Den første framsida av Hallingdølen i tabloidformat, laurdag 14. oktober 1995.
Den første framsida av Hallingdølen i tabloidformat, laurdag 14. oktober 1995.

Den nye tid

Ål; 14. oktober 1995.

«Endeleg er me i mål» stod det på framsida av Hallingdølen laurdag 14. oktober 1995.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Frå og med dette nummeret kjem Hallingdølen i tabloidformat. Dagens nummer byr på fleire nye spalter som blir å finne fast i kvart nummer framover». (Hallingdølen, 14. oktober 1995)

Det var ein stor dag som vart skikkeleg markert. Og alle i Hallingdølen kunne sjå attende på målbevisst arbeid og ein frisk innspurt:

«Me har arbeidd med omlegginga i eitt år. Greidd ut, vurdert, analysert, prøvd, feila og prøvd igjen, forkasta og godkjent. Heile avishuset har vore med. I dag er me ved målet. Sensuren fell. Sensorar er alle lesarane våre». (Hallingdølen 14. oktober 1995)

Det fanst dei som var skeptiske til at Hallingdølen skulle går bort frå det gamle fullformatet og bli tabloid. På leiarplass kom redaktør Sigbjørn Tormodsgard med denne forsikringa:

«Hallingdølen skal, som før, vera lokalavisa for, om og med Hallingdal. Hallingdølen skal ikkje bli noko Dagbladet eller VG. Hallingdølen skal vera seriøs og ordentleg, men ikkje kjedeleg. Offensiv og frisk, men ikkje usann og spekulativ», (Hallingdølen 14. oktober 1995)

Og inne i avisa svara Tormodsgard på 24 konkrete spørsmål frå lesarane. Eit av dei var «Ventar du at nokon seier opp avisa i protest?».

Svaret var klart og greitt: Nei.