F.v. Kjartan Haugen, Knut Ole Skredderberget, Vidar Øynebråten, Roy Hansen, Knut Ole Gaptjern, Vegard Corneliussen, Dagfinn Brøto og Arne Ødegård.
F.v. Kjartan Haugen, Knut Ole Skredderberget, Vidar Øynebråten, Roy Hansen, Knut Ole Gaptjern, Vegard Corneliussen, Dagfinn Brøto og Arne Ødegård.

Eigne sjefar i 10 år

For ti år sidan braut sju golingar ut frå eit konsern og etablerte sitt eige bilfirma. No er Glitre Bil AS ein livsfrisk jubilant med begge hendene på rattet.

«Herrar i eige hus» var tittelen på eit oppslag i Hallingdølen i november for ti år sidan. Den kunne me ha brukt i dag også.

Bakgrunnen var at sju tilsette i Tronrud Bil på Gol ikkje ville bli med vidare då selskapet vart kjøpt opp av det svenske storkonsernet Bilia.

Artikkelen held fram under annonsen.

I STADEN FOR Å BLI arbeidstakarar i eit stort bilkonsern, slo dei seg saman. Karane kjøpte tilbake sin arbeidsplass og stifta Glitre Bil AS. Dei ville ha styringa sjølve. Alle sju vart deleigarar.

– Det var mange i bilbransjen som var skeptiske då me starta eige bilfirma og ikkje ville fortsetja i ei stor kjede. Ettertida har vist at me har gjort skepsisen til skamme. Me har lykkast med opplegget vårt, seier Dagfinn Brøto.

Han var arkitekten bak «skilsmissa» og har vore dagleg leiar i Glitre Bil frå starten.

Knut Ole Skredderberget, Vidar Øynebråten, Roy Hansen, Knut Ole Gaptjern, Jim Kenneth Thoresen, Dagfinn Brøto og Arne Ødegård.
Knut Ole Skredderberget, Vidar Øynebråten, Roy Hansen, Knut Ole Gaptjern, Jim Kenneth Thoresen, Dagfinn Brøto og Arne Ødegård.
Knut Ole Skredderberget i aksjon.
Knut Ole Skredderberget i aksjon.
Dagleg leiar i Glitre Bil, Dagfinn Brøto, har aldri angra på at han og arbeidskameratane gjorde det rette då dei sa nei takk til å bli med i eit storkonsern og starta sitt eige bilfirma for ti år sidan.
Dagleg leiar i Glitre Bil, Dagfinn Brøto, har aldri angra på at han og arbeidskameratane gjorde det rette då dei sa nei takk til å bli med i eit storkonsern og starta sitt eige bilfirma for ti år sidan.
F.v. Kjartan Haugen, Knut Ole Skredderberget, Vidar Øynebråten, Roy Hansen, Knut Ole Gaptjern, Vegard Corneliussen, Dagfinn Brøto og Arne Ødegård.
F.v. Kjartan Haugen, Knut Ole Skredderberget, Vidar Øynebråten, Roy Hansen, Knut Ole Gaptjern, Vegard Corneliussen, Dagfinn Brøto og Arne Ødegård.

{{imageLeft}}

ARBEIDSSTABEN og eigarstrukturen har vore uvanleg stabil. Seks av dei sju som var med frå starten er framleis med. Ein har selt seg ut og slutta. To nye har kome til, og er i ferd med å bli medeigarar.

No er Glitre Bil bokstaveleg tala herrar i eige hus. Fyrste åra held dei til i leigde lokale på Glitre. No eig dei sine eigne lokale med både verkstad, bilforretning og rekvisitabutikk.

– Var det ikkje risikabelt å gje avkall på ein sikker arbeidsplass i eit stort konsern og starte for seg sjølve?

– Hovudtanken var at me ville eige arbeidsplassen vår. Bilia-konsernet vart for stort. Prisfordelane ved å vera i eit konsern blir fort oppetne av kostnadene, etter vår oppfatning, seier Brøto.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fordelar ved å starte eige firma?

– Me hadde jobba saman lenge, visste kva me stod for og kjende kvarandre godt, både sterke og svake sider. Det er nok ein viktig grunn til at me har lykkast. Me er nesten som ein familie, går godt saman og dreg i same retning, seier Brøto.

{{imageLeft}}

KÅRINGA SOM GASELLE-BEDRIFT i 2011 er eit godt døme på at karane i Glitre Bil gjorde rett då dei starta eige bilfirma. For å bli gasellebedrift må ein doble omsetninga frå året før.

– Me har hatt stø kurs, omsetninga har vore jamt stigande og var i underkant av 20 millionar kroner i fjor. Det er viktig å tene pengar, men trivsel på arbeidsplassen er vel så viktig. Me har ikkje noko mål om å vekse og bli størst mogeleg. Det viktigaste er at bedrifta går godt. Me er lykkelege som små og med å ha ein trygg og sikker arbeidsplass, seier Brøto.

KIA ER EINASTE NYBILMERKET Glitre Bil forhandlar i dag. I tillegg sel dei bruktbilar, har verkstad og rekvisitabutikk .

– Beste lønsemda er i verkstaden, seier Dagfinn Brøto.

– Vurderer de å utvide med filialar i andre kommunar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, me har ikkje planar om det. Me har det best med å drive som me har gjort. •