. Det hadde vore moro å rekna på kor mange timar eg har brukt på å køyre og bygge ting der, seier han.

Det skal noko til at mannen i gata forstår alle dei tekniske krava Øystein må meistre. Det er ikkje enkelt å sjå kvifor eit run får betre score enn eit anna. Men folk flest nøyer seg kanskje med å vurdere ut frå folk landar bra eller ikkje?

HAN HAR ALLTID VORE veldig målbevisst, driven av eit ynskje om å bli best mogleg på ski.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bror min, Hallgeir, vart dritlei fordi eg berre prata om ski. Han sa ifrå til slutt at no måtte eg prate om noko anna. Men det har vore mykje ski oppgjennom. Ein gong hadde det snøga i fjellet, men ikkje på Torpo. Då fekk eg pappa til å hente traktor og hengar og reise på fjellet. Der samla me saman snø og tok med heim. Eg la det utover og køyrde med kompisar. Alt har nok handla om at eg har vore veldig ivrig og hatt eit ynskje om å bli betre. Og at det skal vere moro og lov å leike seg. Om du har det gøy, så er det mykje enklare å øve. Det er ikkje kvar dag det er sol, då er det viktig å variere og gjere ulike ting.

Han har vakse opp som ein del av «Hallingtoget», men i den gjengen er det berre han som er på landslaget no.

– Det er sjukt bra nivå på heile gjengen heimanfrå. Men eg var den einaste som valde landslag og konkurransar. Eg bestemte meg tidleg. Og når eg bestemmer meg for noko, då er det det eg skal gjere. Det har aldri vore spørsmål om eg skulle finne på noko anna. Kanskje har eg berre eit ekstra gir som driv meg vidare?

I starten var ikkje sporten like organisert. Det fanst ingen nasjonal serie. Han køyrde dei konkurransane han kom over. Foreldra køyrde han ofte til trening hjå Andreas Håtveit i Sudndalen, og elles landet rundt på konkurransar. Med nyvinninga Norwegian Open begynte han å konkurrere meir seriøst. Då øvde han triks med tanke på konkurransar. 14 år gammal vann han Salomon Jib Academy på Beitostølen. Premien var ein plass i verdsfinalen i Mammoth i California. Då begynte snøballen å rulle. Han reiste til European Open i Laax same vinter, der vart han nummer 18 av over hundre deltakarar. To år etter stod han på pallen i same konkurranse. På trinna over han stod heltane Gus Kenworthy og Andreas Håtveit.

– Det var min fyrste konkurranse mot dei store gutane. Det var der eg skjønte at dette var mogleg. Det gav meirsmak og sterk inspirasjon. Eg var langt bak dei, men eg var på gang.

{{facts}}

DET VAr dei som lurte på om han i det heile kunne bli god, for han kunne ikkje dei største triksa. Men unge Bråten var grundig. I staden for å skunde seg mot toppen, lærte han triksa steg for steg. Han har til og med lært seg triks på nytt, fordi han såg at det ikkje vart heilt som dei skulle. Gradvis vart han betre og tok att dei som tok snarvegane.

– Eg har både hovudmål og delmål. Det er aldri slik at eg berre prøver på eit triks. Eg startar med å gjere småtinga i bakken kvar dag, og når eg er klar og det er eit bra hopp så prøver eg å utnytte det til å lære meg heile trikset skikkeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å vera trygg i bakken er hans fremste våpen. Han blir rekna som ein smart skikøyrar, ein som har kontroll.

– Eg har alltid vore litt meir forsiktig. Om du tek mindre steg, men køyrer oftare, så hamnar ein på same nivå til slutt. Du blir til og med betre.

– Som fabelen om haren og skilpadda?

– Ja, det er litt slik. Eg har aldri likt å ikkje ha kontroll, eller å ta ein sjanse der du kan slå deg forderva. Eg og Andreas Håtveit er litt like slik. Det har aldri vore berre adrenalinet som har drive oss, men heller meistringskjensla, terpinga og det å prøve å gjere det ordentleg.

Han presiserer at det ikkje alltid er utan risiko. Det er berre meir kalkulert.

– Nokre gonger er du dritredd og må prøve noko nytt. Det er heilt jævlig, men det er også dritkult å klare det. Det er jo ikkje slik at eg berre køyrer safe og ikkje tek risiko nokon gong.

Dei siste fire åra har det vorte mange pallplassar. Sjølv når han ikkje visste korleis han skulle heve seg frå vinteren før, har han berre blitt betre.

– Eg er fornøgd med at det framleis går oppover. Eg håpar å halde fram slik. Det er vanskeleg å henge med for utviklinga av sporten går så fort. Det er umogleg å si kva topp tre runna i X-Games kjem til å bestå av neste år. Eg må å berre henge med og køyre mest mogleg på ski.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torpingen har bakgrunn frå folkemusikkmiljøet, men meiner andre ting har hatt meir å si for dei resultata han har hatt dei siste åra.

– Alt eg har gjort på ski har hatt mest å si for at eg har vorte god på ski. At eg dansa som liten, har gjort at eg har lært å lea på meg og få kroppskontroll. Men trampoline og skikøyring har vore mest viktig for at eg har utvikla meg på ski. Det er også skikøyringa som verkeleg har gitt meg glede oppgjennom. Også dreiv eg mykje med turn. Trampoline hoppa eg heilt sjukt mykje på. Det har vore ein fordel eg kunne bruke på ski òg.

Han har HEILE VERDA til arbeidsplass, men han trivst godt heime. Difor kjøpte han seg leilegheit på Ål med kort veg til snø og bakkar.

Medan andre idrettsutøvarar trenar, vil ikkje Bråten bruke det ordet.

– Eg trenar jo, men det er når eg er på treningsstudio. I bakken pratar me meir om øving og terping, ikkje trening. Me har berre køyrt ekstremt mykje på ski, kanskje meir enn andre. Det har fungert best for meg.

Før OL prøvde han å legge ein plan. Men då han kom til Pyeongchang, måtte han tenke nytt.

– Eg var ganske frustrert på dei fyrste treningane, både i OL og X-Games. To av triksa eg brukte mykje tid på i vinter, var veldig lønsame. Til dømes «switch høgre dobbel 1440-en». Den har eg hatt så lyst til å lære meg. I haust sat den endeleg.

Før ein konkurranse handlar det meste om føle at ein «er varm i trøya», som han sjølv seier.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I ein konkurranse vil du ideelt sett ta det beste trikset du kan ta på kvart element.

– På railsane vil du vise at du kan spinne begge vegar. På hoppa vil du spinne ulikt på kvart hopp og vise at du har ulike grabbar inne. På hoppa har eg oftast ein plan på kva eg vil gjere, men på rails brukar eg lang tid på å finne ut kva eg kan gjere. Det er vrient kvar gong.

– Er du nøyaktig?

– Ting skal sjå bra ut, og slik eg har sett dei for meg.

Han har sett timevis med skifilmar. Sjølv står han bak YouTube-prosjektet «Fast Laps», som lettast kan samanfattast som skiglede på film.

– Det var meir tid til filming før. Då handla det berre om å finne kule stader å filme. Det kan du finne overalt. Det er veldig artig at andre blir inspirert. Det er drivkrafta bak Fast Laps. Instagram og Facebook blir fort gløymt. Eg ville prøve å lage noko skikkeleg som ikkje berre forsvinn. Det var slik eg starta på ski, med å sjå på Andreas og dei store gutane på skifilm.

Eit av dei mest sette klippa viser Bråten og svenske Jesper Tjäder på tandemski i Åre.

– Tandem var Jesper sin idé. Me var på Jon Olsson Invitational. Der hadde han vore oppe i skogen og montert skia, bygd hopp og sett opp kamera. Han mangla berre ein å køyre med. Eg sa ja.

Gutane skulle køyre kvalifisering og finale seinare same dag. Klokka tikka. På fyrste forsøk rauk bindingen.

– Me fiksa den, og landa det på andre forsøk. Jesper er ein av dei mest oppfinnsame karane eg veit om. Me var dritnervøse begge to då me sette utfor. Du kan jo høyre på klippet kor gira me er etter me landa. Dei fleste synst det var kult, men det var faktisk litt delte meiningar i skimiljøet om tandemkøyringa, fortel Bråten.

ETTER OL HAR HAN teke pause.

– Eg har stått over verdscupkonkurransane før påske. Ribbeina mine gjer framleis sjukt vondt. Eg trong også ei pause til å gjere filming og andre ting etter OL. Det blir X-Games i Oslo i mai, også får eg sjå. Eg gleda meg sterkt til OL, men det var litt herleg at det var over òg. Det blir mykje stress og tankar på førehand. Så det er godt det er fire år til neste gong.

– Og du er med?

– Det trur eg. Men vegen vidare er ingen plankekøyring. Det er mange yngre som kjem opp. Det blir meir og meir krevjande. Kroppen er heller ikkje som då eg var 16. Eg må vera smartare no.

– Blir du nokon gong mett?

– Eg ser jo at eg ikkje kan drive på med dette til eg er 50. Kanskje 30 er eit mål? Det er mogleg å halde det gåande utan å konkurrere. Kanskje kan eg filme og gjere andre ting?

Etter OL-suksessen har mange unge skikøyrarar fått eit nytt førebilete.

– Det største for meg er å inspirere unge til å få lyst til å stå på ski, og at dei som har peiling blir inspirert av det eg gjer. 

Fødd: 21. juli 1995 Frå: Torpo På landslaget i freeski

Merittar:

* OL-gull i Pyeong- chang (2018), 10.-plass i Sotsji (2014)

* Vann slopestyle i Aspen og Hafjell i 2017, og er den fyrste skikøyraren som har teke to x-gamesgull i slopestyle i same sesong

* Tok sølv i både slopestyle og bigair i 2018

* Bronse i Aspen i 2016

* Sølv i junior- VM i 2012

* Har vore på pallen i åtte av dei ni siste konkurransane han har køyrd