annonse

Døve-TV på NRK

BUR SEG
BUR SEG: Programleiar Svein Arne Peterson (t.h.) og dagleg leiar Ivar Sletto førebur seg til sending i TV-studio til Døves Video på Bakketeigen i Ål.
HD201410141109997V1.jpg

Bakketeigen, Ål; 2. november 1988.

«Døves Video skal frå nyttår sende eit fast magasinprogram i NRK. Programmet har døve, og spesielt dei som har vanskeleg for å lesa, som hovudmålgruppe. Men også høyrande kan ha nytte av programma. Avtalen med NRK gjer at kringkastinga skal kjøpe ein halv times program kvar månad». (Hallingdølen, 5. november 1988)

«Denne avtalen gjer det mogleg for oss å nå ut til eit langt breiare publikum. Så langt har Døves Video berre produsert magasinprogram til faste abonnentar, seier dagleg leiar av Dløves Video, Ivar Sletto». (Hallingdølen, 5. november 19988)

«Enno kan ikkjwe er ikkje magasinprogrammet ferdig utformas og Sletto kan ikkje seie så mykje om innhaldet.

– Våre program må lagast på ein anna måte enn TV for høyrande. Vi må bruke lenger tid på å presentere ei sak, mellom anna fordi reportasjebilete og kommentarar ikkje kan leggjast over kvarandre, sa Sletto.

På Bakketeigen var det fire fast tilsette i Døves Video, som måtte leige inn ekstra folk til prosjektet, som elles var statsfinansiert.

«- Vi er ikkje redde for at programma våre ikkje held mål kvalitetsmessig. At me no får plass på riksnettet og når ut til ei mykje større målgruppe, skaper ikkje særleg prestasjonsangst, seier Ivar Sletto». (Hallingdølen 5. november 1988)

Døves Video la ned drifta 2009, og avleggjaren Døves Media flytta frå Ål til Oslo året etter.