annonse

Ein glad gut

Per O. Noss.
Per O. Noss.: Per O. Noss.
Per O. Noss.
Per O. Noss. : Per O. Noss.
Per Olav Bang Noss

Ti år med radiospeling, men lite kred. Per O. Noss tek det ikkje så tungt. Han syng for døve øyre i Kenya.

  • Bernt Ivar Bergum

Midt i øvingsrommet står han, med handa rundt mikrofonen og ei litt alvorleg mine. Konsentrert, slik ein bør ein skal framføre eigne tekstar og melodiar.

Neste år kan han feire ti år med radiospeling på NRK-Buskerud. Om ei veke står også heimepublikum for tur. Per O. Noss stiller for ein sjeldan gong opp med fullt band. Det er ikkje småtteri, for ein enkel kar frå Kvinnegardslia.

– Kven eg er? Eigentleg? Åhh, eg er konge på small-talk, men big-talk er eg redd for, seier han og ler litt nervøst.

Hallingdølen vil vite litt meir om kven denne mannen er som i eigne tekstar etterlyser seg sjølv. «Er det nokon som har sett’n Per Olav» kan han finne på å synge. Kor mykje har me sett av han, eigentleg?

Per O. vender tilbake til den meir jordnære Per Olav når scenelyset ikkje står på. Sunge har han gjort heile livet, men ikkje alltid med stjerneambisjonar.

– Eg er ein glad gut, som elskar å synge, seier han om seg sjølv.

– Eg elskar å køyre pickup også, legg han til.

Det er fridomskjensla ved å gli gjennom landskapet som lokkar han ut på vegen, ofte med Tim McGraw på anlegget. Country gir ro i sjela.

– Eg spelar ikkje country altså, og har ikkje tenkt å begynne med det heller.

Men det betyr ein del for han. Elles ville han ikkje døypt ein Nissan Kingcab for «Tim». Dei høyrer i lag. Mannen og bilen.



Små augeblikk kan gjere store forskjellar. Livet har gått litt frå det eine ytterpunktet til det andre. Musikkinteressa, som var viktig for han gjennom heile barndommen, fekk seg til dømes ein knekk då han var 12. Han tok skrekken.

Han hadde skrive sin første song. «Under same himmel» handla om krig og fred. Og der stod han plutseleg litt ufrivillig på scena i sin første musikkonkurranse. «Under 17» var namnet på det ein i dag best kan samanlikne med MGP-junior. Og der stod han, i Buskerud-finalen, med heilt «feil» song. Det var ukult, men pengepremien lokka.

– Eg gjorde det berre fordi eg ville ha parabol.

Det vart ingen parabol med eksotiske kanalar den gongen. Artistdraumen brast. Med unntak av plass i Synsygus-koret vart musikkarrieren gravlagt for mange år.

Artistdraumen var ikkje tilbake før han var kring tjue. Paradoksalt nok var det eit spektakulært og glamorøst TV-show overført frå USA som gjorde eit skjelsettande inntrykk. Han var gardist på Slottet og fekk tilbake trua på å kunne marsjere inn på stjernehimmelen.

– Eg bestemte meg for å drive med musikk på heiltid. Eg tenkte «dit vil eg».

Det vart starten på den vegen han går i dag, sjølv om han undervegs er blitt kraftig realitetsorientert.

Det var han sjølv som introduserte «Hallingpop» i 2010, eit ord han brukte for å beskrive sitt eige musikalske uttrykk. «Hallingdølens kniv» fekk blanda mottaking. Pop på dialekt, inspirert av folkemusikk og elektronisk dance. Nybrotsverket sette musikkmeldarar på prøve.

Med hans andre album, «Redningsmann» som kom i fjor, har han gått i ei meir organisk retning, både med tekst og produksjon. Under platesleppet på Herr Nilsen i Oslo stilte han med fullt band. 30. april er det Ål kulturhus som ventar. Begge delar må ein sjå på som to musikalske høgdepunkt – til no.

– Å slå gjennom er kanskje ikkje så realistisk. Kred har eg gitt opp. Eg trur ikkje eg kjem til å få det, seier han og fortel kor utruleg frigjerande det er å gi slepp på den tanken.

– Eg er ikkje lenger bunden. Det er godt å ikkje bry seg om kva journalistar og andre meiner. Eg har senka skuldrene. Byggjer stein på stein.

– Du har fått Hallingdal musikkforum sin pris?

– Det er sant. Det er jo faktisk kred.



Våre eigne redningsmenn. Det er det me er, meiner han. I livet har også gudstrua tatt sin plass.

– Eg har prøvd å ikkje vere kristen også. Det var ikkje noko særleg, seier han. Gud var tilbake då han trong han som mest og han har vist han ei retning for kvar engasjementet skal ligge.

Overskotet av platesal har han ved nokre høve gitt til Deaf Aid sitt prosjekt for døve skuleborn i Kenya.

– Skulen mangla port, og no er Noss-porten på plass. Den beskyttar mot bandittar og ville dyr. Det er moro, seier han.

Låten «Ti skritt» handlar litt om at ting fell på plass, om ein berre held fram å gå litt til.

Slik sett er det ein viss grad av sjølvterapeutisk sus over plata hans.

– Du etterlyser deg sjølv, syng at du snublar og dett og treng ein redningsmann?

– Eg hadde hatt betre tider og trong ein redningsmann, men oppdaga at det er noko me har i oss sjølv.

No vekslar livet mellom turnusarbeid på hurtigruta Finnmarken og perfeksjonering av musikken. Øvinga er to timar dagen. Som ein idrettsmann perfeksjonerer seg er det stemmebruken han trimmar.

– Det er også godt å ikkje skulle leve av musikk. Det er jo eit jag og eit mas. Eg er meir som ein forvaksen musikkskule-elev, som no og då får vist musikken min. Eg ser ikkje på meg sjølv som artist lenger, seier han og vedgår samstundes at han med åra er blitt betre på sjølvironi. Han kan smile av juksinga hos Arne Moslåtten då han i ungdommen skulle lære seg notar.

– Han ferska meg i å spele piano på gehør. Han sa til mor mi at eg hadde lurt han, seier han og held fram med å innrømme:

- «Svigermor» er jo eigentleg ei forferdeleg låt, og i alle fall ikkje noko ein får kred av. Eg har spurt meg sjølv kvifor eg gav ho ut. Samstundes har folk takka meg for låta. Om eg treffer nokon, er jobben gjort.

Den praktiske hjernehalvdelen jobbar langs norskekysten. På land er den kreative i sving. Vekslinga er givande, meiner han som eig dei begge.

– Eg er nok på mitt lykkelegaste når eg gjer heilt vanlege ting. Ryddar huset, og vaskar bilen.

Bilpleie må til. I fjor var dei mykje i lag, «Tim» og han. Landet rundt, på radio-turné. Det er ikkje flust av vindauge å smyge inn i om ein vil drive med musikk i dag. Ein lyt prøve å klyve inn der ein kan.

– Skal eg gi eit råd må det vere at folk bør tenke seg om. Ikkje tenk på OM du vil bli artist, men KVIFOR, seier han.

Ålingen har nesten kome gjennom nålauget mange gonger: Pre-kvalifisering til Idol. Låtar til vurdering i Melodi Grand Prix.

– I ettertid er eg glad eg ikkje har vore med. Eg var ikkje god nok då. Stor eksponering for tidleg er ikkje nødvendigvis nokon grei erfaring.

Målet i dag er å bli betre som vokalist, men no handlar det ikkje lenger om nokon har sett’n Per Olav. Det handlar om nokon har sett seg sjølv i tekstane.