Dei usynlege fattige

To gonger har eg dekt presidentvalet i USA. Siste gongen var då George W. Bush vart attvald i 2004. Fyrste gongen då Bill Clinton slo far hans i 1992.

Kvar gong har eg vore innom ei kyrkje som ligg midt i hovudstaden. Du ser kuppelen på Capitol frå gata utanfor kyrkja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men 3rd Street Church of God ligg ikkje i det fine strøket av byen. Då eg kom dit tidleg om morgonen den fyrste gongen, stod det ein ruskut flokk og venta utanfor kyrkja – fleire av dei tydeleg merkte av at dei budde på gata.

Eg skulle hjelpe til med å servere frukost for dei. Eg stod inne i det dampande kjøkkenet og lempa eggerøre på tallerknane, medan ein eldre kar spelte blues på eit ustemt piano. Eg kom i snakk med ein ung gut i ein genser som hadde vore kvit. Han fortalde at han livnærte seg med å vaske rutene på bilar som stoppa på raudt. Han ville gjerne reise til Syracuse, der han hadde ein bror. Til det trong han 50 dollar. Eg hadde sjølv ein bror i Syracuse. Så neste dag hadde eg 50 dollar i lomma. Men han kom ikkje.

Tidlegare på sumaren hadde det vore store opptøyar i Los Angeles, der svart ungdom gjekk til åtak på politiet. Arbeidsløyse, fattigdom og politivald var det dei klaga på. Men i valkampen var det ingen som snakka om dei fattige. Både Bill Clinton og George Bush sr. skulle vinne middelklasseveljarane.

Eg hadde intervjuavtale med ein av leiarane i Christian Coalition – ein politisk organisasjon stifta av fjernsynspredikanten Pat Robertson. Medan eg venta utanfor restauranten kom eg i snakk med ein uteliggar som sat utanfor. Han sat og las i Bibelen. Han peika på kongressbygningen over gata og sa: Veit du kven som bygde den? Det var mine svarte brør. Men kva har vi fått att?

Då eg sat inne på restauranten med den kristne leiaren, kunne vi sjå karen med Bibelen sitte utanfor. Kva gjer de for dei fattige i landet? spurde eg. Svaret var at dei fattige var ikkje nokon sak for politikken. Det fekk kyrkjene ta seg av. Velferdsordningar ville berre føre til at fleire ikkje brydde seg med å arbeide.

Då eg kom att i 2004, hadde 3rd street Church of God fått kvinneleg pastor. Cheryl Sanders fortalde at ho hadde møtt president Bush, som hadde invitert svarte kyrkjeleiarar til Det kvite hus.

– Då sa eg til han at Gud bryr seg om dei fattige, så det burde du og gjere. Men han har ikkje gjort noko, sa ho.

I kjellaren på kyrkja serverte dei framleis frukost til dei fattige. Det var fleire av dei no enn 12 år tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen av kandidatane bryr seg om dei fattige. Dei røystar ikkje og dei gjev ikkje pengar til valkampen, sa pastor Sanders.

No har USA hatt svart president i åtte år. Han vart vald for å skape forandring. Noko har han endra til det betre. Men framleis er det opptøyar mot politivald mot svarte, og framleis vert dei dårlege kåra dei lever under trekt fram etterpå. Men Hillary Clinton og Donald Trump snakkar om andre ting.

Eg skal ikkje til USA og 3rd street Church of God i år. Men eg er nokså sikker på at dei fattige framleis står og ventar på frukosten utanfor kyrkja kvar morgon.