annonse

Då OL-elden kom til Gol

I MÅL
I MÅL: OL-elden kjem til Gol. Skøyteløparen Esther Stølen sprang siste etappen med elden, og Karin Akerlie bar bodstikka.
:
HØGTIDELEG
HØGTIDELEG: Ordførar Per Liahagen tok imot OL-elden og heldt ein kort tale.
FLAMMA OPP
FLAMMA OPP: Den store augneblinken kom då Arne Gjengedal Hesla tende sjølve flammen i flammetårnet.

GOL; 14. desember 1993

«Så kom OL-elden til Hallingdal. Frå reisa langs kysten, til og med ut på Statfjordfeltet, fekk fakkelen på ny oppleve vinteren då den kom til Hallingdal». (Hallingdølen 14. desember 1993)

Det var 25 kuldegrader då fakkelen kom til Gol på sin veg frå Morgedal til Lillehammer.

«Det var eit knippe av dei fremste idrettsutøvarane i Hallingdal som frakta fakkelen fram til seremoniplassen. Alpinisten Rune Hagaeie, langrennsjenta Siw Visnes, handikaputøvaren Knut Markegård og skøytejenta Esther Stølen sprang dei fire siste etappane opp gjennom sentrum.»

«Ein tydeleg stolt ordførar Per Liahagen hadde æra av å ta imot elden og rekke fakkelen vidare til Arne Gjengedal Hesla. Liahagen helsa OL-elden velkomen til Gol og Hallingdal med ein svært velformulert, nesten personleg tale. Han understreka at fakkelen no er i den gamle slåstkjempa Rotneims-Knut si bygd. – Men OL er fredeleg kappestrid mellom ungdom frå ulike land, understreka han».

«Høgdepunktet var då Arne Gjengedal Hesla, Gol IL sin einaste nolevande æresmedlem, lyfta OL-fakkelen over flammetårnet. Folk heldt pusten i nokre få sekund. Deretter loga OL-elden i Hallingdal. Applausen hamra frå tusen vottepar», skreiv kollega Oje Bøthun i avisa. (Hallingdølen 14. desember 1993)