Det vert nok ingen fottur

«Allaha akbar, Gud er stor», gjalla det over audemarka sør i Afghanistan. Krigarane retta sine strenge blikk mot Mekka – og det var ein utruleg vakker kveld.

Dette var i 1984, og eg var på rundreise i delar av Afghanistan. Stort sett reiste vi om natta, og heldt oss i ro medan sola var oppe. Og frå første stund var det ein ting som var tindrande klart: Her hadde Sovjetunionen skaffa seg eit skikkeleg problem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Afghanistan har alltid vore langtvekkistan, det er eit fargerikt og spanande konfliktområde. Ei natt møtte vi ein eldre kar i eit vegkryss, han var på jakt med falken sin og melde at dersom vi køyrde rett fram, så ville vi hamne midt i ein sovjetisk militærleir. Vi tok derfor ein varsam høgresving.

Det var her eg fall for Afghanistan. Eg sat nede ved elva, høyrde og såg på skjelvande ospeblad, fylgde sola på veg ned mot mørke og kveld, og kom med nokre glade ord til gutane og jentene som sidan morgonstunda hadde passa krøtter og småfe. Dei eldste hadde våpen med seg.

Dette er audemark, men det veks litt gras og nokre tre langs elva. Det gir livd og næring. Dessutan oppdaga eg at dette var eit vakkert landskap.

Eg sa det ikkje til nokon, men tok ei avgjerd: Ein dag skal eg attende til dette landet, eg skal sjå nærare på det av di det er så vakkert, og eg skal gå på tur mellom høge fjell og eg skal nyte både fred og ro.

Men no er vi komne langt ut i livet, og eg likar å meine at krigen i Afghanistan starta med kommunistkuppet våren 1978. Så kom andre kommunistar til makta etter invasjonen jula 1979 og deretter har det berre bala på seg. Er vi i stand til å skjøne kor øydeleggande dette er? Vi har høyrt om Trettiårskrigen, og her kjem slike krigar på rekke og rad. Tek det aldri slutt?

Under krigane på Balkan køyrde eg saman med ein kollega frå NRK, og langsetter vegen låg det branntomt etter branntomt. Serberane hadde svidd av husa til kroatane og omvendt. Vi køyrde frå Split i Kroatia til Bosnia.

«Et vakkert land, bare dumt å ødelegge det», sa kollegaen.

På Balkan er attreisinga i gang, men det går seint. I Afghanistan er dei ikkje ferdige med øydelegginga. Det var ein god plan med fjelltur dit!

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg sa det ikkje til nokon, men tok ei avgjerd: Ein dag skal eg attende til dette landet.