I starten var konkurransen Fest series ein del av festivalprogrammet.
I starten var konkurransen Fest series ein del av festivalprogrammet.

Ein gigantisk sykkelfest

«Til lands, til vanns og i lufta med». Sitatet frå eventyret gjeld også i Votndalen.

Ein dag i 2009 fekk kompisane Magnus Tveito, Knut Myking, Åsmund Thorsen, Jon Håvard Grøgard og Vegard Breie ein idé som skulle ende opp med å bli eit av sommarens store høgdepunkt for langt fleire enn dei sjølve.

Ålingane kom frå skimiljøet, og trong noko å fylle sommaren med. Mykje av den same energien, utfordringa og det same miljøet fann dei i syklinga. Og heimkommunen synte seg å by på perfekte forhold. På seinsommaren det året ville dei invitere kompisar frå andre stader til å prøve forholda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me inviterte nokre kompisar for å sykle downhill den helga Hellbillies spelte i folkeparken, me hadde partytelt i hagen og sykla. Så balla det berre på seg, sa Magnus Tveito og Knut Myking i 2014.

Når dei startar opp 26. juli, kan dei feire at det er tiande gongen med festival.

– Me starta litt utan mål og meining. Me hadde aldri trudd at me skulle sitje her no og arrangere for tiande gongen, seier dei to.

Både tilreisande og bygdefolk samlar seg for å sjå sykkelshow i botnen av bakken.
Både tilreisande og bygdefolk samlar seg for å sjå sykkelshow i botnen av bakken.
Ungane står i kø for å helse på heltane på festivalen.
Ungane står i kø for å helse på heltane på festivalen.
Det ligg mange timar med arbeid bak kvar festival.
Det ligg mange timar med arbeid bak kvar festival.
Både tilreisande og bygdefolk samlar seg for å sjå sykkelshow i botnen av bakken.
Både tilreisande og bygdefolk samlar seg for å sjå sykkelshow i botnen av bakken.
I heile juli månad legg gjengen bak Huckfesten ned timevis med dugnadsarbeid.
I heile juli månad legg gjengen bak Huckfesten ned timevis med dugnadsarbeid.
Kurt Sorge og Andreu Lacondeguy i lufta over jorda i Votndalen.
Kurt Sorge og Andreu Lacondeguy i lufta over jorda i Votndalen.
Vegard Breie og Magnus Tveito er to av eldsjelene som brukar sommaren sin på å jobbe dugnad i Svarteberg. (Signe Fuglesteg Luksengard)
Vegard Breie og Magnus Tveito er to av eldsjelene som brukar sommaren sin på å jobbe dugnad i Svarteberg. (Signe Fuglesteg Luksengard)
Klovner i kamp spelte på Huckfestscena i 2016.
Klovner i kamp spelte på Huckfestscena i 2016.
Med Klunker Race i 2017 tok festivalen syklinga over 30 år tilbake i tid.
Med Klunker Race i 2017 tok festivalen syklinga over 30 år tilbake i tid.
Makken er ein av fleire sykkelkjendisar som har oppdaga festivalen i Votndalen.
Makken er ein av fleire sykkelkjendisar som har oppdaga festivalen i Votndalen.
Klovner i kamp spelte på Huckfestscena i 2016.
Klovner i kamp spelte på Huckfestscena i 2016.
Hillbilly Huck er fest, skikkeleg fest på låven.
Hillbilly Huck er fest, skikkeleg fest på låven.
– Dei som deltek veit at det er risikosport, seier arrangørane.
– Dei som deltek veit at det er risikosport, seier arrangørane.
Stagediving har vorte ei greie frå scena på låven.
Stagediving har vorte ei greie frå scena på låven.
Stigsykling er eit populært innslag.
Stigsykling er eit populært innslag.
Turboneger spelte på festivalen i 2016.
Turboneger spelte på festivalen i 2016.
Knut Myking og Magnus Tveito har skapt sine eigne arbeidsplassar gjennom arbeidet med festivalen.
Knut Myking og Magnus Tveito har skapt sine eigne arbeidsplassar gjennom arbeidet med festivalen.

Den fyrste festivalen gav dei skikkeleg bakoversveis. Det var ikkje lite som skulle til for å arrangere festival.

– Me brukte mange dugnadstimar og måtte søkje kommunen om sommardrift i heisen. Det var litt flaks for oss at skisenteret mangla dagleg leiar den sommaren, i tillegg til at familien til Magnus er grunneigarar. Me fekk relativt frie tøyler. Og teknisk var det ikkje så vanskeleg, seier Knut Myking.

Dei fann ei helg dei meinte var gunstig. Så drog dei i gang. Inviterte vener og kjende, fekk avtale med skisenteret og organiserte graving av løyper.

– Me hadde eit lite anlegg i botnen av bakken som heisen hadde godkjent for sykling og sommardrift. Det var meir krevjande enn me hadde trudd. Og me brukte mykje tid på å lage ei løype. Familien til Magnus hadde gravemaskin, John Håvard (Grøgard) kom med gravemaskin, også rigga me berre til, fortel Myking.

Så vart det festival. Og den starta med ein real smell. Knapt 20 minutt etter at heisen starta, landa luftambulansen i skisenteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då lurte eg på kva me hadde sett i gang, seier Tveito.

Heldigvis gjekk det bra, sjølv om dei også måtte sende bod på luftambulansen ein gong til i løpet av helga.

– Skader er ein del av gamet. Men me har heldigvis ikkje hatt luftambulansen seinare. Vanleg ambulanse er oppom kvart år, både på dag- og kveldstid. Men me har det heile tida i bakhovudet at det skal vera trygt på festival, fortel dei.

SUKSESSEN VAR EIT FAKTUM. Etter fyrste året fekk dei blod på tann. «Dette fiksar me», tenkte dei. Gradvis utvikla dei Hillbilly Huck til ein festival «alle» i sykkelmiljøet kjenner.

– 2012 var det fyrste året me hadde booka band sjølv. Fram til då var det fest i det som då var Folkeparken på Ål. I 2011 hadde me eit forsøk med fest på låven heime hjå Magnus. Då skjønte me at me kunne jobbe meir og ta dette eit steg vidare, fortel dei.

Dei siste åra har folk frå heile verda kome til Votndalen og sett opp teltet på garden til Tveito.

– Me må sende ein takk til familien til Magnus for at me får ha festival praktisk talt inne på tunet deira. Det er ikkje alle familiar som hadde respondert på den måten som dei har gjort. Med to generasjonsbustader på tunet, er det ikkje sjølvsagt at dei seier ja. Men dei er ei heilt uvurderleg brikke, meiner Myking.

– Det er fullt hus der, og vel så det. Men foreldra mine, og bror min òg, ser kor mykje glede me har av å drive med dette. Etter kvart har det vorte tradisjon for dei òg, sjølv om det nok var litt stress i starten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei trur omgivnadene er ein av suksessfaktorane. Med camping på jordet, fest i låven og gardstunet som møteplass, får deltakarane ei kjensle av å vere på besøk framfor å vere på festival.

– Det skaper noko av stemninga rundt festivalen. Det skjer på grasrota, det er ikkje eit hotell eller ein campingplass, det er noko unikt.

DEI HAR UTVIKLA HUCKFESTEN GRADVIS.

– Etter låvefesten skjønte me at me kunne ta festivalen eit steg vidare. Det er utruleg at me har hatt store band som Turboneger og Klovner i kamp her, seier Tveito.

I år har dei fokus på eit jamt, godt kulturprogram.

Festivalen fusjonerer kultur og sykkelkultur. Resultatlister og startnummer det viktigaste.

– Mykje har handla om tidtaking i norsk sykkelsport. Det gjer det ikkje hos oss. For oss handlar det om opplevingar, fellesskap, kunnskapsdeling og underhaldning. Me har vore med på å dra sykkelmiljøet i den retninga. Det er fleire andre festivalar som hentar inspirasjon frå oss. Det er kjekt, meiner dei.

Dei prøvde seg med enduroritt nokre år, men det vart for seriøst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Framfor å tenkje på tidtaking, tenkjer me breitt og kulturelt. Det passar bra inn i Ål som er kulturkommune. Folk lokalt har fått auga opp for oss.

– I starten var nok dette noko litt rølpete for folk, noko som skjedde oppi Votndalen, som dei høyrde lyden av på kveldstid. Men i fjor fekk me Ål kommunes kulturpris, den heng høgt. Det var stort.

Dei siste åra har både stjerner og hobbysyklistar kome frå fleire land. Både New Zealand, Sveits, Austerrike, Sveits, Canada og USA har hatt deltakarar, i tillegg til Norge og Norden.

– Fyrste året med Fest series-konkurransen var ein milepæl. Då brukte me heile våren og sommaren på å bygge det som då var den største hopplina for trøsykkel. Så kom dei beste i verda og syntest det var heilt rått. Det tok det til eit nytt nivå. Når desse postar bilete frå Ål, så har det ein marknadsverdi det er vanskeleg å vurdere.

Det lokale publikummet har også funne vegen til sykkelfesten.

– Fyrste Fest series var det ein kompis av oss som laga plakat. Han skreiv for hand «Kom til Ål skisenter kl. 17» og hang han opp på Kiwi. Og folk kom, og det set me pris på. Me sel mange festivalpass lokalt, og har som regel alltid billettar til det som skjer på kveldstid fram til festivalveka, seier Magnus Tveito.

STJERNENE TRIVST I VOTNDALEN. Kvart år kjem fleire av dei mest kjende sykkelryttarane.

Det gjer også dugnadsfolka. Hillbilly Huck har ein gjeng som brukar våren og sommaren på å førebu løyper. Døra er aldri stengt for folk som vil stille opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleire nye har etter kvart overteke ulike ansvarsområde. Dette gjeld til dømes stigsyklinga om krev mykje. Det er viktig å få inn nye krefter. Hadde det berre vore oss, så er eg usikker på om festivalen hadde overlevd, seier Magnus Tveito.

Mange av eldsjelene meiner vekene før sjølve festivalen er dei beste. Når dei møtest for ein kaffikopp om morgonen, går ut og jobbar, et lunsj i lag, og jobbar utover ettermiddagen.

– Når helga kjem, så går det fort. Då spring me rundt og er litt stressa. Somrane har vore veldig fine, sjølv om me har brukt kvar juli månad dei siste ti åra på dette. Me legg jo ned ein innsats for å betre sykkeltilbodet til bruk utanfor festivalhelga òg, det blir litt og litt betre for kvart år.

Då dei starta opp var dei alle tidleg i tjueåra. Festivalen og karane bak han har utvikla seg parallelt desse åra.

– Me har vorte vaksne og har lært mykje. Me var temmeleg blanke, men me har vorte meir og meir profesjonelle, ikkje minst når det gjeld budsjett og lovverk, bedriftsøkonomi, leiing og marknadsføring, fortel Myking.

Kor lenge festivalen kan leve, veit ingen. Etter eit par år kom tanken om å arrangere ti gonger, no har dei nådd dit. Tek dei eitt år til, blir det 11. året med festival.

– Me får sjå kva kjensla seier i år. Me har nokre yngre gutar som er ivrige. Dei græt nesten når me pratar om kor lenge me kan drive på. Ti år er ein milepæl uansett, meiner Tveito.

– Me har jo i periodar kjent oss litt leie. Festivalen har teke somrane våre dei siste åra. Og me tenkjer på kor lenge me har nok frivillige. Dette er på ei tid der mange er bortreist òg. Men kanskje må unggutane ta over litt etter kvart? n

Artikkelen held fram under annonsen.

{{facts}}

* Sykkelfestival med base i Votndalen på Ål.

* Starta i 2009. Den gong var det 40 deltakarar, og eit gratisarrangement på Hillbilly Bike Park arena.

* I 2011 kom stigturar på programmet for fyrste gong. Det vart eit populært innslag.

* I 2012 kom konsertar på eigen scene.

* I 2013 bygde dei Europas råaste sykkelløype og inviterte verdsstjernene.

* I 2014 starta dei selskapet Hillbilly MTB AS, som i dag har eitt årsverk. Det var også fyrste året med utseld festival.

* I 2017 hadde festivalen 700 deltakarar.

* Årets festival er den tiande i rekkja. Den går frå 26.- til 30. juli. På programmet står både stigsykling, fleire show og konkurransar. I tillegg kjem artistar som Skambankt, I Am K, The Golden Leaves.

(Kjelde: Hilbilly Huckfest)