Helseminister Bjarne Håkon Hanssen kom til Ål og vart tatt imot av administrasjonssjef Reidar Aasheim ved Hallingdal sjukestugu..
Helseminister Bjarne Håkon Hanssen kom til Ål og vart tatt imot av administrasjonssjef Reidar Aasheim ved Hallingdal sjukestugu..

Då Helse-Hanssen kom

Ål; 16. desember 2008.

I rekka av helseministrar som har besøkt Hallingdal sjukestugu, kom Bjarne Håkon Hanssen (Ap) i desember 2008. Han kom ikkje åleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Forutan ministeren og fylgjet hans og helsedirektøren, deltok det ei rekkje representantar for universitets- og høgskulemiljøet og sjukehusvesenet. Presidenten for legeforeininga var der, like eins fylkesmannen og fylkeslegen – og sjølvsagt lokale og regionale gjester». (Hallingdølen 18. desember 2008)

Hanssen vart, som alle før han, imponert.

«Helseminister Bjarne Håkon Hanssen og ekspertgruppa hans likte det dei såg og høyrde på Hallingdal sjukestugu tysdag. Ministeren gav uttrykk for at han var imponert».

Sjukestugu er trygg, forsikra Bjarne Håkon Hanssen.
Sjukestugu er trygg, forsikra Bjarne Håkon Hanssen.

Men likevel er mange urolege for kva byråkratar med reknemaskin kan finne på når neste års budsjett skal snekrast i hop. Det ligg difor alltid ein liten uro i bakgrunnen når det gjeld sjukestugu. Kan den bli nedlagt?

«Det er ikkje snakk om nedlegging av Hallingdal sjukestugu. Helseministeren avviser slike tankar kontant». (Hallingdølen 18. desember 2008)

«Me reiser ikkje til Ål for å sjå og lære, for i neste omgang å legge ned institusjonen. Dette er tvert imot eksempel på ein type behandlingsinstitusjon som me må få fleire av og som me må forsterke i framtida, sa ministeren». (Hallingdølen 18. desember 2008)

Under dette besøket stod Hanssen for den offisielle opninga av prosjektet Hallingforsk. Han deltok også på eit ope møte i Ål kulturhus, med den tilstundande samhandlingsreformen som tema.

Bjarne Håkon Hanssen hadde ulike ministerpostar i åra 2000–2009. Som landbruksminister pådrog han seg tilnamnet Pølse-Hanssen. Som helseminister vart han Helse-Hanssen. Og etter at han i 2009 gjekk over til PR-bransjen, er han no First House-Hanssen.